MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår tekstlingvistikk, der ein studerer samanbindinga av ord, frasar og setningar til større meiningsfylte tekstdelar og tekster. I tillegg inngår pragmatisk analyse og innføring i semantikk. I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosesser i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilde og tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dermed forståast som et multimodalt fenomen.

Læringsutbytte

Språkleg del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kjenna relevant teori og terminologi i tekstlingvistikk og pragmatikk
  • ha innsyn i korleis tyding blir bygd og har utvikla seg både på ord- og setningsnivået
  • ha kunnskap om tilhøvet mellom system og bruk i beskriving av språk

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna analysera og vurdera tekster i tekstlingvistisk perspektiv
  • kunna relatera verbalspråklege tekster til ulike brukssituasjonar og visa korleis kontekstuelle tilhøve påverkar språk og tekst
  • kunna gjera greie for innhaldssida i språket og visa korleis semantiske tilhøve bidrar til å skapa tekstlege heilskapar

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha utvikla evna til kritisk vurdering av språkbruk og tekster i ulike brukssituasjonar.

Litterær del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha omfattande kunnskap om tekst-bilde relasjonar (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar)
  • ha omfattande kunnskap om tekst-lyd relasjonar (song- og songtekstar; adaptasjon av litterære tekstar til lydbok)
  • ha brei forståing av teoridanninga innanfor de to feltane
  • ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valte områda
  • ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna fortolka og analysera tekster i samspel med andre mediale utformingar
  • kunna omsetja teoretisk røynsle til praktiske ferdigheiter
  • kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
  • kunna arbeide med multimodale tekstformer
  • kunna granska komplekse saksforhold

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
  • ha innsikt i tydinga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål

Innhald

Språkleg del: Emnet omfattar tekstlingvistikk, der ein studerer samanbindinga av ord, frasar og setningar til større meiningsfylte tekstdelar og tekster. I emnet inngår pragmatisk analyse, der ein studerer språk og tekster i ulike brukssituasjonar (kontekstar) og tilhøvet mellom språk og språkbrukarar. Emnet gjev også innføring i semantikk, dvs. innhaldssida til språket.
Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosessar som oppstår i overgang frå ein medieform til ein annan. Kvardagen vår er preget av mange tekstuelle blandingsformar og den 'reine' teksten har i stor grad mista sin dominante posisjon. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: dei vert filma, sett opp på scenen, omarbeida til teikneserie eller lesne inn som lydbok. Bruken av litterære tekster har forandra seg betraktelig kvar gang mediale innovasjonar har fått gjennomslag. I løpet av kurset skal de ulike mediale særeigenheiter beskrivast og analyserast. Alle disse diskusjonar skal relaterast til en diskusjon av kva et mulitmodalt tekstbegreip i dag kan være.

Forkunnskapskrav

Eit av dei følgjande kravalternativ:
  • NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse
  • NOR110 Språkstruktur, NOR120 Tekst og historie, NOR130 Språk og historie, NOR140 Litterær analyse, NOR150 Språk og litteratur i teori og praksis
  • NOR120 Tekst i kontekst, NOR130 Språk og historie, NOR140 Litterær analyse, NOR150 Språk og litteratur i teori og praksis
  • NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon
  • NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR145 Tekst i kontekst, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon
  • NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon

Andre emnekombinasjonar kan òg godtakast dersom dei har tilsvarande innhald.

Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande). Bachelorstudentar må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.

Eksamen/vurdering

Skriftleg prøve og mappeinnlevering
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg prøve1/24 timerA - FInga hjelpemiddel tillate
Mappeinnlevering1/2 A - F
Mappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10%). Kvar av desse tel 50%. Innleveringane og skriftleg prøve skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (NOR370) blir skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva blir skriven på bokmål.
Begge eksamensdeler må vera bestått for å få samla resultat i emnet.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Andreas Benedikt Jager
Faglærar
Klaus Johan Myrvoll
Studiekoordinator
Anne Siri Norland , Karen Marie Espeland

Arbeidsformer

Førelesningar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppfordra til kollokvieverksemd ut over den ordinære undervisninga.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språk i utvikling/Selvfremstillende litteratur (NOR250_1) 5
Språk i utvikling/Selvfremstillende litteratur (MNOR250_1) 5

Ope for

Ope for alle bachelorstudentar og fordjupingstudentar i nordisk ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søkja opptak til UNOR270. Det akademiske innhaldet i UNOR270 er likt innhaldet i NOR270, men studentane kan velja mellom å bruka bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litterær del
Bøker:
  • Arne Engelstad (2013) Fra bok til film. Bergen: Fagbokforlaget (140 sider)

Kompendium: Faglitteratur
  • Martin Engebretsen (2010: 17-36) Innledning til Skrift/Bilde/Lyd. Analyse av sammensatte tekster. Kristiansand: Høyskoleforlaget
  • Vilborg Hovet (2018) Hva er ein bok? Vidarforlag [ca. 50 sider utdrag]
  • Silke Horstkotte (2015: 27-48) Zooming in and out. Panels, Frames, Sequences and the building of Graphic Storyworlds. I: Daniel Stein (red.) From comic strips to graphic novels. Contributions to the theory and history of graphic narrative. Berlin: de Gruyter Verlag
  • Matthew Rubbery (2016) The untold story of the Talking Book. Cambridge: Havard University Press. [ca. 40 sider]
  • D. E. Wittkower: A preliminary Phenomenology of the Audiobook. I: Matthew Rubery (2011:216-231) Audiobook, Literature and Sound Studies. London: Routledge
  • Anders Bonde (2015:22-47) Emergens som teoretisk rammeværk i analysen af multimodale udtryksformer. I: Bjarne Markussen (red.) Lydspor. Når musikk møter tekst og bilder. Kristiansand: Portal forlag
  • Ole Karlsen (2013:227-240) Prøysens ordmusikk. Eksemplet lillebrors vise. I: Ole Karlsen (red.) Særlig forholdet musikk og lyrikk. Vallset: Opplandsforlaget
  • Svein Slettan (2015: 315-341) Naivisme og visekunst. Fenomenet Tønes. I: Bjarne Markussen (red.) Lydspor. Når musikk møter tekst og bilder. Kristiansand: Portal forlag
  • Roland Barhes (1977: 179-189) «The Grain of the voice» I: Roland Barthes Image Music Text. London: Fontana Press
  • Elisabeth Oxfeldt (2013:104-116) Postfeministisk revisjonisme i Lene Asks tegneserieroman Hitler, Jesus og farfar. I: Edda 2/2013

Skjønnlitteratur
  • Songtekstar av Alf Prøysen, De Lillos, Gatas parlament, Tønes etc. (20 sider)
  • Utdrag fra tegneserier/graphic novels (sammenlagt 100 sider): - Ibsen/Moen/Mairowitz (2014) Peer Gynt. Oslo: Minuskel - Jason (2001) Jernvognen. Oslo: Schibsted Forlag - Lene Ask (2006) Hitler, Jesus og Farfar. Oslo: Jippi forlag - Kristian Krohg-Sørensen (2014) Gulosten. Liv i helvete. Oslo: No Comprendo press
  • Ingvar Ambjørnsen (1997: 77-135) «Natt til mørk morgen»
  • Tore Renberg (2013) Vi ses i morgen [ca. 50 sider utdrag]
  • Henrik Ibsen (1867) Peer Gynt [ca. 50 sider utdrag]
  • Stein Riverton (1909) Jernvognen [ca. 50 sider utdrag]

Ca. 800 sider
Lingvistikk del
Bøker:
Austin, J.L. 1976 (Second Edition). How to do things with words. Oxford / New York: Oxford University Press. 176 s.
Vagle, Wenche m. fl. .1993. Tekst og kontekst. Oslo: LNU/Cappelen 291 s.
Kompendium:
Blakar, Rolf Mikkel. 2006. «Kapittel 4. Språkleg undertrykking eller undertrykking av språk.» I: Blakar, Rolf Mikkel. 2006. Språk er makt. 7. reviderte utgåve. Oslo: Pax s. 115 - 130
Eco, Umberto. 2000. «Den evige fascismen». I: Eco, Umberto. 2000. Fire moralske betraktninger. Oslo: Tiden s. 29 - 50.
Fossestøl, Bernt. 1983. «Tekstlingvistikk - en ny synsvinkel.» I: Fossestøl, Bernt. 1983. Bindingsverket i tekster. Oslo: Universitetsforlaget s. 100 - 146.
Greimas, A. J. 1974. Strukturel semantik. (Oversat fra fransk af Gudrun Hartvigson.) Odense: Borgen s. 13 - 85.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 20.08.2019