MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Så lenge vi har kjennskap til menneskeleg historie, har tekstbruken endra seg og tekstar har vore med på å forme kulturen. Tekstbruken var heilt til nyleg sjølve grunnlaget for kommunikasjon på fråstand og for overlevering av tidlegare tiders kunnskap, og gjev framleis hovudmønsteret for formidling og for forma på læremiddel i mange medium. Skriftkulturen har òg påverka munnleg kultur og språkbruk gjennom tidene. Organiseringa av ein tekst gjev mønsteret for mange praktiske og munnleg baserte aktivitetar. I dette emnet ser vi nærare på tekstsituasjonen i samfunnet så vel som for den einskilde. Vi tek opp grunnleggjande spørsmål om tekst og tekststruktur, om samanhengane tekstar går inn i, om mottaking og bruk av tekst, om individuell utvikling og læring i arbeidet med tekstforming, og sosial og personleg endring. Her kjem vi inn på retorikk, oppfatningar om skrivar og lesar, spørsmålet om teksten som påverknadskjelde, om makt og om teksten som grunnlag for læring. Eit viktig spørsmål vi prøver å klårgjere, er kva for endringar og utviklingstrekk vi ser i tekstformene sjølve og i den sosiale organiseringa kring bruken av dei.Vi vil ta opp ulike sjangrar og teksthistoria om dei, og bruken av dei i tidlegare tider og vår tid. Endringar som pregar nyare litteratur vil verte lagt vekt på, med bakgrunn i eldre litteratur, og vi vil interessere oss både for skjønnlitteratur og for sakprosa. Her kjem vi inn på element som forfattarrolla, forteljinga sin funksjon, tilhøvet mellom forteljande og argumentative tekstar, og anna som opnar opp for diskusjonar og analytiske tilnærmingar til tekst. Læringsvilkåra for bruken av tekst i eit skriftkulturelt samfunn av vår type har endra seg monaleg dei siste tiåra, og vi går inn på nokre av dei viktigaste vilkåra for endra læringsprosessar i arbeidet med tekst.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studentane skal
  • ha kjennskap til vesentlege prosessar som formar tekst og tekstbruk
  • ha innsikt i læringsprosessane som bruk av tekst inneber, med utgangspunkt i måten
  • ha innsikt i prosessar som inngår i tekstproduksjon og tekstresepsjon, ut frå allmenne perspektiv og spesifikt ut frå norske tilhøve
  • forstå tilhøvet mellom tekstforming og språkforming, ut frå pragmatiske, retoriske, literacy-teoretiske og i viss monn tekstlingvistiske perspektiv, med særleg vekt på struktur og form
  • forstå nokre av dei sentrale prosessane som fører til utvikling av nye tekstformer i vår tid og måten desse påverkar arbeid med tekst og oppleving av samfunnet
  • ha kunnskap om diskusjonane om tilhøvet mellom munnleg og skriftleg språkbruk og interaksjonen mellom munnleg og skriftleg kultur
  • ha kjennskap til diskusjonane om tilhøvet mellom skjønnlitteratur og sakprosa («røyndomslitteratur»), sjangrar og teksttypar og om utviklinga av hybridtekstar i nye media
  • ha kjennskap til prinsipielle overleggingar om tilhøvet mellom tekst og samfunn
  • vere i stand til å sjå dei nemnde tilhøva i samanheng med målformuleringane i allmenn del og fagplanen for norsk i Kunnskapsløftet (KL06)

Ferdigheit
Studentane skal
  • kunne analysere trekk i skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • kunne gjere greie for og vurdere strukturprinsipp, retoriske grep og semantikk i tekstar
  • kunne jamføre tekstbruk i ulike samfunnsområde
  • kunne drøfte den sosiale funksjonen av tekstbruk
  • kunne setje den nasjonale utviklinga i samband med trekk i den internasjonale utviklinga av skriftkultur og skriftkunne
  • kunne reflektere systematisk over literacy som tilnærming til skriftkulturens funksjon i samfunnslivet
  • kunne reflektere over dei didaktiske utfordringane i arbeidet med tekst, både lesing og skriving
  • kunne nytte ulike kunnskapsbasar, både elektroniske og papirbaserte, på kjeldekritisk vis for å kunne setje seg inn i opplysningar om det litterære systemet, om tekstanalytiske tilhøve, om historiske, estetiske, praktiske og didaktiske sider av skriftkulturen og tekstbruken i samfunnet.

Generell kompetanse
Studentane skal
  • kunne gjere greie for ein del av dei grunnleggjande prosessane i tekstproduksjon, tekstresepsjon, analyse av tekst, tilhøvet mellom munnleg og skriftleg språkbruk, og kulturpolitikk for skjønnlitteratur og sakprosa for born og vaksne i Noreg. Slik skal dei også lettare få tilgang til forståing av den internasjonale utdanningssatsinga på literacy, slik denne viser seg i OECD-programbaserte læreplanar, såleis også i Noreg.

Innhald

Emnet tek opp sentrale spørsmål som gjeld forming, utvikling og endring av skriftkulturen nasjonalt og internasjonalt. Skriftkunna som ei tilnærming til å forstå kontekst, analyse og bruk av tekstar vil stå sentralt. Ein vil gå inn på skriftkulturelle utviklingstrekk, nokre systematiske (teoretiske/metodiske tilnærmingsmåtar), lese- og teksthistorie. Det sentrale føremålet vil vere å finne høvelege tilnærmingsmåtar til å analysere tekstutvikling, tekstleg endring og prosessane for skriftkulturell endring.
I det moderne samfunnet er det no vanskeleg å finne arbeidsoperasjonar som ikkje er avhengige av tekstbruk i ein eller annan forstand. I literacy-forskinga, som er eit internasjonalt felt i sterk vokster og med røter heilt attende til 1800-talets tekstforsking, har ein gjerne sett skriftkulturen som grunnlaget for utvikling av demokrati, sentrale samfunnsinstitusjonar som skule, institusjonsliv, vitskap, logikk og historieskriving og sjølvsagt kommunikasjon over store fråstandar. Store delar av moderne kommunikasjonsteori er bygd på inn- og avkoding, tolking, overføring og spreiing av tekstleg forma bodskapar.
Skjønnlitteraturen representerer eminente felt for utforming av draumar om endring, alternative verder, omveges innsikter og kommentarar til verda ikring oss. Diskusjon og verdivurderingar av litteratur har såleis alltid representert sentrale danningsverdiar, men frå tidleg-moderne tid av også ein øvingsarena for samfunnsmessig deltaking. «Retorisk medborgarskap» og oppøving til deltaking vil ein såleis også kome inn på i dette emnet, som dermed òg tek for seg argumenterande tekstar og den rolla retorikk og situasjonsanalyse har i tekstforståing og offentleg liv.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

EPF100 Examen philosophicum og examen facultatum, NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR270 Fordjuping i nordisk, NOR370 Bacheloroppgave i nordisk

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Føredrag/munnleg framlegg1/120 minutterA - FAlle.1)
Med mappe som skal innehalde problemstilling med grunngjeving, annotert eller konnotert bibliografi, eventuelle vedlegg og andre naudsynte grunnlagsdokument for å skjøne det munnlege framlegget. Mappa er arbeidskrav for oppmelding til eksamen.
Dette emnet var nytt høsten 2017, men er samansett av lærestoffet i dei tekstvitskaplege (litterært orienterte) delane i dei tidlegare emna MLE315 og MLE345. Dei deltidsstudentar som før har teke anten MLE315 eller MLE345 vil få individuelt tilpassa pensum som vil vere annleis enn det pensum dei brukte på emnet dei har teke eksamen i før.
1) Alle som høver til føredrag

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av mappe
Mappa må vere godkjend for å gå opp til eksamen.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Faglærar
Finn Tveito
Studiekoordinator
Signe Ekenberg

Arbeidsformer

Forelesingar og seminar

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Munnleg språk og tekstbruk i endring (MLE315_1) 5

Ope for

Emnet er valbart for studentar på master i nordisk og lesevitskap og studentar på lektorutdanning for trinn 8-13 med nordisk som fag 1. 

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar bland anna studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert omlag 14 dagar før påmelding til emnet opnar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 29.03.2020