MENY

Får mykje igjen for å ta master

På masterstudiet i barnehagevitskap lærer Merita Gashi både av dei som driv undervisninga, men også av erfarne medstudentar som deler erfaringer og gode råd.

Bilde av smilende ung kvinne med langt hår.

- Eg er yngst i kullet, men angrar ikkje på at eg begynte på master allereie to år etter at eg var ferdig utdanna barnehagelærar.

Orda kjem frå Merita Camil Gashi.  26-åringen er i gang med 3. semester på mastergraden i barnehagevitskap ved Universitetet i Stavanger (UiS)

- Medstudentane mine er meir erfarne. Dei har jobba fleire år i barnehagefeltet, og har mange gode råd, tips og erfaringar å dele med meg! Eg lærer mykje gjennom erfaringsdeling, i tillegg til at eg får bygge eit nettverk med styrarar og barnehagelærarar frå ulike barnehagar.

Frå teori til praksis

Til dagleg jobbar Merita som pedagogisk leiar i ein barnehage på Sandnes. Ho søkte seg inn på mastergraden ved UiS for å få meir kunnskap som ho kan ta med seg tilbake ut i praksis.

- På masterstudiet lærer eg meir om korleis vi skal knytte teori til praksis, om profesjonalitet og det å vere ein leiar i barnehagen. Dette er ting eg tar rett med meg inn i kvardagen i barnehagen der eg jobbar.

Barnehagelæraren lærte mykje om å det å vere leiar allereie i grunnutdanninga, og likar at ho no får utfyllande kunnskap om dette på masternivå.

- Det var krevjande for meg å ta leiarrolla innleiingsvis, men vi vart drilla på det i praksis. No når eg har jobba nokre år ser eg det som ein naturleg del av arbeidet som pedagogisk leiar. På masteren lærer vi også meir om korleis vi kan vere gode rettleiarar for andre til sette i barnehagekvardagen, og neste semester skal vi i gang med endringsleiing som eit av emna på masteren. Det er også svært nyttig!

Brenn for dei fleirkulturell borna

Merita kjem sjølv frå ein fleirkulturell bakgrunn i Kosovo, og kom til Noreg som 6-åring.

- Barnehagen eg jobbar i er fleirkulturell, og eg brenn for ungar som må navigere eit landskap med fleire kulturar. Eg vil gi dei eit best mogleg grunnlag for å bli trygge samfunnsborgarar som er likestilte og kan uttrykke meiningane sine.

Ho meiner det er viktig å vere vaksne rollemodellar som viser at det å vere fleirkulturell er ein ressurs.

- Som pedagogisk leiar kan eg gjere ein forskjell for barn som skal integrere seg i norsk kultur. Gjennom jobben treff eg på mange ulike familiar som stiller med svært ulike utgangspunkt. Ein viktig del av arbeidet er difor også rettleiing og bevisstgjering av foreldre til ungar i barnehagen.

Godt studiemiljø

Ho likar ikkje berre ny kunnskap, men også å bli kjent med nye menneske.

- Eg er sosial, og har stor glede av studiemiljøet ved UiS. Ikkje berre på barnehagevitskap, men også det å bli kjent med studentar frå andre fagmiljø. Stavanger har vore ein god studentby for meg, både under bacheloren og no når eg tar master. Kullet vårt på barnehagevitskap treffest også jamleg sosialt i tillegg til dei faglege treffpunkta, som førelesingar og prosjektarbeid, avsluttar Merita C. Gashi.