MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum (ca. 650 sider) i samråd med fagleg ansvarleg.

Læringsutbytte

Språkleg del

Kunnskaper
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha skaffa seg kunnskapar om eit nærare avgrensa språkleg spørsmål på grunnlag av ei sjølvstendig undersøking
  • ha tileigna seg relevant teoristoff og kjenna sentrale delar av forskingshistorikken innom emnet for undersøkinga
  • kunna gjennomføra materialinnhenting til undersøking av eit språkleg spørsmål
  • kunna gjennomføra faglege resonnement, prøva ut hypotesar og meistra oppgåveskriving


Ferdigheiter
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna avgrensa eit språkleg emne for undersøking og oppgåveskriving
  • kunna formulera problemstilling(ar), forskingsspørsmål og hypotesar
  • kunna gjennomføra ei mindre undersøking av eit språkleg emne og presentera resultata i ei oppgåve
  • kunna setja seg inn i relevant faglitteratur og teoristoff som grunnlag for undersøkinga
  • kunna beherska det formelle apparatet i samband med oppgåveskriving, bl.a. fagterminologi, referansar til litteratur og materialpresentasjon
  • kunna skriva korrekt på den valde målforma


Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha evne til kritisk tenking og refleksjon over eiga tolking og skriving
  • ha evne til å dra fagleg grunngjevne slutningar basert på innhenta forskingsmateriale

ha evne til å gjennomføra ei fagleg undersøking og presentera denne i ei oppgåve

Litterær del

Kunnskaper
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna sjølvstendig analysera litterære tekstar i lys av teoretisk kunnskap. Emnet bygger på et utvida tekstomgrep så som det vert implementert i studiet.
  • ha djuptgåande kunnskap om teoridanninga innanfor eit spesialisert område


Ferdigheter
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna formulera ei problemstilling
  • kunna planlegga og strukturera ei større vitskapleg oppgåve
  • kunna anvenda teoretisk tenking til praktiske ferdigheiter
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement i skrivinga av ein lengre vitskapleg tekst


Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha samla røynsle i problemløysing av komplekse oppgåver
  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
  • ha innsikt i betydninga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål

Innhald

Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum (ca. 650 sider) i samråd med fagleg ansvarleg. Framlegg til tittel og problemstilling for bacheloroppgåva og utkast til bacheloroppgåve skal leverast innan oppgjeven frist.
Sidan bacheloroppgåva står sentralt i dette emnet, kan studenten i større grad enn elles sjølv bestemme innhaldet i kurset. Studenten kan fordjupa seg i eit emne og byggja opp spesialkompetanse.

Forkunnskapskrav

NOR270 Nordisk fordjuping

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Bacheloroppgåve1/1 A - FAlle.
Bacheloroppgåva er ei sjølvstendig vitskapleg undersøking på 6000 ord, +/- 10 %, frårekna referansar, tabellar og vedlegg.
Bacheloroppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvara i NOR270 er skrivne på nynorsk, men på nynorsk dersom eksamenssvara i NOR270 er skrivne på bokmål.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Oppgaveseminar 75%, Innlevering av tittel, Innlevering av utkast
Oppgåveseminar med obligatorisk deltaking (75 %). Innlevering av tittel og problemstilling innan gitte fristar. Innlevering av utkast til oppgåve innan gitte fristar. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.
Studentar har ikkje krav på nye rettleiingstimar ved nytt eksamensforsøk/nytt opptak.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Andreas Benedikt Jager
Faglærar
Klaus Johan Myrvoll
Vegleiar
Finn Tveito , Jan Kristian Hognestad , Ingrid Nielsen
Studiekoordinator
Anne Siri Norland , Karen Marie Espeland

Arbeidsformer

Seminar, oppgåveseminar og individuell rettleiing.

Ope for

Ope for alle bachelorstudentar i nordisk språk og litteratur ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Ope for fordjupningstudentar i nordisk ved IKS. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søkja opptak til UNOR370. Det akademiske innhaldet i UNOR370 er likt innhaldet i NOR370, men studentane kan velja mellom å bruka bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga i form av sluttevaluering av minst to emne innanfor kvart fag gjennom eit studieår.

Litteratur

Særpensum til bacheloroppgåva skal avtalast i samråd med ansvarleg faglærar og skal vera godkjent av faglæraren.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 17.06.2019