MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Dette er eit innføringskurs i språkstrukturar og skriving med vekt på mellomtrinnet. Sentrale tema er språket som system og språket i bruk. I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og tekstkompetanse, noko som vil vere grunnlag for diskusjon om skriveopplæringa i skulen på mellomtrinnet. Derfor vil arbeidet med elevtekstar og rettleiing vere sentrale tema, også når det gjeld elevar med norsk som andrespråk.

Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
  • har god kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
  • har god kunnskap om skriving, tekstutvikling og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter

Ferdigheiter
Kandidaten:
  • kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling
  • kan motivere elevar for skriving og vurdere og rettleie ut frå den enkelte elev sine behov og føresetnader
  • kan vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan leggje til rette for at elevar på mellomtrinnet får skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar

Generell kompetanse
Kandidaten:
  • kan legge til rette for at elevane på mellomtrinnet vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere geie for elev- og trinntilpassa val
  • kan med vekt på språk og skriving vurdere eigen praksis på mellomtrinnet opp mot gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt og kunnskap
  • kan formidle fagstoff om språk og tekstar i relevante uttrykksformer for mellomtrinnet
  • kan skrive meir avanserte akademiske tekstar og er stø i nynorsk

Innhald

Faget i utdanninga
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei grunnleggande rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge språkbrukarar og utviklar språkog tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.
Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske perspektiv skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 5-10 både oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir og spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar på trinn 5-10 vidareutviklar grunnleggande tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter.
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For reglar om fritak, sjå forskrift §5.
NORSK 1
Dei første 30 studiepoenga i norsk språk, litteratur og fagdidaktikk er særleg retta mot mellomtrinnet. Her er innføring i fagdidaktisk kunnskap, språklege og litterære emne. Døme på dette er tekstval, grunnleggjande ferdigheiter, munnleg kommunikasjon samt vidare lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Forkunnskapskrav

MGL2120 Litteratur, lesing, samtale - med særleg vekt på mellomtrinnet

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen1/17 dagerA - F
Målform: nynorsk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Praksisoppgåve i gruppe, Individuell tekst på nynorsk til rettleiing, Obligatorisk undervisning
Arbeidskrav 1: Praksisoppgåve i gruppe
Arbeidskrav 2: Individuell tekst på nynorsk til rettleiing
Begge arbeidskrava må vere godkjent for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar:
Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Gølin Christine Kaurin Nilsen
Faglærar
Anne Jorunn Nielsen, Sofija Christensen , Lars Rune Waage , Magne Ivar Drangeid , Åsmund Hennig , Sidsel Merete Skjelten , Brit-Helen Russdal-Hamre
Praksiskoordinator
Cato Olsen Slettvold , Kitty Marie Garborg
Studiekoordinator
Ivar Bjørnsen , Kjersti Gjedrem

Arbeidsformer

Arbeidsmåtar i Norsk 1 vil vere forelesingar, seminar, gruppearbeid, individuelt arbeid og oppgåveskriving.

Ope for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, femårig masterprogram

Emneevaluering

Emnet har fagutval der 2 studentar er representert. Tidlegdialog skal gjennomførast kvart semester, medan sluttevaluering må gjennomførast minst kvart 3. år  slik kvalitetssystemet ved UiS tilseier.

Litteratur


Lenke til pensumlitteratur


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 10.12.2019