MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Så lenge vi har kjennskap til menneskeleg historie, har tekstbruken endra seg og tekstar har vore med på å forme kulturen. Tekstbruken var heilt til nyleg sjølve grunnlaget for kommunikasjon på fråstand og for overlevering av tidlegare tiders kunnskap, og gjev framleis hovudmønsteret for formidling og for forma på læremiddel i mange medium. Skriftkulturen har òg påverka munnleg kultur og språkbruk gjennom tidene. Organiseringa av ein tekst gjev mønsteret for mange praktiske og munnleg baserte aktivitetar. I dette emnet ser vi nærare på tekstsituasjonen i samfunnet så vel som for den einskilde. Vi tek opp grunnleggjande spørsmål om tekst og tekststruktur, om samanhengane tekstar går inn i, om mottaking og bruk av tekst, om individuell utvikling og læring i arbeidet med tekstforming, og sosial og personleg endring. Her kjem vi inn på retorikk, oppfatningar om skrivar og lesar, spørsmålet om teksten som påverknadskjelde, om makt og om teksten som grunnlag for læring. Eit viktig spørsmål vi prøver å klårgjere, er kva for endringar og utviklingstrekk vi ser i tekstformene sjølve og i den sosiale organiseringa kring bruken av dei. Læringsvilkåra for bruken av tekst i eit skriftkulturelt samfunn av vår type har endra seg monaleg dei siste tiåra, og vi går inn på nokre av dei viktigaste vilkåra for endra læringsprosessar i arbeidet med tekst.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studentane skal
  • ha kjennskap til vesentlege prosessar som formar tekst og tekstbruk
  • ha innsikt i læringsprosessane som bruk av tekst inneber, med utgangspunkt i måten
  • ha innsikt i prosessar som inngår i tekstproduksjon og tekstresepsjon, ut frå allmenne perspektiv og spesifikt ut frå norske tilhøve
  • forstå tilhøvet mellom tekstforming og språkforming, ut frå pragmatiske, retoriske, literacy-teoretiske og i viss monn tekstlingvistiske perspektiv, med særleg vekt på struktur og form
  • forstå nokre av dei sentrale prosessane som fører til utvikling av nye tekstformer i vår tid og måten desse påverkar arbeid med tekst og oppleving av samfunnet
  • ha kunnskap om diskusjonane om tilhøvet mellom munnleg og skriftleg språkbruk og interaksjonen mellom munnleg og skriftleg kultur
  • ha kjennskap til diskusjonane om tilhøvet mellom skjønnlitteratur og sakprosa («røyndomslitteratur»), sjangrar og teksttypar og om utviklinga av hybridtekstar i nye media
  • ha kjennskap til prinsipielle overleggingar om tilhøvet mellom tekst og samfunn
  • vere i stand til å sjå dei nemnde tilhøva i samanheng med målformuleringane i allmenn del og fagplanen for norsk i Kunnskapsløftet (KL06)

Ferdigheit
Studentane skal
  • kunne analysere trekk i skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • kunne gjere greie for og vurdere strukturprinsipp, retoriske grep og semantikk i tekstar
  • kunne jamføre tekstbruk i ulike samfunnsområde
  • kunne drøfte den sosiale funksjonen av tekstbruk
  • kunne setje den nasjonale utviklinga i samband med trekk i den internasjonale utviklinga av skriftkultur og skriftkunne
  • kunne reflektere systematisk over literacy som tilnærming til skriftkulturens funksjon i samfunnslivet
  • kunne reflektere over dei didaktiske utfordringane i arbeidet med tekst, både lesing og skriving
  • kunne nytte ulike kunnskapsbasar, både elektroniske og papirbaserte, på kjeldekritisk vis for å kunne setje seg inn i opplysningar om det litterære systemet, om tekstanalytiske tilhøve, om historiske, estetiske, praktiske og didaktiske sider av skriftkulturen og tekstbruken i samfunnet.

Generell kompetanse
Studentane skal
  • kunne gjere greie for ein del av dei grunnleggjande prosessane i tekstproduksjon, tekstresepsjon, analyse av tekst, tilhøvet mellom munnleg og skriftleg språkbruk, og kulturpolitikk for skjønnlitteratur og sakprosa for born og vaksne i Noreg. Slik skal dei også lettare få tilgang til forståing av den internasjonale utdanningssatsinga på literacy, slik denne viser seg i OECD-programbaserte læreplanar, såleis også i Noreg.

Innhald

Emnet tek opp sentrale spørsmål som gjeld forming, utvikling og endring av skriftkulturen nasjonalt og internasjonalt. Skriftkunna som ei tilnærming til å forstå kontekst, analyse og bruk av tekstar vil stå sentralt. Ein vil gå inn på skriftkulturelle utviklingstrekk, nokre systematiske (teoretiske/metodiske tilnærmingsmåtar), lese- og teksthistorie. Det sentrale føremålet vil vere å finne høvelege tilnærmingsmåtar til å analysere tekstutvikling, tekstleg endring og prosessane for skriftkulturell endring.
I det moderne samfunnet er det no vanskeleg å finne arbeidsoperasjonar som ikkje er avhengige av tekstbruk i ein eller annan forstand. I literacy-forskinga, som er eit internasjonalt felt i sterk vokster og med røter heilt attende til 1800-talets tekstforsking, har ein gjerne sett skriftkulturen som grunnlaget for utvikling av demokrati, sentrale samfunnsinstitusjonar som skule, institusjonsliv, vitskap, logikk og historieskriving og sjølvsagt kommunikasjon over store fråstandar. Store delar av moderne kommunikasjonsteori er bygd på inn- og avkoding, tolking, overføring og spreiing av tekstleg forma bodskapar.
Skjønnlitteraturen representerer eminente felt for utforming av draumar om endring, alternative verder, omveges innsikter og kommentarar til verda ikring oss. Diskusjon og verdivurderingar av litteratur har såleis alltid representert sentrale danningsverdiar, men frå tidleg-moderne tid av også ein øvingsarena for samfunnsmessig deltaking. «Retorisk medborgarskap» og oppøving til deltaking vil ein såleis også kome inn på i dette emnet, som dermed òg tek for seg argumenterande tekstar og den rolla retorikk og situasjonsanalyse har i tekstforståing og offentleg liv.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

EPF100 Examen philosophicum og examen facultatum, NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR270 Nordisk fordjuping, NOR370 Fordjuping i nordisk med oppgåve

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Føredrag/munnleg framlegg1/120 minutterA - FAlle.1)
Med mappe som skal innehalde problemstilling med grunngjeving, annotert eller konnotert bibliografi, eventuelle vedlegg og andre naudsynte grunnlagsdokument for å skjøne det munnlege framlegget. Mappa er arbeidskrav for oppmelding til eksamen.
Dette emnet var nytt høsten 2017, men er samansett av lærestoffet i dei tekstvitskaplege (litterært orienterte) delane i dei tidlegare emna MLE315 og MLE345. Dei deltidsstudentar som før har teke anten MLE315 eller MLE345 vil få individuelt tilpassa pensum som vil vere annleis enn det pensum dei brukte på emnet dei har teke eksamen i før.
1) Alle som høver til føredrag

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av mappe
Mappa må vere godkjend for å gå opp til eksamen.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Faglærar
Finn Tveito
Studiekoordinator
Signe Ekenberg

Arbeidsformer

Forelesingar og seminar

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Munnleg språk og tekstbruk i endring (MLE315_1) 5

Ope for

Lektorutdanning for trinn 8-13
Nordisk og lesevitskap - masterstudium - deltid
Nordisk og lesevitskap - masterstudium

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar bland anna studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

I tillegg til dei nedanfor nemnde tekstane, som vil verte å få i kompendium, vil det bli brukt skjønnlitterære og saksorienterte eksempeltekstar i undervisninga (ca. 100-150 sider).
Bøkene til Jostein Gripsrud (2016-utgåva) og David Barton må kjøpast.
Asdal, Kristin; Berge, Kjell Lars; Gammelgaard, Karen, mfl. (2008): Teksten, i Tekst og historie. Å lese tekster historisk, Oslo: Universitetsforlaget, ss. 33-67.
Austin, J. L. (1962): Performatives and Constatives, i How to Do Things With Words, Oxford: Oxford University Press, ss. 1-11.
Barthes, Roland 1998: Retorikken. En ny innføring I den gamle retoriske kunst. Oslo: Spartacus Forlag, 100 sider.
Barton, David 2007: Literacy. An Introduction to the Ecology of Written Language. 2. utgåve. Lancaster/London: Routledge, kapittel 1-4.
Benjamin, Walter (1996): Fortælleren. Betragtninger over Nikolaj Leskovs forfatterskab, i Fortælleren og andre essays, utval og forord ved Peter Madsen, København: Gyldendal, ss. 37-67.
Berge, Kjell Lars 2003: "Hvor er makten i teksten?", i Kjell Lars Berge, Siri Meyer og Tom Are Trippestad: Maktens tekster, Oslo: Gyldendal Akademisk, 2003, s. 24-41 (27 s.)
Bloom, Harold (2000): "Why read?", i How to Read and Why, London: Fourth Estate, ss. 21-29.
Borch, Anita 2003: "Reklamens makt i en digital hverdag", i Fredrik Engelstad og Guro Ødegård (red.): Ungdom, makt og mening, Oslo: Gyldendal Akademisk (Makt- og demokratiutredningen), s. 210-231 (21 s.)
Bourdieu, Pierre 1991: Men vem har skapat skaparna? , i Kultur og kritik, Göteborg: Bokförlaget Daidalos, ss. 225-240.
Eco, Umberto 1996: Læserens rolle, i Olsen og Kelstrup: Værk og læser. En antologi. Om receptionsforskning, København: Borgen/Basis, ss. 178-200.
Fet, Jostein 2005: Utfordringar og svar. Streiftog gjennom eit forskningsfelt, i Atle Døssland og Geir Hjorthol (red.): Lesande og skrivande bønder. Foredrag frå eit symposium, ss. 13-31.
Finnegan, Ruth 1988: Literacy and Orality. Studies in the Technologies of Communication, Oxford: Blackwell, kap. 1-2, ss. 1-43.
Foucault, Michel (2003): Hva er en forfatter?, i Moderne litteraturteori. En antologi, utgåve, red. Atle Kittang, Arild Linneberg og Hans H. Skei, Oslo: Universitetsforlaget, ss. 287-302.
Furuseth, Sissel og Kristoffer Jul-Larsen 2016: «Litteraturkritikkens digitale grensesnitt», i Sissel Furuseth, Jahn Holljen Thon og Eirik Vassenden (red.): Norsk litteraturkritikks historie 1870-2010, Oslo: Universitetsforlaget s. 569-81 (12 s.).
Gjerstad, Magne: «Demokratisk kompetanse gjennom skriftlige ferdigheter i norskfaget», i Janne Madsen og Heidi Biseth (red.): Må vi snakke om demokrati? Om demokratisk praksis i skolen, Univ.forl. 2014, (19 s.)
Gee, James Paul 2008: The Literacy Myth and the History of Literacy, i Social Linguistics and Literacies. 3. Utgåve. New York/London: Routledge, ss. 50-66.
Goody, Jack 2000: Technologies of the Intellect: Writing and the Written Word, i The Power of The Written Tradition, Washington og London: Smithsonian Institution Press, ss. 132-151.
Gripsrud, Jostein 2016: «Identitet: mediene og vår selvforståelse», «Narratologi: Fortellingens former og funksjoner» og «Offentlighet og demokrati: idealer og realiteter», i Gripsrud: Mediekultur, mediesamfunn, Oslo: Universitetsforlaget, s. 13-43, 193-227, s. 231-275 (tilsaman 118 s.)
Hatlehol, Birte: «Aktive medborgere gjennom digital historiefortelling», i Kristin Holte Haug, Grete Jamissen og Carsten Ohlmann (red.): Digitalt fortalte historier. Refleksjon for læring, Oslo: Cappelen Damm Akademisk 2012, s. 145-164 (19 s.)
Hillesund, Terje 2010: «Digital reading spaces: How expert readers handle books, the Web and electronic paper», First Monday vol. 15, no. 4, http://firstmonday.org/ojs/index.php/fm/article/view/2762/2504
Hoggart, Richard 2001: "Literacy is not enough: Critical Litearcy and Creative Reading", i Hoggart: Betweeen Two Worlds. Essays, London: Aurum Press, s. 192-205 (13 s.)
Juuhl, Gudrun Kløve: "Språkval som situerte, retoriske handlingar", i Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland (red.): Nye røyster i nynorskforskinga, Oslo: Det Norske Samlaget 2015, s. 77-89 (22 s.)
Jørgensen, Charlotte og Merete Onsberg 2004: Praktisk argumentation, København: Nyt Teknisk Forlag, 128 sider (vert gjort tilgjengeleg digitalt etter avtale med forfattarane og forlaget).
Kock, Christian og Lisa Villadsen 2014: "Rhetorical Citizenship as a Conceptual Frame: What We Talk About When We Talk About Rhetorical Citizenship", i Contemporary Rhetorical Citizenship. Rhetoric in Society, red. Christian Koch & Lisa Villadsen, Leiden: Leiden University Press, s. 9-26 (15 s.)
Loga, Jill Merethe 2003: "Godhetsdiskursen", i Kjell Lars Berge, Siri Meyer, Tom Are Trippestad (red.): Maktens tekster, Oslo: Gyldendal Akademisk 2003, s. 62-81 (19 s). - evt utdrag frå doktoravhandlinga hennar, eller seinare
Maagerø, Eva 2005: "Språk og kontekst - situasjonskontekst" + "Språk og kulturkontekst" (kapittel 2-3) i Mågerø: Språket som mening. Innføring i funksjonell lingvistikk for studenter og lærere, Oslo: Universitetsforlaget, s. 37-86 (39 s.)
Miller, J. (2002): What is Literature? On Literature, London: Routledge, ss. 1-23.
Nicolaysen, Bjørn Kvalsvik 2005: Den protestantiske etikken. Refleksjonar omkring verknadshistoria til den religiøse litteraturen. I: Lesande og skrivande bønder. Foredrag frå eit symposium. Festskrift til Jostein Fet. Volda: Høgskulen i Volda.
Ong, Walter (2002): Writing restructures consciousness, i Orality and Literacy: the Technologizing of the Word, London: Routledge, ss. 78-116.
Penne, Sylvi: "Skjønnlitteraturen i skolen i et literacy-perspektiv", i Dagrun Skjelbred og Aslaug Veum (red.): Literacy i læringskontekster, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2013, s. 42-54 (12 s.)
Robinson, A. 2007: The Story of Writing. Ca. 15 s.
Rogne, Magne 2008: «Mot eit moderne norskfag. Tekstomgrepet i norskplanane», Acta Didactica Norge, vol. 2 nr 1, 24 s. (finst i pdf på nett, men beskytta, må hentast ned med løyve, men kan leggjast i kompendium).
Thon, Jan og Eirik Vassenden 2016: «Georg Johannesen som litteraturkritiker og metakritiker», i Siri Furuseth, Jan Holljen Thon og Eirik Vassenden (red.): Norsk litteraturkritikks historie 1870-2010, Oslo: Universitetsforlaget, s. 448-456 (8 sider).
Vannebo, Kjell Ivar: "The impact of education and literacy on language development in the 19th century", i Kjell Ivar Vannebo: Normer, strukturer og ferdigheter. Bidrag til nordisk språkvitenskap. Festskrift, red. Svein Lie og Geirr Wiggen, Oslo: Novus Forlag 2008, s. 249-272 (23 s.)
Aarseth, Espen: "Nye medier, gamle teorier", i Ture Schwebs (red.): Skjermtekster. Skriftkulturen og den elektroniske informasjonsteknologien, Oslo: Universitetsforlaget 1994, s. 55-72 (17 s.)


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 18.09.2019