MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.


Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha:
  • inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument og eit medvite forhold til fagleg progresjon gjennom det 13-årige skuleløpet
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget samt læremiddel i undervisninga
  • avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheter:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • reflektere rundt norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk framføring
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar

Innhald

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både skriftleg gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene, og munnleg.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Munnleg framføring1/130 minutterA - FPower-point, lysark e.l.
Munnleg prøve på inntil 30 minutt:
  • Kvar student held ei førelesing for faglærarar og medstudentar på rundt 20 minutt. Deretter kan oppfølgingsspørsmål til førelesinga stillast.
  • Hjelpemiddel som powerpoint, støtteark og liknande kan brukast.
  • Emne skal godkjennas av faglærar på førehand innan gitt frist.
  • Både fagleg innhald og formidlingsevne blir vurdert
  • Studentane kan be om rettleiing.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk krav
Det obligatoriske kravet er at emnet for munnleg eksamen må være godkjent innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Faglærar
Torgrim Gram Økland , Gunvald Dversnes
Praksiskoordinator
Kristin Henanger Haugen, Lene Båkind Sollie
Studiekoordinator
Irene Husveg , Anne Marie Nygaard
Emneansvarleg
Ingrid Nielsen

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Ope for

Lektorutdanning for trinn 8-13
Praktisk pedagogisk utdanning - deltid
Praktisk pedagogisk utdanning - heltid

Emneevaluering

Evalueringer utgjør en sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfatter studentevaluering av undervisningen.

Litteratur


Lenke til pensumlitteratur


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.

Sist oppdatert: 07.07.2020