MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Meistring av språket - tale og skrift - er avgjerande for individuell utvikling og deltaking i samfunnslivet, og språket er viktig både for eigen identitet og for sosialt og kulturelt fellesskap. Når kvart individ på ein slik bakgrunn til ei kvar tid gjer språklege val, er det ikkje til å undrast over at både tale og skrift i eit språksamfunn vil vera i konstant endring. I dette emnet ser me nærare på den norske språksituasjonen. Kva er stoda for norsk tale og skrift i dag, og i kva for lei ser det ut til at utviklinga går?

Læringsutbytte

Kunnskap
Studentane skal
  • ha kjennskap til trekk i den alminnelege språkutviklinga, både når det gjeld tale og skrift
  • ha innsikt i utviklingstendensar i norsk talemål allment og situasjonen på Sørvestlandet særskilt
  • forstå tilhøvet mellom talemål og skriftmål allment og verknader av aktuelle endringsprosessar både i munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • kjenna til skriftspråkets eigenart når det blir samanlikna med talespråket.
  • ha kunnskap om etablering og vedlikehald av skriftspråk, bl.a. om skrift, skriftsystem, skriftnormalar og språkbasar
  • ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp og ulike praksisar når det gjeld språknormering og språkplanlegging
  • ha innsikt i norsk språkpolitikk og språkutvikling i nyare tid

Ferdigheit
Studentane skal
  • kunna analysera trekk i munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • kunna beskriva og vurdera talemål, både i system- og kommunikasjonsperspektiv
  • kunna jamføra språkutviklinga i Noreg med det som skjer i andre land
  • kunna drøfta den sosiale funksjonen av bruk og endringsmønster i tale og skrift
  • kunna reflektera systematisk over utviklinga og statusen til norsk språk - særleg skriftspråk - i vår tid, og over faktorar som styrer språkutviklinga
  • kunna nytta ulike kunnskapsbasar, både elektroniske og papirbaserte, som inneheld opplysningar om norsk språk og språkutvikling

Generell kompetanse
Studentane skal
  • kunna gjera greie for tilhøvet mellom talespråk, skriftspråk, skriftkunne, skriftkultur og språkpolitikk i Noreg og nordiske granneland

Innhald

Emnet tek opp sentrale spørsmål som gjeld munnleg språkutvikling og -endring. Både språk- og dialektperspektivet vil stå sentralt, men det blir óg lagt vekt på å vise korleis skiljet mellom språk og dialekt ikkje alltid er like relevant i samband med taleutvikling. Talemålssituasjonen i dagens Noreg vil stå sentralt, og tilhøva på Sørvestlandet vil bli særleg tematisert, men det blir også lagt vinn på å sjå den norske utviklinga i lys av variasjons- og endringsmønster i andre land.
Med utgangspunkt blant anna i talemålsutviklinga, treng skriftspråket kontinuerleg vedlikehald bygt på systematisk observasjon og dokumentasjon av språkutviklinga og språkbruken i samfunnet, og emnet tek også opp slike aspekt. Sentralt i denne samanhengen er tilgang til elektroniske tekstkorpus og andre korpusbaserte språkbasar (ordbøker, språksamlingar, arkiv). I eit språksamfunn finst det både offisielle normer og subnormer som er etablerte av private aktørar. Ein kan skilja mellom dei preskriptive normene og eit kompleks av uformulerte og sosialt forankra operative normer som òg styrer språkbruken. Båe normsetta er forankra i sosiale og politiske maktstrukturar. Språkplanlegging og språknormering er ein del av den offisielle språkpolitikken. Norsk språkpolitikk omfattar òg medvit om påverknad frå andre språkkulturar, særleg engelsk språk, som følgje av kulturell og økonomisk posisjon.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

NOR110 Språkstruktur, NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen1/1 A - FAlle.
Omfang 6000 ord +/- 10 %, ikkje inkludert litteraturliste.
Hugs at emneplanen for MLEMAS/LMLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen i på masternivå må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Jan Kristian Hognestad
Studiekoordinator
Signe Ekenberg

Arbeidsformer

Forelesingar

Ope for

Emnet er valbart for studentar på master i nordisk og lesevitskap og studentar på lektorutdanning for trinn 8-13 med nordisk som fag 1. 

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar bland anna studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert omlag 14 dagar før påmelding til emnet opnar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 29.03.2020