MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
  • Har innsikt i norskdidaktiske forskingsmetodar og arbeidsmåtar
  • Har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • Har brei kunnskap om språkdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike språkteoretiske perspektiv
  • Har god kunnskap om norsk som første- og andrespråk

Ferdigheiter
Kandidaten:
  • Kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • Kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • Kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • Kan tilpasse den vidare opplæringa i språklege og litterære ferdigheiter til elevane i norsk som første- og andrespråk
  • Kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar

Generell kompetanse
Kandidaten:
  • Kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • Kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7

Innhald

I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for diskusjonar om skriveopplæringa i skulen. Studiet vil gi studentane kunnskapar om relevante teksttypar og tekstkulturar, slik at dei kan rettleie og motivere alle elevar ut frå behova hos den einskilde eleven. Emnet vil også formidle kunnskapar om eleven sitt møte med den litterære teksten og om litteraturdidaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin litterære kompetanse, faglege kunnskap og kulturforståing. Studentane vil vidare bli utfordra til å sjå norskfaget innanfor ein internasjonal og global kontekst.
Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eit norskfagleg perspektiv som er relevant for trinn 1-7.

Forkunnskapskrav

Norsk 1 må vere bestått.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
FOU-oppgave1/1 A - F
FoU-oppgåve (10 000 ord +/- 10%). Oppgåva skal skrivast individuelt, eventuelt i par. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar.
Målform: Valfri.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Arbeidskrav
  • Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling (1000 ord +/- 10 prosent + referansar).
  • Deltaking på 1 seminar i tilknyting til FoU-oppgåva inkludert ca. 15. min munnleg presentasjon av eige prosjekt, samt respons på andre studentpresentasjonar
  • Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt

Arbeidskrava må vere godkjende for å få gå opp til vurdering.

Fagperson(ar)

Faglærar
Sofija Christensen
Studiekoordinator
Mona Østerhus
Emneansvarleg
Brit-Helen Russdal-Hamre

Arbeidsformer

Førelesingar den første tredjedelen av semesteret, deretter rettleidd skriving og seminar.

Emneevaluering

Emnet har trinnmøte der to studentar er representantar.  Det blir gjennomført tidlegdialog kvart semester og sluttevaluering i samsvar med kvalitetssystemet ved UiS.

Litteratur

Pensum er under utarbeiding og revisjon.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 15.12.2019