MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Forsking på skriftkulturen (literacy) er eitt av dei studiefelta i verda som veks raskast. Som forskingsfelt har det røter i filologi/lingvistikk, tekstvitskap, samfunnsfag og pedagogikk. Vår variant lesevitskap legg som namnet seier særleg vekt på lesinga si rolle, og søkjer å sjå samanhengar mellom tekst, historie, språk og samfunn.
Kurset vil i tillegg til å innføre i internasjonal, nordisk og norsk leseforsking og literacyteori, ta opp metodologiske spørsmål i samband med undersøkingar innafor tekstkulturelle spørsmål i og utanfor skulen, og er tenkt å vere ei framhjelp til vidare arbeid med masteravhandlinga. (Les gjerne heile studieplanen for å sjå heilskapen i studiet).

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet skal studenten:
Kunnskap:
  • ha kjennskap til dei vanlegaste måtane å betrakta skriftkultur (literacy) på
  • ha kjennskap til problemstillingar som gjeld leseopplæring og leseforsking
  • ha innsyn i eldre og nyare leseteoriar og leseposisjonar
  • ha oversyn over dei mest relevante metodiske tilnærmingsmåtane i fagfeltet

Ferdigheter:
  • kunne lage annotert og kommentert bibliografi
  • kunne bruke Universitetsbiblioteket aktivt
  • kunne leggje fram innlegg og førebu seg til å halde paper
  • kunne gjere greie for sentrale teoriar i emnet
  • kunne gjere greie for den samfunnsmessige verknaden av lesevitskaplege analysar
  • kunne nytte metodiske perspektiv i den presentasjonen som utgjer eksamensprøva

Generell kompetanse:
  • ha oversyn over nokre vesentlege lesevitskaplege problemstillingar med vekt på teksttilnærming
  • ha innsikt i den bruksretta nytten av studiet

Innhald

Kurset tek opp teoretiske, historiske og kulturanalytiske tilnærmingar til literacy-forståinga med vekt på lesing. Etter ei lita innføring i historia om norskfaget, tek me opp spørsmålet om endringane av kommunikasjonstilhøve - internasjonalt og i Noreg. Elles gjev me ein introduksjon til ulike teoriar som omhandlar lesarens rolle i møte med litterære/ikkje litterære tekstar. Eit mål er å gje innsikt i ulike oppfatningar om kva rolle lesaren har i møte med ulike tekstar, både skjønnlitterære og fagtekstar (t.d. læreboktekstar). I tillegg til å studere nokre sentrale teoretikarar i t.d. resepsjonsteori, skal vi sjå på korleis andre forskarar har utvikla nye omgrep i kjølvatnet av klassiske tekstar. Dagens forskarar nyttar både klassiske omgrep (t.d. frå poetikk og retorikk) og nye omgrep for å undersøkje lesarens rolle i møte med slike tekstar. Mellom dei emne som då står sentralt, er intertekstualitet, som t.d. kan knyttast til multimodalitet og deltaking i fleire literacy samanhengar samtidig.

Forkunnskapskrav

Tilsvarende fordjupningsnivå i bachelor i nordisk.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Munnleg paper med mappe innlevert før eksamen1/120 minutterA - FAlle.
Munnleg paper med mappe innlevert før eksamen. Eksamen: 20 minutter +/- 10 %.
Hugs at emneplanen for MLEMAS/LMLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen på masternivå må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk arbeidskrav
  • Innlevering av mappe til fastsett dato før framføringa, med problemstilling for føredrag (paper), grunngjeving, samandrag (abstract), annotert eller kommentert bibliografi etter eige val, eventuelt biletmateriale eller andre heilt naudsynte vedlegg.
  • Frammøte: Det blir ført frammøteprotokoll og deltakarane må ha møtt på minst 75% av førelesingstimane (totalt 4x12 = 48 timar, dvs. 36 timar). Dette av di kurset føreset samarbeid i plenum og i grupper, mindre prosjekt og arbeid med spørsmål relevante for den metodiske forståinga.

Studentane vil få rettleiing i samband med føredraget.

Fagperson(ar)

Studiekoordinator
Signe Ekenberg
Emneansvarleg
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Faglærar
Greta Brodahl

Arbeidsformer

Førelesingar med seminar

Ope for

Ope og valbart for studentar med studierett på: Lektorutdanning for trinn 8-13, andre interesserte eller dei som etter særskilt vurdering er tekne opp på emnet med annan fagbakgrunn.

Emneevaluering

Evalueringer utgjør en sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfatter blant annet studentevaluering av undervisningen.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert omlag 14 dagar før påmelding til emnet opnar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 29.03.2020