MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten:
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har god kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert utval tekstar: munnlege, skriftlege og multimodale; fiksjon og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og samtid
  • har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
  • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk


FERDIGHEITER
Kandidaten:
  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråknormering i skriveopplæringa
  • kan legge til rette og gjennomføre undervisning både på bokmål og nynorsk
  • kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med fiksjons- og sakprega tekstar frå ulike tider og perspektiv og for ulike formål, både barnelitteratur og vaksenlitteratur


GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten:
  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer og grunngi fagdidaktiske val

Innhald

Samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid står sentralt. Det blir retta spesiell merksemd mot språklege endringsprosessar, i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering. Det blir også fokusert på språkleg variasjon i norsk som første- og andrespråk.
I arbeid med både saktekstar og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og korleis desse har utvikla seg over tid, frå dei tidlegaste tekstane fram til notida sine digitale uttrykk. Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot barn, ungdom og vaksne.

Forkunnskapskrav

MGL1120 Norsk trinn 1-4, MGL1220 Norsk trinn 5-7
Norsk 1 må vere bestått, MGL1120 og MGL1220. Her er ikkje fritak for målform.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Munnleg eksamen1/130 minutterA - FInga hjelpemiddel tillate
Førebudd munnleg, individuell presentasjon på 15 minutt ut frå oppgitt tema, med etterfølgande spørsmål og samtale på 10 minutt. Temaet blir tildelt 1 døgn før presentasjon.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Praksisprosjekt i gruppe, Obligatorisk tilstedeværelse
Praksisprosjekt i gruppe der studentane ut frå avtalt tema, innlevert prosjektskisse og tilbakemelding frå faglærar og praksislærar, utviklar eit norskdidaktisk undervisningsopplegg på om lag tre timar. Opplegget skal byggje på norskfagleg relatert teori og metode. Studentane skal i etterkant gje ein 20 min. munnleg presentasjon der dei dei reflekterer rundt erfaringane med prosjektet.
Det er 70% obligatorisk tilstedeværelse.
Alle arbeidskrav må vere bestått for å gå opp til eksamen.
Studentar som får éin eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, gis mogelegheit for éin ny innlevering av oppgåven(e) i bearbeidet form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Brit-Helen Russdal-Hamre
Faglærar
Hanne Egenæs Staurseth , Brit-Helen Russdal-Hamre
Studiekoordinator
Hanne Elise Pollack

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppearbeid

Emneevaluering

Det etableres eit fagutvalg med studentrepresentanter. I tillegg evalueres emnet minst hvert tredje år, i tråd med fakultetets regler for kvalitetssikring

Litteratur


Lenke til pensumlitteratur


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 09.12.2019