MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Emnet gir eit første grunnlag for norskundervisning med vekt på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa. Meir spesifikt dreier emnet seg om fonologi, morfologi, pragmatikk og litteraturdidaktikk, som vil bli relatert til sjangrar som forteljing, eventyr og biletbok. Ein arbeider dessutan med multimodalitet innanfor ulike sjangrar og elevtekstar for 1.-4. trinn. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på fonologi, morfologi og pragmatikk
  • har god kunnskap om barns språkutvikling
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar med vekt på litteratur for barn
  • har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for trinn 1-7, både digitale og andre

Ferdigheiter
Kandidaten:
  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg språkutvikling for alle elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål

Generell kompetanse
Kandidaten:
  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne for 1-4 trinn og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis på 1.-4. trinn med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • kan skrive enkle akademiske tekstar

Innhald

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunns-utviklinga.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.
Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv - estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske - skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1-7 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7.
Norsk 1 (30 sp)
Norsk 1 gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen1/14 timerA - FGjeldande læreplan.
Ordbok.
Målform: Bokmål.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av fagtekst og presentasjon av fagleg emne, Obligatorisk undervisning
Studenter som får én eller flere av arbeidskravene vurdert til ikke-godkjent ved første innlevering, gis mulighet for én ny innlevering av oppgaven(e) i bearbeidet form. Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Åsmund Hennig
Faglærar
Sofija Christensen , Hanne Egenæs Staurseth , Gølin Christine Kaurin Nilsen , Lars Rune Waage , Eli Flatekval , Magne Ivar Drangeid , Sidsel Merete Skjelten , Magne Ove Rogne
Studiekoordinator
Hanne Elise Pollack , Kjersti Gjedrem
Praksiskoordinator
Kari-Anne Svensen Malmo , Kitty Marie Garborg

Arbeidsformer

Arbeidsmåtar i Norsk 1 vil vere førelesningar, seminar, gruppearbeid, individuelt arbeid og oppgåveskriving. Praktisk-estetiske arbeidsmåtar blir trekt inn på emneområde som ligg til rette for det, for eksempel norsk munnleg.

Ope for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram

Emneevaluering

Emnet har fagutval der 2 studentar er representert. Tidlegdialog og sluttevaluering skal gjennomførast kvart semester slik kvalitetssystemet ved UiS tilseier.

Litteratur

TEORI
SPRÅKLIG TEORIPENSUM
BØKER
Budal, I.B. mfl. (red.). (2018). Språk i skolen. Grammatikk, retorikk, didaktikk. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 1. Kap 2, s. 56-80. Kap. 3. Kap 6, s. 190-205
Skjelbred, D. (2014). Elevens tekst. Et utgangspunkt for skriveopplæring. Kap. 1, 2, 4 og 9. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
Kompendium 1:
Aksnes, L. (2016). Om muntlighet som fagfelt. I Kverndokken, K. (red.). 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på – om muntlig kompetanse og muntlighetsdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget, Landslaget for norskundervisning
Bjerke, C. mfl. (2014). Norskfaget. I Jansson, B. K. og Traavik, H. (red.): Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærarutdanning 17. Oslo: Universitetsforlaget
Håland, A. (2016). Iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen. I Skrivedidaktikk. Korleis støtte elevane si skriving i fag. Oslo: Universitetsforlaget
Jansson, K. (2013). Tale og skrift. I Jansson, B. K. og Traavik, H. (red.): Norskboka 1. Norsk for grunnskolelærarutdanning 17. Oslo: Universitetsforlaget
Jansson, K. mfl. (2014). Digital kompetanse i norskfaget på barnetrinnet. I Jansson, B. K. og Traavik, H. (red.): Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærarutdanning 17. Oslo: Universitetsforlaget
Kvithyld, T. og Aasen, A. J. (2011) Fem teser om funksjonell respons på elevtekster. Viden om læsning, 5(9), s. 10–16.
Kverndokken, K. (2016). «Love gifts» til menneskene - om muntlige fortellinger, muntlige fortellere og elevers muntlige fortellingsskaping. I Kverndokken, K. (red.). 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på - om muntlig kompetanse og muntlighetsdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget, Landslaget for norskundervisning
Svennevig, J. (2009). Språket som ressurs for å skape mening. I Svennevig, J. Språklig samhandling og kommunikasjon. Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Oslo: Cappelen Damm
+ Ein forskingsartikkel som modelltekst

KOMPENDIUM 2: LESE‐ OG SKRIVEUTVIKLING
Dahle, A. E. m.fl. (2016) Når skriftspråket blir utfordrende. Utvikling, kartlegging og tiltak på begynnertrinnene. Lesesenteret Universitetet i Stavanger. (90 s.)
Gabrielsen, N.N. & Oxborough, G.H.O. (2014). Det gode grunnlaget. I: Lundetræ, K. & Tønnessen F. E. (red.). (2014). Å lykkes med lesing. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
Hekneby, G. (2011). Skrive ‐lese ‐skrive. Universitetsforlaget. Kap. 7: Skriftforming.
Klæboe G. & Sjøhelle D. K. (2013). Veiledet lesing og skriving i begynneropplæringen. Oslo: Cappelen Damm. Kapittel 3
Tønnessen, F.E. & Uppstad, P.H. (2014). Leseundervisning. I: Lundetræ, K.
LITTERÆRT TEORIPENSUM
Drangeid, M. (2014). Litterær analyse og undervisning. Gyldendal. Innledning og kap. 8.
Hennig, Å. (2019). Leselyst i klasserommet – om trusler og redningsaksjoner. Gyldendal akademisk.
Knutsen, H. & Kaldestad, P. O. (2019). Diktboka: om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Cappelen akademisk forlag
Stokke, Ruth Seierstad og Tønnessen, Elise Seip (red.). 2018. Møter med barnelitteratur. Universitetsforlaget. Innledning + kap. 1, 4, 7-8 og 12.
LITTERÆRT PENSUM
FORTELLINGER OG SANGER
Andersen, H.C. - «Nattergalen» (1884). Det Kongelige Bibliotek. Henta fra: http://wayback-01.kb.dk/wayback/20101108104439/http://www2.kb.dk/elib/lit/dan/andersen/eventyr.dsl/hcaev023.htm,
Asbjørnsen, P. C. & Moe J. (1997). «Herremannsbruden». I Norske Folkeeventyr. Bind 1., s. 221-225; - «Askeladden og de gode hjelperne». I Norske Folkeeventyr. Bind 2, s. 7-15. LibriArte. Hentet fra: http://www.nb.no/nbsok/nb/ce88d9ddb4bf7a20500ad2434ba17590.nbdigital?lang=no#5
Bjørnstad, T. L. & Grav, C. (2014). Krokodilletyven. Cappelen Damm.
Burnett, F. C. (2011). Den hemmelige hagen. Omnipax
Grimm, B. «Rødhette». Hentet fra: https://eventyrforalle.no/index.php/brodrene-grimm/72-vesle-rodhette
Hopp, Z., & Neset, M. (2005) Trollkrittet. Bergen: Vigmostad & Bjørke.
Kirkegaard, O. L. (2004). Gummi-Tarzan. Gyldendal.

Prøysen, A. (1979). «Slipsteinsvæilsen» (s.137), «Du skal få en dag i mårå» (s.127), «Vise for gærne jinter» (s.142). I Prøysen-tekster. Tiden. Henta fra: http://www.nb.no/nbsok/nb/611933ca7887473ae222f25f7a35f3cb?lang=no#9
Qvigstad, J. (1997). «Stallu som frier». I Samiske beretninger, s. 354-355. Aschehoug. Henta fra: http://www.nb.no/nbsok/nb/a989e176d3f22645da37787ba77a8704?lang=no#0
+ Appen: «Gutten som lurte Stallo». Interaktivt eventyr. Lenke for nedlasting: http://ovttas.no/nb/node/20263
Øverås, H. & Torseter, Ø. (2013). Brune. Gyldendal.
BILDEBØKER OG SAMMENSATTE TEKSTER
Bjerknes Lima de Faria, A. (2015). Det var ikke eg! sa Robinhund. Cappelen Damm.
Hole, S. (2006). Garmans Sommer. Cappelen.
Jansson, T. (2017). Hvordan gikk det?. Cappelen Damm.
Kuhn, C. (2014). Samira og skjelettene. Cappelen Damm.
Renberg, T og Ask, L. (2016). Jenny. Tanum.
Sendak, M. (2001). Til Huttetuenes land. Cappelen.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 10.12.2019