MENY
Dette er studietilbudet for studieår 2019-2020. Endringer kan komme.


Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha:
  • inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument og eit medvite forhold til fagleg progresjon gjennom det 13-årige skuleløpet
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget samt læremiddel i undervisninga
  • avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheter:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • reflektere rundt norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk framføring
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar

Innhald

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både skriftleg gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene, og munnleg.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Munnleg framføring1/130 minutterA - FPower-point, lysark e.l.
Munnleg prøve på inntil 30 minutt:
  • Kvar student held ei førelesing for faglærarar og medstudentar på rundt 20 minutt. Deretter kan oppfølgingsspørsmål til førelesinga stillast.
  • Hjelpemiddel som powerpoint, støtteark og liknande kan brukast.
  • Emne skal godkjennas av faglærar på førehand innan gitt frist.
  • Både fagleg innhald og formidlingsevne blir vurdert
  • Studentane kan be om rettleiing.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk krav
Godkjent emne for munnleg eksamen innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Faglærar
Jan Kristian Hognestad, Torgrim Gram Økland, Ingrid Nielsen
Studiekoordinator
Irene Husveg, Anne Marie Nygaard
Praksiskoordinator
Thomas Wiborg Gabrielsen
Emneansvarleg
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Ope for

Praktisk pedagogisk utdanning - heltid

Emneevaluering

Evalueringer utgjør en sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfatter studentevaluering av undervisningen.

Litteratur

Læreplanane i norskhttp://www.udir.no/Lareplaner/Finn-lareplan/#norskhttp://www.udir.no/Lareplaner/Finn-lareplan/#norsk
Alver, Vigdis 2009: «Alle lærere er andrespråkslærere». I Traavik, Hallås og Ørvig Op.cit. s. 83-103 (20 s.)
Breivega, Kjersti Rongen og Sunniva Petersen Johansen 2016: «Frå sjanger til teksttype i skriveopplæringa?», Norsklæreren nr. 2, s. 50-62 (12 s.)
Fodstad, Lars August 2012: «Litteratur uten form? Om læreplanens mål for eldre litteratur på ungdomstrinnet», i Dagrun Skjelbred og Aslaug Veum (red.): Literacy i læringskontekster, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, s. 55-65 (11 s.)
Gjerstad, Magne 2014: «Demokratisk kompetanse gjennom skriftlige ferdigheter i norskfaget», i Janne Madsen og Heidi Biseth (red.): MÅ vi snakke om demokrati? Om demokratisk praksis i skolen, Oslo: Universitetsforlaget, s. 216-234 (18 s.)
Hennig, Åsmund. 2017: Litterær forståelse, 2. utgave, Oslo: Gyldendal.
Hertzberg, Frøydis 2008: «Grammatikk» i Nergård/Tonne (red.): Språkdidaktikk for norsklærere. Universitetsforlaget 2008 s. 17-26 (9 s.)
Hoel, Torlaug Løkensgard 1997: "Dei første 20 gongane er verst. Elevtale i klasserommet: problem og moglegheiter?", i Norsklæraren nr 5, s. 31-40 (9 s.)
Hognestad, Jan K. 2006: «Henger det nye norskfaget sammen? Noen refleksjoner med utgangspunkt i språkemnene i den nye norskplanen.» Norsklæreren 2 s.25-27 (4 s.).
Hognestad, Jan K. 2013: «Språkdelen av norskfaget - i læreplan og klasserom.» Norsklæreren nr. 2, s. 24-29 (8 s.)
Kjeldsen, Jens E. 2014: «Reis deg opp, og gjør din mening hørt» i Norsklæreren nr. 1, s. 29-36
(10 s.)
MacDonald, Kirsti og Else Ryen 2008: «Strukturer i målspråk og morsmål» i Selj, Elisabeth og Else Ryen (red.): Med språklige minoriteter i klassen. Språklige og faglige utfordringer. Cappelen akademisk 2008 s. 223-255 (22 s.)
Matre, Synnøve 2009: "Vurdering av samtaletekstar som didaktisk utfordring", i Ove Kristian Haugaløkken m.fl. (red.) Tekstvurdering som didaktisk utfordring, Universitetsforlaget, s. 139-149 (10 s.)
Moslet, Inge 2001: "Norsklærar" i Inge Moslet (red.): Norskdidaktikk. Ei grunnbok. Tano Aschehoug s. 19-41 (22 s.)
Nicolaysen, Bjørn K. 2005: "Har norskfaget eit omgrep om lesing? Merknader om lesing som grunnlag for samfunnsverksemd", i Arne Johannes Aasen og Sture Nome (red.): Det nye norskfaget, LNU Fagbokforlaget s. 135-159 (24 s.)
Penne, Sylvi 2012: «Når delen erstatter helheten: litterære utdrag og norskfagets lærebøker» i Matre, Sjøhelle og Solheim Op.cit. s. 163-174 (12 s.)
Roe, Astrid 2013: "Kapittel 1 Norske gutters resultater på nasjonale og internasjonale leseprøver", i Kåre Kverndokken (red.): Gutter og lesing, LNU Fagbokforlaget s. 13-32 (19 s.)
Skjelbred, Dagrun 2010: Frå Fadervår til Facebook. Skolens lese- og skriveopplæring i et historiskperspektiv, LNU. Fagbokforlaget kapittel 1 og 4 s. 11-39 og 117-154 (65 s.)
Skjelbred, Dagrun 2012: «Elevaktivitetens prinsipp og oppgaver i lærebøker» i Matre, Sjøhelle og Solheim Op.cit. s. 175-186 (10 s.)
Smidt, John, Elise Seip Tønnessen og Bente Aamotsbakken 2011: "Tekster i bevegelse: tekster, tegn og grunnleggende ferdigheter" i Tekst og tegn. Lesing, skriving og multimodalitet i skole og samfunn, Tapir Akademisk forlag, s. 7-34 (27 s.)
Svendsen, Bente Ailin 2009: "Flerspråklighet i teori og praksis" i Hvistendahl (red.): Flerspråklighet i skolen, Universitetsforlaget 2009 s. 31-60 (20 s.)
Torp, Arne 2005: "Dansk talemål på vei mot summetonen: Hva kan gjøres for å redde den skandinaviske nabospråksforståelsen?" Norsklæreren nr. 5, s. 21-23 (3 s.)
Traavik, Hilde 2009: «Grunnleggende ferdigheter: Hvorfor er de så viktige?» i Traavik, Hilde, Oddrun Hallås og Anne Ørvig (red.): Grunnleggende ferdigheter i alle fag. Universitetsforlaget 2009 s. 18-31 (15 s.)
Tønnessen, Elise Seip 2012: «Digitale fortellinger som multimodal tekst», i Kristin Holte Haug, Grete Jamissen og Carsten Ohlmann (red.): Digitalt fortalte historier. Refleksjon for læring, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, s. 61-75 (14 s).
Aase, Laila 2005: "Litterære samtalar", I Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Laila Aase (red.). Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Det norske Samlaget, s. 106-140 (34 s.)


Dette er studietilbudet for studieår 2019-2020. Endringer kan komme.

Sist oppdatert: 16.06.2019