MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, med særleg vekt på tida etter 1800 og framveksten av dei to offisielle norske skriftmåla, nynorsk og bokmål.

Læringsutbytte

Kunnskap
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • ha kunnskap om periodeinndelinga i norsk språkhistorie
  • ha kunnskap om norsk språkhistorie, både den indre og den ytre, med hovudvekt på tida etter 1800
  • ha kunnskap om norsk språkpolitikk, språkplanlegging, språknormering og språkdebatt etter 1800
  • kjenna til nokre sentrale utviklingstrekk for norsk og nordisk språk, både tale og skrift, sidan mellomalderen
  • kjenna til ulike språkkulturar i Norden og viktige likskapar og skilnader mellom dei fem nordiske språka
  • kjenna til nokre grunnleggjande trekk i den norrøne grammatikken og viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk

Ferdigheit
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • kunna trekkja liner i norsk språkhistorie
  • kunna gjera greie for norsk språkutvikling (tale og skrift) og språkhistorie (indre og ytre), med hovudvekt på tida etter 1800
  • kunna gjera greie for norsk språkpolitikk, språknormering og språkdebatt etter 1800
  • kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk
  • kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom dei fem nordiske språka og møtet mellom norsk og samisk språkkultur
  • kunna kommentera språkleg eit utval tekster på nordisk språk frå ulike tidsperiodar og setja dei inn i ein språkhistorisk samanheng
  • kunna skriva korrekt nynorsk og bokmål

Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • ha innsikt i og kunna reflektera over språkutviklinga og språksituasjonen i Noreg og setja denne inn i ein vidare samanheng
  • ha utvikla gode språkhaldningar både til eige og andre sitt skrift- og talespråk

Innhald

Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, med særleg vekt på tida etter 1800 og framveksten av dei to offisielle norske skriftmåla, nynorsk og bokmål. Norsk normeringshistorikk og språkpolitikk står her sentralt. Emnet omfattar også den indre språkutviklinga frå norrønt til moderne norsk, noko som skal medverka til samanheng i nordiskstudiet. Norrønt språk, primært studert som synkront system, er inkludert i emnet, dessutan dei andre nordiske språka (svensk, dansk, islandsk og færøysk) og andre språk i Norden. Tekstprøver som representerer ulike språk og språksteg vil bli gjennomgått.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen1/16 timerA - FNorrøn ordbok
Norrønt bøyingsskjema
Eksamensoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Skriftleg innlevering
Skriftlig innlevering. Studentane skal innan oppgjeven frist levera eit oppgåvesvar i eldre språkhistorie og norrønt på 1500 ord (+/- 10 %). Svaret skal skrivast på nynorsk. Vurdering: Godkjent / ikkje godkjent.
Innan oppgjeven frist kan studentane levera eit utkast til oppgåvesvar som dei vil få tilbakemelding på. Det endelege oppgåvesvaret må vera godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Studentar som får éi eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levera éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Inge Særheim
Studiekoordinator
Anne Siri Norland , Karen Marie Espeland , Anne Marie Nygaard

Arbeidsformer

Førelesingar og meir studentaktive arbeidsformer.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Nordisk språk og språkhistorie (NOR115_1) 15
Språk og historie (NOR130_1) 10
Språk og historie (MNOR130_1) 10
Språkleg utvikling og variasjon (ÅNO130_1) 10

Ope for

Lektorutdanning for trinn 8-13

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Torp, Arne og Vikør, Lars S.: Hovuddrag i norsk språkhistorie
Haugen, Odd Einar: Norrøn grammatikk i hovuddrag
Særheim, Inge: Kompendium med språkhistoriske tekster


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 17.06.2019