MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår tekstlingvistikk, der ein studerer samanbindinga av ord, frasar og setningar til større meiningsfylte tekstdelar og tekster. I tillegg inngår pragmatisk analyse og innføring i semantikk. I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosesser i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilde og tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dermed forståast som et multimodalt fenomen.

Læringsutbytte

Språkleg del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kjenna relevant teori og terminologi i tekstlingvistikk og pragmatikk
  • ha innsyn i korleis tyding blir bygd og har utvikla seg både på ord- og setningsnivået
  • ha kunnskap om tilhøvet mellom system og bruk i beskriving av språk

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna analysera og vurdera tekster i tekstlingvistisk perspektiv
  • kunna relatera verbalspråklege tekster til ulike brukssituasjonar og visa korleis kontekstuelle tilhøve påverkar språk og tekst
  • kunna gjera greie for innhaldssida i språket og visa korleis semantiske tilhøve bidrar til å skapa tekstlege heilskapar

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha utvikla evna til kritisk vurdering av språkbruk og tekster i ulike brukssituasjonar.

Litterær del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha omfattande kunnskap om tekst-bilde relasjonar (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar)
  • ha omfattande kunnskap om tekst-lyd relasjonar (song- og songtekstar; adaptasjon av litterære tekstar til lydbok)
  • ha brei forståing av teoridanninga innanfor de to feltane
  • ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valte områda
  • ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna fortolka og analysera tekster i samspel med andre mediale utformingar
  • kunna omsetja teoretisk røynsle til praktiske ferdigheiter
  • kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
  • kunna arbeide med multimodale tekstformer
  • kunna granska komplekse saksforhold

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
  • ha innsikt i tydinga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål

Innhald

Språkleg del: Emnet omfattar tekstlingvistikk, der ein studerer samanbindinga av ord, frasar og setningar til større meiningsfylte tekstdelar og tekster. I emnet inngår pragmatisk analyse, der ein studerer språk og tekster i ulike brukssituasjonar (kontekstar) og tilhøvet mellom språk og språkbrukarar. Emnet gjev også innføring i semantikk, dvs. innhaldssida til språket.
Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosessar som oppstår i overgang frå ein medieform til ein annan. Kvardagen vår er preget av mange tekstuelle blandingsformar og den 'reine' teksten har i stor grad mista sin dominante posisjon. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: dei vert filma, sett opp på scenen, omarbeida til teikneserie eller lesne inn som lydbok. Bruken av litterære tekster har forandra seg betraktelig kvar gang mediale innovasjonar har fått gjennomslag. I løpet av kurset skal de ulike mediale særeigenheiter beskrivast og analyserast. Alle disse diskusjonar skal relaterast til en diskusjon av kva et mulitmodalt tekstbegreip i dag kan være.

Forkunnskapskrav

Andre emnekombinasjonar kan òg godtakast dersom dei har tilsvarande innhald.

Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande). Bachelorstudentar må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.

Eksamen/vurdering

Skriftleg prøve og mappeinnlevering
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg prøve1/24 timerA - F
Mappeinnlevering1/2 A - F
Mappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10%). Kvar av desse tel 50%. Innleveringane og skriftleg prøve skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (NOR370) blir skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva blir skriven på bokmål.
Begge eksamensdeler må vera bestått for å få samla resultat i emnet.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Andreas Benedikt Jager
Faglærar
Klaus Johan Myrvoll
Studiekoordinator
Anne Marie Nygaard , Margrethe Melin , Signe Ekenberg , Karen Marie Espeland

Arbeidsformer

Førelesningar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppfordra til kollokvieverksemd ut over den ordinære undervisninga.

Ope for

Ope for alle bachelorstudentar og fordjupingstudentar i nordisk ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søkja opptak til UNOR270. Det akademiske innhaldet i UNOR270 er likt innhaldet i NOR270, men studentane kan velja mellom å bruka bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert så snart det er klargjort av emneansvarleg/faglærar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 25.05.2020