MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.


Hovedtemaet i emnet er den norske velferdsstaten. Emnet vil gi studenten kunnskap om aktuell norsk og internasjonal velferdspolitikk. Emnet skal sette studenten i stand til å identifisere særtrekk ved den norske velferdsmodellen og til å kunne analysere relevante politiske utfordringer for sosialarbeidere.
Vi går inn på det normative grunnlaget for velferdsstaten, studerer særtrekk, suksessfaktorer og kjennemerker. Studenten blir gjort kjent med utfordringer for velferdsstatane og analyser av disse.

Læringsutbytte

Det vert forventa at studentane etter å ha fullført emnet har følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten skal ha kunnskap om
  • sentrale velferdspolitiske utviklingstrekk i velferdsstatane
  • særmerke ved den norske velferdsstaten
  • ulike lands politikk på utvalde velferdspolitiske område
  • teori og omgrep til analyse av velferdspolitikk
  • utfordringar for profesjonsutøvarar som iverkset velferdspolitikken

Ferdigheiter
Studenten skal kunne
  • Analysere fellestrekk og skilnader mellom ulike velferdsstatar
  • Identifisere suksessfaktorar i norsk velferds- og arbeidslivspolitikk og utfordringar for desse
  • Analysere aktuelle økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle problemstellingar i velferdspolitikken
  • Vise døme på utfordringar i velferdsstatane både på makronivå og på yrkesutøvar-nivå
  • Drøfte med bruk av fagomgrep og teori kva som er aktuelle tilpassingar i velferdspolitikken i møte med nye utfordringar

Generell kompetanse
Studenten skal vere i stand til å
  • Tenke sjølvstendig og kritisk om velferdsstatene
  • Identifisere og analysere normative utfordringar i profesjonsutøvinga konstruktivt
  • Formidle analyser av velferdspolitikken både av empirisk og teoretisk art

Innhald

Innhaldet kan beskrivast under tre hovudtema. Det første temaet gjeld nye utfordringar og endra rammevilkår for velferdsstatane i Europa. Til dømes er relevante tema innvandrings- og integrasjonsproblematikk, familie-, barne- og likestillingspolitikk, demografiske endringar, økonomiske krisar og fordelingsproblematikk og nye effektivitetskrav og styringsvilkår for det offentlege.
Det andre hovudtemaet gjeld kva som særmerker den norske velferdsmodellen, både på makronivå og i yrkeskvardagen til profesjonsutøvaren. Eit tema er korleis partssamarbeidet verkar i praksis. Dette samarbeidet har historiske røter. Gjennom eit samverke mellom velferdssektoren og arbeidsmarknaden har den norske modellen fått sine særtrekk. Ei aktuell problemstelling er i kva for grad den norske eller nordiske modellen er under press og kva for tilpassingar som då kan gjerast.
Det tredje hovudtemaet omhandlar teoretiske perspektiv og faglege omgrep for å analysere sentrale verdiar og bestanddelar i velferdspolitikken. Velferdsteorien som vert presentert, inneheld faglege omgrep for å skildre velferdsstatane, identifisere suksessfaktorar og press mot verdiane velferdspolitikken skal fremje. Velferdspolitikken inneber statleg intervensjon i individets fridom samstundes som denne intervensjonen i regelen er ein føresetnad for einskildborgarens autonomi. Studentane vert gjort nærare kjente med tematiseringa av denne dynamikken.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Skriftlig skoleeksamen, individuell hjemmeoppgave og muntlig eksamen
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftlig skoleeksamen5/104 timerA - FInga hjelpemiddel tillate
Skriftleg individuell heimeeksamen3/1014 dagerA - FAlle.
Muntleg eksamen2/10 A - F
Skuleeksamen: Ordinær skuleeksamen, 4, timar, ingen hjelpemiddel.
Skriftleg individuell heimeoppgåve:
Omfang: Maks. 1 600 ord inkl. innholdsfortegnelse, noter, kildehenvisninger og litteraturliste. Referansestil: APA 6th.
Konsekvensar av å ikkje bestå eksamen innan utsett eksamen:
Dersom studenten ikkje består eksamen seinast ved utsett eksamen, inneber dette at studenten må ta ny eksamen i emnet saman med etterfølgjande kull. Studenten må ta eksamen i samsvar med eventuelt ny og revidert emneomtale for emnet, men avgjer sjølv om han/ho vil følgje undervisning i det nye eksamenssemesteret.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Svein Erik Tuastad
Studiekoordinator
Aase Bø-Rygg

Arbeidsformer

Førelesningar og seminar.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Velferdsstaten sine profesjonar i kontekst (MSO121_1) 10
Velferdspolitikk og politisk teori (MSO121_2) 10
Velferdsstaten sine profesjonar i kontekst (MSO121_2) 20

Ope for

Sosialfag - Masterstudium

Emneevaluering

For å sikre kvalitet i studieprogrammet og et godt læringsmiljø for studenter og undervisere, gjennomføres det tidligdialoger i alle emner hvert semester, samt standardisert emneevaluering minimum hvert tredje år. Evalueringen av studieprogrammet og emnene er forankret i universitetets kvalitetssystem

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert så snart det er klargjort av emneansvarleg/faglærar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.

Sist oppdatert: 11.08.2020