MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 5-10 med særleg vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir historisk oversikt og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne og djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål. Norsk 2 gir eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten:
  • har innsikt i norskdidaktiske forskingsmetodar og arbeidsmåtar - også digitale
  • har god kunnskap om norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar for ungdom
  • har kunnskap om ulike multimodale og digitale tekstar/sjangrar for ungdom

Ferdigheiter
Kandidaten:
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium og tilpasse den vidare opplæringa i språklege ferdigheiter til elevar på ungdomstrinnet
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan legge til rette for at elevar på ungdomstrinnet får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan nytte digitale hjelpemiddel i undervisningsamanheng

Generell kompetanse
Kandidaten:
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 individuelt og i samarbeid med andre

Innhald

I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for diskusjonar om skriveopplæringa i skulen på ungdomstrinnet. Studiet vil gi studentane kunnskapar om teksttypar og tekstkulturar som er relevante for denne aldersgruppa, slik at de kan rettleie og motivere alle elever ut frå behova hos den einskilde eleven. Emnet vil også formidle kunnskapar om eleven sitt møte med den litterære teksten og om litteraturdidaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin litterære kompetanse, fagleg kunnskap og kulturforståing. Studentane vil vidare bli utfordra til å sjå norskfaget innanfor ein internasjonal og global kontekst.
Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eitt av desse perspektiva, òg med opning for fokus på mellomsteget.

Forkunnskapskrav

MGL2120 Litteratur, lesing, samtale - med særleg vekt på mellomtrinnet, MGL2121 Norsk 1, emne 2; Språkstrukturar og skriving - med særleg vekt på mellomtrinnet

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
FOU-oppgåve1/1 A - F
FoU-oppgåve (10 000 ord +/- 10%). Oppgåva skal skrivast individuelt, eventuelt i par. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar. Norsk språk, valfri målform.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Prosjektskisse til FoU-oppgåve, Deltaking på seminar i tilknyting til FoU-oppgåva, Rettleiing på FoU-oppgåva, Obligatorisk tilstedeværelse
  • Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling (1000 ord +/- 10 prosent + referansar).
  • Deltaking på 1 seminar i tilknyting til FoU-oppgåva inkludert ca. 15. min munnleg presentasjon av eige prosjekt, samt respons på andre studentpresentasjonar
  • Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt

Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får mogelegheit for éi ny innlevering av oppgåven(e) i omarbeidd form.
Arbeidskrava må vere godkjende for at kandidaten skal ha rett til å gå opp til vurdering. Minimum 70 % tilstedeværelse i undervisninga er påkrevd.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Åsmund Hennig
Faglærar
Hanne Egenæs Staurseth
Studiekoordinator
Ivar Bjørnsen , Kjersti Gjedrem

Arbeidsformer

Førelesingar den første tredjedelen av semesteret, deretter rettleidd skriving og seminar.

Emneevaluering

Det etableres et fagutvalg med studentrepresentanter. I tillegg evalueres emnet minst hvert tredje år, i tråd med fakultetets regler for kvalitetssikring)

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert omlag 14 dagar før påmelding til emnet opnar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 28.03.2020