MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 5-10 med særleg vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir historisk oversikt og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, og djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål. Norsk 2 gir eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har brei kunnskap om språkdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike språkteoretiske perspektiv
  • har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
  • har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

Ferdigheiter
Kandidaten:
  • kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med fiksjons- og sakprega tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa

Generell kompetanse
Kandidaten:
  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer

Innhald

Språk og litteratur i tid og rom - med særleg vekt på ungdomstrinnet:
Samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid står sentralt. Det blir retta spesiell merksemd mot språklege endringsprosessar, i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering.
I arbeid med både saktekster og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og korleis desse har utvikla seg over tid frå dei tidlegaste tekstane fram til notida sine digitale uttrykk.
Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot ungdom og vaksne.
Vidare trening av litterær forståing blir lagt vekt på gjennom samtalar, analyse og tolking, og gjennom vurdering av tekstar sine kvalitetar og bruksområde. Læraren si evne til fagleg fundert og variert formidling står også sentralt, med særleg vekt på innsikt i eleven sitt møte med den litterære teksten. Studenten får innsikt i tilrettelegging, kontekstualisering og litteraturdidaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin identitet, kulturforståing og evne til kritisk refleksjon.

Forkunnskapskrav

MGL2120 Litteratur, lesing, samtale - med særleg vekt på mellomtrinnet, MGL2121 Norsk 1, emne 2; Språkstrukturar og skriving - med særleg vekt på mellomtrinnet

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Munnleg presentasjon1/130 minutterA - F
Førebudd munnleg, individuell presentasjon på 15 minutt ut frå oppgitt tema, med etterfølgande spørsmål og samtale på 10 minutt. Temaet blir tildelt 1 døgn før presentasjon.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatoriske øvingar, Obligatoriske frammøte
Arbeidskrav: Praksisprosjekt i gruppe der studentane ut frå avtalt tema, innlevert prosjektskisse og tilbakemelding frå faglærar og praksislærar, utviklar eit norskdidaktisk undervisningsopplegg på om lag tre timar. Opplegget skal byggje på norskfagleg relatert teori og metode. Studentane skal i etterkant gje ein 20 min. munnleg presentasjon der dei dei reflekterer rundt erfaringane med prosjektet. Arbeidskravet må vere godkjent for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.
Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjent ved første innlevering, får mogelegheit for éi ny innlevering av oppgåven(e) i omarbeidd form.
Det er 70% obligatorisk tilstedeværelse i dette emnet.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Hanne Egenæs Staurseth
Faglærar
Hanne Egenæs Staurseth , Sofija Christensen
Praksiskoordinator
Cato Olsen Slettvold
Studiekoordinator
Ivar Bjørnsen , Kjersti Gjedrem

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppearbeid

Emneevaluering

Det etableres et fagutvalg med studentrepresentanter. I tillegg evalueres emnet minst hvert tredje år, i tråd med fakultetets regler for kvalitetssikring)

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert omlag 14 dagar før påmelding til emnet opnar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 22.02.2020