MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.


Kunnskapsområdet Språk, tekst og matematikk (STM) bygger på faga norsk, matematikk og pedagogikk.

Læringsutbytte

Etter å ha gjennomført kunnskapsområdet skal studenten ha tilegnet seg følgende:
Kunnskap
Studenten har kunnskap om:
  • barns munnlege og skriftlege språkbruk, deira språk- og kommunikasjonsutvikling, ulike kommunikasjons - og samspelsmønster og kva tyding desse mønstra kan ha for barns høve til medverknad og læring
  • språkleg mangfald i samfunnet og ulike former for fleirspråkleg utvikling hos barn
  • skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå ulike munnlege kulturtradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar
  • barns matematiske utvikling, matematiske område som er relevante for barn, og om matematikk som verktøy for systematisk utforsking, problemløysing og tenking
  • verdien leiken og barns språklege miljø har for barns tileigning av både språk og matematikk
  • samanhengen mellom barnehage og skule når det gjeld språk, tekst og matematikk og faglege problemstillingar knytt til denne overgangen
  • korleis ein kan observere, vurdere, leggje til rette for og følgje opp barns språk- og matematikkutvikling, dokumentere språk- og matematikkmiljøet i barnehagen og kunne gjere greie for korleis språkleg utvikling heng saman med barns ulike språklege miljø

Ferdigheter
Studenten kan:
  • bruke kunnskap om kommunikasjon og samspel til å leie og leggje til rette for barns leik, undring og læring
  • fremje ulike fleirspråklege utviklingar hos barn og skape språkleg nysgjerrighet hos barn, tilsette og foreldre
  • inspirere og støtte barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske og språklege problem, symbol og samanhengar
  • organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og kunne tilpasse dei faglege opplegga til ulike behov hos barn
  • vurdere ulike kulturprodukt og fagdidaktisk materiell for barn for å kunne foreta medvetne val med tanke på å sikre kvalitet og danning i tekstformidlinga
  • bruke digitale verktøy på ein profesjonsfagleg måte i arbeid med kunnskapsområdet

Generell kompetanse
Studenten kan:
  • reflektere over eigen kommunikasjon og samspel med barn ut frå eit yrkesetisk perspektiv
  • stille seg analytisk og kritisk vurderande til eigen didaktisk praksis
  • bidra i fagdidaktiske diskusjonar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til kunnskapsområdet
  • meistre norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) og bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng
  • vurdere og anvende ulike typar kommunikasjonssjangrar og medium, analoge og digitale, i samarbeidet med tilsette, føresette og andre relevante samarbeidspartnarar

Innhald

Kunnskapsområdet Språk, tekst og matematikk (STM) bygger på faga norsk, matematikk og pedagogikk. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap. Undervisninga tar blant anna utgangspunkt i teoriar om barns språklege og matematiske utvikling, om barnehagen som arena for kultur, leik og læring og om overgangen frå barnehage til skule. I kunnskapsområdet blir også fagleg-pedagogiske problemstillingar og diskusjonar omkring kartlegging, dokumentasjon og vurdering i barnehagen drøfta.

Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og bygge på fagdidaktisk forsking. Kunnskapsområdet famnar tre sentrale tema:
  • Språk, språkutvikling, barnekultur, barnelitteratur og andre medietekstar
  • Tal, rom og form
  • Samanheng barnehage-skule (eit tverrfagleg prosjekt med kunnskapsområdet Barns utvikling, lek og læring)

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Heimeeksamen og munnleg eksamen
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Individuell heimeeksamen1/2 A - FAlle.
Individuell munnleg eksamen1/230 minutterA - FInga hjelpemiddel tillate
Individuell heimeeksamen. Omfang: 3000 ord (+/- 10 %).
Individuell munnleg eksamen. Omfang: Inntil 30 min.
Studenten må ha bestått begge vurderingsdelane for å få endeleg karakter i emnet.
Konsekvensar av ikkje bestått/ikkje gjennomført eksamen seinest ved utsett( konte) eksamen: Dette betyr at studenten må ta ny eksamen med etterfølgjende kull, basert på den emneplan som gjeld for dette kullet.
Om ein kandidat fremstiller seg til ny ordinær prøving, gjeld det pensum og den prøvingsformen som er fastsett for den aktuelle prøvinga (Forskrift om studier og eksamen § 2-9 pkt. 3).

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

1 fleirfagleg gruppeoppgåve, 2 gruppeoppgåver, 1 skriftleg skisse til individuell oppgåve, 1 fleirfagleg oppgåve knytt til gjennomført barnehagepraksis, Barnelitterær pensumliste, Obligatorisk deltaking. Minimum 80 %
Spesifisering av arbeidskrav:
1 individuell faglogg: Målform: Nynorsk. Omfang 400 ord (+/- 10 %).
1 fleirfagleg gruppeoppgåve:knytt til barnehagepraksis. Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.
2 gruppeoppgåver. 1 av oppgåvene er knytt til norskfagleg emne og 1 til matematikk. Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.
1 skriftleg skisse til individuell oppgåve knytt til norsk- og matematikkfaglege emne og erfaringar frå barnehagepraksis. Valfri målform. Omfang: 1000 ord (+/-10%). Obligatorisk rettleiing. Valfri målform
1 fleirfagleg oppgåve knytt til gjennomført barnehagepraksis. Valfri målform.
Barnelitterær pensumliste. Liste over barnelitteratur etter eige val.
Alle obligatoriske krav må være gjennomført og godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Studentar som får éin eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, gis muligheit for ein ny innlevering av oppgåvene i omarbeida form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Ove Bergersen
Praksiskoordinator
Lena Forus , Birte Berg
Studiekoordinator
Karin Berner

Arbeidsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar, seminar, gruppearbeid, digitale ressursar og rettleiing. Faglærarane vil ikkje gå gjennom alt fagstoffet/pensum, så ein del av dette må studentane arbeide med på eiga hand.

Både undervisning og anna læringsarbeid i emnet skal kvalifisere studentane til å bli reflekterte og engasjerte barnehagelærarar. Studentane sin eigenaktivitet i form av teoristudium, munnleg og skriftleg analyse av teori og praksis, og framlegg av ulik art, er sentrale aktivitetar i denne samanhengen. Det vil i dette kunnskapsområdet bli brukt ulike undervisningsmetodar, og undervisninga vil gå føre seg både i små og større grupper eller samla. Seminar med munnlege framlegg og prosess-skriving, der studentane også skal gi kvarandre respons, vil bli vektlagt som undervisningsaktivitet og er obligatorisk. Innhaldet i dei einskilde oppgåvene vil bli nærare presisert i semesterplanane.

Det kan etter søknad innan oppgitte fristar gjevast fritak frå skriving i ei av målformene i norsk for studentar som ikkje har vurdering i begge norske målformer frå vidaregåande opplæring og for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritaket skal førast på vitnemålet.

Praksis utgjer ein integrert del av kunnskapsområdet. Sjå kapitel om praksis, samt eigen praksisplan.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språk, tekst og matematikk (BBD210_3) 20

Ope for

Barnehagelærar - bachelorstudium -deltid

Emneevaluering

Det blir gjennomført studentevalueringer etter rutinene for kvalitetsarbeid ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved UiS.

Litteratur


Lenke til pensumlitteratur


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.

Sist oppdatert: 18.09.2020