MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Kunnskapsområdet Språk, tekst og matematikk (STM), kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap.

Læringsutbytte

Etter å ha gjennomført kunnskapsområdet skal studenten ha tilegnet seg følgende:
Kunnskap
Studenten har kunnskap om:
  • barns munnlege og skriftlege språkbruk, deira språk- og kommunikasjonsutvikling, ulike kommunikasjons - og samspelsmønster og kva tyding desse mønstra kan ha for barns høve til medverknad og læring
  • åkleg mangfald i samfunnet og ulike former for fleirspråkleg utvikling hos barn ønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå ulike munnlege kulturtradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar

barns matematiske utvikling, matematiske område som er relevante for barn, og om matematikk som verktøy for systematisk utforsking, problemløysing og tenking
  • verdien leiken og barns språklege miljø har for barns tileigning av både språk og matematikk
  • samanhengen mellom barnehage og skule når det gjeld språk, tekst og matematikk og faglege problemstillingar knytt til denne overgangen
  • korleis ein kan observere, vurdere, leggje til rette for og følgje opp barns språk- og matematikkutvikling, dokumentere språk- og matematikkmiljøet i barnehagen og kunne gjere greie for korleis språkleg utvikling heng saman med barns ulike språklege miljø

Ferdigheter
Studenten kan:
  • bruke kunnskap om kommunikasjon og samspel til å leie og leggje til rette for barns leik, undring og læring
  • fremje ulike fleirspråklege utviklingar hos barn og skape språkleg nysgjerrighet hos barn, tilsette og foreldre
  • inspirere og støtte barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske og språklege problem, symbol og samanhengar
  • organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og kunne tilpasse dei faglege opplegga til ulike behov hos barn
  • vurdere ulike kulturprodukt og fagdidaktisk materiell for barn og for å kunne foreta medvetne val med tanke på å sikre kvalitet og danning i tekstformidlinga bruke digitale verktøy på ein profesjonsfagleg måte i arbeid med kunnskapsområdet

Generell kompetanse
Studenten kan:
  • reflektere over eigen kommunikasjon og samspel med barn ut frå eit yrkesetisk perspektiv
  • stille seg kritisk vurderande til eigen didaktisk praksis
  • bidra i fagdidaktiske diskusjonar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til kunnskapsområdet
  • meistre norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) og bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng

Innhald

Undervisninga tar blant anna utgangspunkt i teoriar om barns språklege og matematiske utvikling, om barnehagen som arena for kultur, leik og læring og om overgangen frå barnehage til skule. I kunnskapsområdet blir også fagleg-pedagogiske problemstillingar og diskusjonar omkring kartlegging, dokumentasjon og vurdering i barnehagen drøfta.
Kunnskapsområdet bygger på faga norsk, matematikk og pedagogikk. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og bygge på fagdidaktisk forsking. Kunnskapsområdet famnar tre sentrale tema:
  • Språk, språkutvikling, barnekultur, barnelitteratur og andre medietekstar
  • Tal, rom og form
  • Samanheng barnehage-skule (eit tverrfagleg prosjekt med kunnskapsområdet Barns utvikling, lek og læring)

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Heimeeksamen og munnleg eksamen
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Individuell heimeeksamen1/2 A - FAlle.
Individuell munnleg eksamen1/230 minutterA - FInga hjelpemiddel tillate
Individuell heimeeksamen. Omfang: 3000 ord (+/- 10 %).
Individuell munnleg eksamen. Omfang: Inntil 30 min.
Studenten må ha bestått begge vurderingsdelane for å få endeleg karakter i emnet.
Konsekvenser av ikke bestått/ikke avlagt eksamen senest ved utsatt( konte) eksamen: Dette innebærer at studenten må ta ny eksamen med etterfølgende kull, i henhold til eventuelt revidert emnebeskrivelse.
Hvis en kandidat fremstiller seg til ny ordinær prøving, gjelder det pensum og den prøvingsformen som er fastsatt for den aktuelle prøvingen (Eksamensforskriften, § 2-9 pkt. 3).

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Individuell faglogg knytt til litteraturseminar, 3 gruppeoppgåver, 1 skriftleg skisse, 1 fleirfagleg oppgåve knytt til gjennomført barnehagepraksis, Barnelitterær pensumliste, Obligatorisk deltaking 80 %, Fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til grunnskolepraksis

Spesifisering av arbeidskrav:

1 individuell faglogg knytt til litteraturseminar. Målform: Nynorsk. Omfang: 400 ord (+/- 10 %).

1 fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til barnehagepraksis. Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.

3 gruppeoppgåver. 2 av oppgåvene er knytt til norskfagleg emne og 1 til matematikk. Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.

1 skriftleg skisse til individuell oppgåve knytt til norsk- og matematikkfaglege tema og erfaringar frå barnehagepraksis. Oppgåva skal studenten arbeide vidare med og levere inn som heimeeksamen. Valfri målform. Omfang: 1000 ord (+/10 %). Obligatorisk rettleiing.

1 fleirfagleg oppgåve knytt til gjennomført barnehagepraksis. Skjema for logg i praksis.

Barnelitterær pensumliste. Liste over barnelitteratur etter eige val.

1 fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til grunnskulepraksis og prosjekt (STM/BULL). Delar av undervisninga vil vere obligatorisk (minimum 80 %). Dette vil kome fram av semesterplanen.

Alle obligatoriske krav må være gjennomført og godkjent for å kunne gå opp til eksamen.

Studenter som får én eller flere av oppgavene vurdert til ikke godkjent ved første innlevering, gis mulighet for én ny innlevering av oppgavene i bearbeidet form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Ellen Tveit , Francesca Granone
Faglærar
Katarzyna Anna Tunkiel , Hans Borge
Studieprogramleder
Anne Kristine Solberg Runestad
Praksiskoordinator
Bjørg Danielsen Jølbo , Lena Forus
Studiekoordinator
Karin Berner

Arbeidsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar, seminar, gruppearbeid og rettleiing. Faglærarane vil ikkje gå gjennom alt fagstoffet/pensum, så ein del av dette må studentane arbeide med på eiga hand.
Både undervisning og anna læringsarbeid i emnet skal kvalifisere studentane til å bli reflekterte og engasjerte barnehagelærarar. Studentane sin eigenaktivitet i form av teoristudium, munnleg og skriftleg analyse av teori og praksis, og framlegg av ulik art, er sentrale aktivitetar i denne samanhengen. Det vil i dette kunnskapsområdet bli brukt ulike undervisningsmetodar, og undervisninga vil gå føre seg både i små og større grupper eller samla. Seminar med munnlege framlegg og prosess-skriving, der studentane også skal gi kvarandre respons, vil bli vektlagt som undervisningsaktivitet og er obligatorisk. Innhaldet i dei einskilde oppgåvene vil bli nærare presisert i semesterplanane.
Det kan etter søknad innan oppgitte fristar gjevast fritak frå skriving i ei av målformene i norsk for studentar som ikkje har vurdering i begge norske målformer frå vidaregåande opplæring og for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritaket skal førast på vitnemålet.
Praksis utgjer ein integrert del av kunnskapsområdet. Sjå eigen praksisplan.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språk, tekst og matematikk (BBL210_2) 20

Ope for

Barnehagelærar - bachelorstudium

Emneevaluering

Det blir gjennomført studentevalueringer etter rutinene for kvalitetsarbeid ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved UiS.

Litteratur

Bøker:

Birkeland, T., Mjør, I. & Teigland, A.S. (2018). Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar (kap. 3-7 + s. 14-21 og 178-185). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. 138 s.

Davidsen, H. S., Løge, I. K., Lunde, O., Reikerås, E. & Dalvang, T. (2008). MIO: Matematikken, individet, omgivelsene: Håndbok. [Oslo]: Aschehoug. 48 s.

Høigård, A. (2019). Barns språkutvikling: Muntlig og skriftlig (4. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. 340 s.

Solem, I. H. & Reikerås, E. K. L. (2017). Det matematiske barnet. Bergen: Caspar Forlag. 298 s.

Solstad, T. (2018). Les mer! Utvikling av lesekompetanse i barnehagen (2. utg.) (kap. 1 og 3 + s. 86-119). Oslo: Universitetsforlaget. 105 s.

Nett:

Fast, C. & Holmgaard, A. (2010, september). Symboler og bilder – viktiga inslag i barns tidiga läs- och skrivutvecling. I Viden om læsning. (8) s.1-5. Hentet fra: http://www.videnomlaesning.dk/media/1618/fast-og-holmgaard.pdf (5 s.)

Matematikksenteret, Barnelitteratur. https://www.matematikksenteret.no/barnehage/kompetanseutvikling-i-barnehagen/kompetanseutvikling-i-barnehagen/barnelitteratur

Nakken, A. H. (2017, januar). Matematiske samtaler i barnehagen. Matematikksenteret. Hentet fra https://www.matematikksenteret.no/sites/default/files/attachments/page/Matematiske%20samtaler%20i%20barnehagen.pdf (6 s).

Wagner, Å. K. H. (12.06.2015). Minoritetsspråklige barnehagebarn. Lesesenteret. Hentet fra http://lesesenteret.uis.no/article.php?articleID=85573&categoryID=13884 (3 s.)

Kompendium:

Fauskanger, J. & Davidsen, H. S. (2009). Regning før og ved skolestart. I J. Fauskanger, R. Mosvold & E. Reikerås (Red.), Å regne i alle fag (s. 34-43). Oslo: Universitetsforlaget. 9 s.

Alfheim, I. (2018). «Den hadde vi i barnehagen, vi». Om lesemiljø og lesestunder i barnehagen, skolefritidsordningen og på skolen. I C. D. Fodstad, C. Munch, B. Ø., Semundseth, M. & I. Alfheim (Red.), Språklæring det siste året i barnehagen (s. 75-96) Oslo: Universitetsforl. 22 s.

Hoel, T. (2018). Arne spiller dataspill. Literacypraksiser forut for og utenfor den formelle opplæringen». I L. R. Waage & M. Rogne (Red.), Multimodalitet i skole og fritidstekster (s. 197-207). Landslaget for norskundervisning/Fagbokforlaget. 11 s.

Karsrud, F. T. (2014). Muntlig fortelling i barnehagen: En vei til danning, livsmot og literacy (s. 134-154). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. 21 s.

Kolle, T., Larsen, A. S. & Ulla, B. (2017). Å gripe dokumentasjoner og føre diskusjoner. I Pedagogisk dokumentasjon – inspirasjoner til bevegelige praksiser (s. 97-110). Bergen: Fagbokforlaget. 14 s.

Lunde, O. (2004). Har eleven matematikkvansker – og hva skal vi gjøre for å oppnå mestring? I: Skolepsykologi nr1/2004: s. 17-33. 16 s.

Mosvold, R. (2012). Førskolelærerens utfordringer knyttet til arbeidet med antall, rom og form i barnehagen. I M. Alvestad & T. Vist (Red.), Læringskulturer i barnehagen: Flerfaglige forskningsperspektiver (s. 92-114). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. 22 s.

Reikerås, E. K. L. (2018). Utviklingsspor av matematikk hos de yngste barnehagebarna. I: Utvikling, lek og læring i barnehagen - forskning og praksis. Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-2387-9. s. 447-460.

Skjeldestad, K. (2010). Regneark som administrativt verktøy. I A. Bergersen, H. Gjerde & S. Helland (Red.), Digital kompetanse i barnehagen (kap. 9). Bergen: Fagbokforlag. 20 s.

Smidt, J. (2013). Barns vei til literacy. I M. Semundseth & M. H. Hopperstad (Red.), Barn lager tekster – om barns tidlige tekstproduksjon og de voksnes betydning (s. 15-28). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. 13 s.

Traavik, H. (2013). Den tidlige lese- og skriveutviklinga. I H. Traavik & B. K. Jansson (Red.), Norskboka 1: Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7 (kap. 2). Oslo: Universitetsforlag. 15 s.

Skjønnlitterært pensum (både bokmål og nynorsk skal vere representert)

Eit utval barnelitterære tekstar som representerer ulike sjangrar og medium.

Offentlege dokument og tilrådd lesnad:

Utdanningsdirektoratet. (2013). Språk i barnehagen: Mye mer enn bare prat. Lokalisert på https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/sprak-i-barnehagen--mye-mer-enn-bare-prat/

Utdanningsdirektoratet (2017). Rammeplan for barnehagen. Lokalisert på https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/

Alfheim, I. & Fodstad, C. D. (2014). Skal vi leke en bok?: språktilegnelse gjennom bildebøker. (kap. 4 og 12) Oslo: Universitetsforlaget. 22 s.

Helland Gujord, A.K. (2017). Språkutvikling hos barn i ulike språklæringssituasjonar. I M. Selås & A.K. Helland Gujord (Red.), Språkmøte i barnehagen (kap. 4). Bergen: Fagbokforlaget. 46 s.

Slettan, S. (2010). Inn i barnelitteraturen Artiklar om bøker for barn og unge. Kristiansand: Høyskoleforlaget (s. 17-33) 16 s.Storm-Larsen, A. B. (2002). Når Disney-film blir barnebok: Et kritisk blikk på spin-off-bøkene. I I. Mjør (Red.), Kulturbarnehagen (s. 119-132). Oslo: Samlaget. 14 s.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 27.06.2019