MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Dette er eit innføringskurs i litteratur, særleg retta mot mellomtrinnet. Her blir ein introdusert for litteraturomgrepet og litteratur for unge lesarar. Litteratur og litteraturdidaktikk står sentralt med mellom anna litterære samtalar og lærarfagleg analyse som to hovudelement. Emnet er delt opp i tre delar: "Det munnlege", "lesing" og "skriving". Til desse tre er det knytta ulike arbeidskrav og aktivitetar.

Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk, bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar for barn og unge
  • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur - og om urfolks situasjon
  • har kunnskap om interkulturelle perspektiv og mangfald
  • har kunnskap om vurdering, nasjonale prøver og læremiddel, digitale og andre, med vekt på mellomtrinnet

Ferdigheiter
Kandidaten
  • kan bruke kunnskap om litteratur og språk i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for at elevar på mellomtrinnet får lese sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • kan vurdere ulike digitale spel for bruk i undervisning

Generell kompetanse
Kandidaten
  • kan med vekt på litteratur, lesing og samtale vurdere eigen praksis på mellomtrinnet opp mot gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
  • kan formidle fagstoff om litteratur i relevante uttrykksformer for mellomtrinnet
  • kan skrive heilt enkle akademiske fagtekstar og er stø i bokmål

Innhald

Faget i utdanninga
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, interkulturell k, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne, internasjonale og interkulturelle perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast og forståast i tråd med samfunnsutviklinga.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei grunnleggande rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge språkbrukarar og utviklar språkog tekstkunnskap tilpassa trinn og alder på ulike digitale plattformar og i ulike medium.
Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske perspektiv skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 5-10 både oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir og spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar på trinn 5-10 vidareutviklar grunnleggande tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter.
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For reglar om fritak, sjå forskrift §5.
NORSK 1
Dei første 30 studiepoenga i norsk språk, litteratur og fagdidaktikk er særleg retta mot mellomtrinnet. Her er innføring i fagdidaktisk kunnskap, språklege og litterære emne. Døme på dette er tekstval, grunnleggjande ferdigheiter, munnleg kommunikasjon samt vidare lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
NORSK 1 - del 1
Dette emnet er ei innføring i litteratur og litteraturdidaktikk. Ei tredeling i "Det munnlege", "Lesing" og "Skriving" gir ei brei inngang til korleis det er mogleg å arbeide med litteratur i skolen. Første del konsentrerer seg om korleis litteratur kan vere ein inngang til utviklande samtalar om identitet- og samfunnsspørsmål - og om kva som kjenneteiknar det å snakke om det ein har lese eller sett på skjerm. Litteratur tekst og samtale blir derfor viktig i denne delen. Her arbeider ein med ulike formar for samtale og korleis ein kan leggje til rette for denne mellom anna også gjennom opptak av samtalar. I "Lesing" blir det arbeidd med kva som kjenneteiknar litteratur for mellomtrinnet gjennom mellom anna å sjå på det universelle i eventyrsjangeren og kva som pregar ein barnleg lesar. Gjennom å lese litteratur frå det samiske språkområdet blir også multiperspektivisme diskutert. Gjennom arbeid med for eksempel fantasy, eventyr, biletbøker og teikneseriar blir breidda i mye av barne- og ungdomslitteraturen presentert. Her blir også internasjonale perspektiv på fleire av sjangrane lagt vekt på. I den siste delen kalla "Skriving" blir det satt i gang skriving av ei fagleg oppgåve - som blir den første fagskrivingsoppgåva i emnet. Her kjem ein inn på kva som er krav til ein fagleg tekst kva gjeld forskningsspørsmål, referansar og analysar.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Mappeeksamen1/1 A - F
Målform: valfri
Mappevurdering:
skal leggjast inn i mappa
  1. Innlevert fagleg tekst, (individuell, 2000 ord)
  2. Refleksjonstekst knytt til norskfaglege erfaringar frå observasjonspraksis (individuell, 2000 ord)
  3. Lydopptak av gjennomført litterær samtale (gruppe)
  4. 2 tekstinnleveringar (gruppe)
  5. Multimodal presentasjon (gruppe)

Ein av tekstane valt ut til vurdering må vere ein individuell tekst. Dei to utvalde arbeida blir grunnlaget for vurderinga (A-F).
Studenten vel ut to av seks arbeidskrav til vurdering.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk undervisning, Arbeidskrav
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
  1. Innlevert fagleg tekst, (individuell, 2000 ord)
  2. Refleksjonstekst knytt til norskfaglege erfaringar frå observasjonspraksis (individuell, 2000 ord)
  3. Lydopptak av gjennomført litterær samtale (gruppe)
  4. 2 tekstinnleveringar (gruppe)
  5. Multimodal presentasjon (gruppe)

Studentar som får ei eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får lov til å levera inn på ny ei gong i bearbeida form.
Alle seks arbeidskrava må vere godkjent for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Alle arbeidskrava skal leggjast i mappa. Studenten vel ut to tekstar til vurdering. Alle arbeidskrava i mappa har valfri målform, men begge målformer skal vere representert i mappa.
Før endeleg innlevering av mappe (eksamen) vil det bli gitt rettleiing på dei seks tekstane som ligg i mappa. Her vil rettleiar i dialog med studenten sjå på kvaliteten på tekstane og komme med forslag til kva som skal gjerast vidare med dei to tekstane som skal inn til eksamen.
Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Sofija Christensen
Studiekoordinator
Ivar Bjørnsen , Hanne Elise Pollack , Kjersti Gjedrem
Faglærar
Sofija Christensen , Magne Ivar Drangeid , Magne Ove Rogne , Sidsel Merete Skjelten , Åsmund Hennig , Brit-Helen Russdal-Hamre
Praksiskoordinator
Kari-Anne Svensen Malmo , Kitty Marie Garborg

Arbeidsformer

Arbeidsmåtar i Norsk 1 vil vere forelesingar, seminar, summing, gruppearbeid, gruppepresentasjonar, dramatiseringar, individuelt arbeid og oppgåveskriving. Det blir også digitale diskusjonar. Studentane må heile tida vere merksame på at alle arbeidskrava fortløpande skal leggjast inn i mappa. Dette skal skje i samanheng med dei tre delane emnet er organisert i: "Det munnlege"; "Lesing" og "Skriving".

Ope for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, femårig masterprogram

Emneevaluering

Emnet har fagutval der 2 studentar er representert. Tidlegdialog skal gjennomførast kvart semester og sluttevaluering slik kvalitetssystemet ved UiS tilseier.

Litteratur

Skjønnlitterært pensum
Andersen, H.C. «Nattergalen» (1884) og «Skyggen» (1847). Det Kongelige Bibliotek. Henta frå: http://wayback-01.kb.dk/wayback/20101108104436/http://www2.kb.dk/elib/lit/dan/andersen/eventyr.dsl/ (kompendium.)
Asbjørnsen, P. C. & Moe J. (1997). «Askeladden og de gode hjelperne». I Norske Folkeeventyr. Bind 2, s. 7-15. Oslo: LibriArte. (kompendium.)
Ask, L. (2006). Hitler, Jesus og farfar. Oslo: Jippi forlag.
Egmont Publishing AS. (2019). Blogg.no. Henta frå: https://blogg.no/
Eriksen, E. L. (2002). Pitbull-Terje går amok. Oslo: Aschehoug.
Harstad, J. (2002). Ambulanse. Oslo: Gyldendal.
Höglund, A. (2015). Dette snakker man bare med kaniner om. Kolbotn: Magikon.
Kielland, A. L. (1882) «Karen». I To Novelletter fra Danmark, s. 75-96. Kjøbenhavn: Gyldendal. (kompendium.)
Knutsen, H. & Kaldestad, P. O. (2019). Diktboka: om arbeid med poetiske tekstar i skolen. [Rev. utg.] LNUs skriftserie. Del 2: Ein kategorisert diktantologi, s. 165-323. Oslo: Cappelen akademisk forlag.
Kverneland, S. (2013). Munch. Oslo: No Comprendo Press.
NRK Sápmi. (2015). Stallu på frierferd. Henta frå https://www.nrk.no/sapmi/85-stallu-pa-frierferd-1.12128419.
Oskarsson, B. (2019). Treet. Stamsund: Orkana.
Ousland, B. (2012). Nansen over Grønland. Oslo: Cappelen Damm.
Parr, M. (2009). Tonje Glimmerdal. Oslo: Samlaget.
Pettersen, S. (2013). Odinsbarn: Ravneringene 1. Oslo: Gyldendal.
Renberg, T., & Ask, L. (2016). Jenny. Oslo: Cappelen Damm.
Sara, M. Á. (2014). Mellom verdener. Guovdageaidnu: DAT.
Sivle, P. ([1887] 1993). «Fante Nils» I Soger, s. 61-80. Oslo: Det norske samlaget.
Sortland, B., & Bredesen, T. (2000). Venezia-mysteriet. Oslo: Aschehoug.
Svendsen, N., & Duzakin, A. (2016). Bomulv. Oslo: Samlaget.

Tømmerelvbakken, S. O. (1997 [1883]). Stállu som frier. I Qvigstad, J. Samiske beretninger, s. 354-355. Oslo. Aschehoug. (kompendiet.)

Ylvisåker, B., Ylvisåker V. (2013). Hva sier reven? Video: https://www.youtube.com/watch?v=jofNR_WkoCE.

Teoripensum
Hamre, Pål. (2017). Norskfaget som reiskaps- og danningsfag. I Norsk som reiskaps- og danningsfag, redigert av B. Fondevik og P. Hamre. Oslo: Samlaget (s. 13-43). (komp.)
Bakken, Jonas (2018). Máret Ánne Saras Mellom verdener og utdanning for bærekraftig utvikling. i Svein Slettan (red.) Fantastisk litteratur for barn og unge (22 s.) (komp.)
Bakken, Jonas. (2004). Kunsten å gå amok. Endre Lund Eriksens Pitbull-Terje går amok. I Barneboklesninger: Norsk samtidslitteratur for barn og unge, redigert av S. Slettan og A.-M. Bjorvand. Bergen: Fagbokforlaget, (s. 193-203). (10 s). (komp.)
Christensen, Sofija. (2018). «Lærebokas ressurser for utvikling av interkulturell kompetanse:
En undersøkelse av multimodalitet i læreverk i grunnleggende norsk for språklige minoriteter», i Magne Rogne og Lars Rune Waage (red.) Multimodalitet i skole- og fritidstekstar (20 s).(i bok)

Drangeid, Magne. (2014). Litterær analyse og undervisning. Gyldendal. Innledning, kap. 1-7 og 10-12 (125 s.) (bok)
Fjørtoft, Henning. (2014). Literacy i norskfaget. Kap.3 i Norskdidaktikk, s. 71-97, Fagbokforlaget/LNU (26 s.) (komp.)
Hennig, Åsmund. (2018). «Reven får stemme: Animasjonsfilm som uttrykk for litterær
kompetanse og faglighet», i Magne Rogne og Lars Rune Waage (red.) Multimodalitet i skole- og fritidstekstar (16 s). (bok)

Hennig, Åsmund. (2019). Leselyst i klasserommet – om trusler og redningsaksjoner. Oslo: Gyldendal (170s).

Hirvonen, Vuokko. (2014). «Samisk barnelitteratur mellom det lokale og det globale» Barnebokinstituttet. (komp.)
Knutsen, Hanne, og Per Olav Kaldestad. (2019). Diktboka: om arbeid med poetiske tekstar i skolen. [Rev. utg.] LNUs skriftserie. 1, 3, 5, 6 og 8. Oslo: Cappelen Damm Akademisk forlag (102 s.) (bok)
Kvåle, Gunhild. (2018) «Bloggmaler som semiotisk teknologi og multimodalt halvfabrikat. En sosialsemiotisk analyse av stilrepertoaret til blogg.no», i Magne Rogne og Lars Rune Waage (red.) Multimodalitet i skole- og fritidstekstar (22s). (bok)
Stokke, Ruth Seierstad og Tønnessen, Elise Seip (red.). 2018. Møter med barnelitteratur. Universitetsforlaget. Innledning + Kap. 1, 4, 5, 7-11, 13-16. (262 s.) (bok)
Waage, Lars Rune. (2018). «Multimodale og subjektive uttrykk i Helga Sætres Fallteknikk
og Lene Asks Neste gang blir alt riktig», i Magne Rogne og Lars Rune Waage (red.) Multimodalitet i skole- og fritidstekstar (18 s). (bok)


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 15.12.2019