MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekstar og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei.

Læringsutbytte

Kunnskap
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • Ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre
  • Vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep
  • Ha kjennskap til det retorikken seier om tekstane sine evner til å skape og formidle meining
  • Kunne gjere nytte av denne kunnskapen i arbeid med praktisk tekstanalyse

Ferdigheit
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • Kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori om den enkelte sjangeren, og med grunnlag i retorikk, semiotikk, litteraturvitskapleg terminologi og metode
  • Kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling
  • Kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte

Generell kompetanse
  • Kunne forholde seg til tekstar og sjangrar på ein fagleg måte
  • Bruke teoretisk innsikt i tilnærminga til dagens mediesituasjon

Innhald

Sjanger er ein måte å gruppere tekstar på som liknar på kvarandre. I nokre tilfelle er det enkelt å sjangerplassere teksten ein les, i andre tilfelle er det nettopp sjangerbrotet eller sjangerblandingane som gjer teksten interessant, og; kva gjer mediet teksten er formidla gjennom med vår forståing av han? Korleis kan vi lese og analysere tekstar av forskjellig art? Korleis har sjangrane utvikla seg over tid?
Sjanger og medium har mykje å seie for korleis vi les og forstår tekstar. For å bli gode tekstlesarar treng ein analytiske verkty og metodar. Vi les ikkje eit dikt og ein roman på same måten. Eit drama krev at ein nyttar andre tilnærmingsmåtar. God sjanger- og analysekunnskap er naudsynte kompetansar i ein globalisert, moderne mediekvardag.
Utover det er alle tekstar retoriske. Den retoriske utforminga av tekstane skal ikkje oppfattast som ein utvendig kategori som pregar utsjånaden til teksten. Kva er retorikkens meiningsdannande funksjon? Grunnleggjande kunnskapar om - og i - litterær analyse, retorikk og retorisk analyse skal lærast i løpet av semesteret.
Emnet er delt inn i to delar:
  1. Analyse av skjønnlitteratur
  2. Retorikk og retorisk analyse av ulike typar tekstar

Pensum er sett saman av skjønnlitterære tekstar, innføring i litterær analyse og sjangerteori, litteraturteori og retorikkteori. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Heimeeksamen
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 11/2 A - FAlle.
Heimeeksamen 21/2 A - FAlle.
Utfyllande presisering av eksamensoppgåvene:
Heimeeksamen 1
- omfang på 1500 ord (+/- 10%)
- skal skrivast på nynorsk
- tel 50 % av samla karakter
Heimeeksamen 2
- omfang på 2000 ord (+/- 10%)
- skal skrivast på bokmål
- tel 50 % av samla karakter
- kandidaten får velje mellom tre oppgåver som er knytt til emnets ulike hovudområde (prosa, lyrikk, drama, retorikk)

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

75% obligatorisk skriveseminar, innleveringsoppgåve.
Presisering av innleveringsoppgåva:
- omfang på 1000 ord (+/- 10 %).
- målform: valfri
- blir vurdert med greidd/ikkje greidd
Begge vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.

Studentar som får éi eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levera éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Ingrid Nielsen
Faglærar
Andreas Benedikt Jager , Michael Evans , Finn Tveito
Studiekoordinator
Anne Siri Norland , Karen Marie Espeland

Arbeidsformer

Det faglege arbeidet føregår gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid, rettleiing, sjølvstendige studiar, tekstanalysar og skriveprosessar, og dessutan munnlege og skriftlege øvingar. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165_1) 15
Tekst og sjanger (NOR140_1) 10
Litterær analyse (MNOR140_1) 10
Litterær analyse (NOR140_2) 10
Skjønnlitterære sjangrar (ÅNO140_1) 10
Retorikk, sjangrar og media (NOR160_1) 5

Ope for

Ope for alle bachelorstudentar og årskursstudentar i nordisk ved IKS. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søke opptak til UNOR165 Tekst og tolking. Det akademiske innhaldet i UNOR165 er likt innhaldet i NOR165, men studentane kan velje mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søke opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Nordisk, primært norsk litteratur og medietekstar, men tekstar på svensk og dansk skal vere representerte og lesast på originalspråket. Både mannlege og kvinnelege forfattarar skal vere med, og elles tekstar på både bokmål og nynorsk. Samiske tekstar i omsetjing skal vere representerte.
Endeleg litteraturliste vil ligge føre i god tid før semesterstart.
10 verk
100 sider litteraturteori
Ein roman, eit drama, ein film eller eit tv-program tel som eit verk. Det same gjer 100 sider prosa og 40 sider lyrikk.
Innføringsbøker
Christian Janss og Christian Refsum: Lyrikkens liv. Innføring i diktanalyse, Universitetsforlaget 2003
Frode Helland og Lisbeth Pettersen Wærp: Å lese drama. Innføring i teori og analyse, Universitetsforlaget 2011
Jakob Lothe: Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse. Universitetsforlaget 2011
Jens E. Kjeldsen: Retorikk i vår tid. En innføring i moderne retorisk teori, 2.utg. Spartacus 2009


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 24.08.2019