MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha:
  • inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til fagleg progresjon gjennom det 13-årige skuleløpet
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget samt læremiddel i undervisninga
  • har avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheter:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • skrive om norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk fagskriving
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar

Innhald

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både skriftleg gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene, og munnleg.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg heimeoppgåve1/1 A - FAlle.
Fagdidaktisk oppgåve:
  • Individuell oppgåve på 3000-4000 ord.
  • Studentane skal levere forslag til problemstilling innan gitte fristar
  • Problemstillinga må godkjennast av faglærar
  • Oppgåva skal ha rettleiing

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk krav
Godkjend problemstilling for fagdidaktisk oppgåve innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Studiekoordinator
Irene Husveg , Anne Marie Nygaard
Faglærar
Jan Kristian Hognestad
Emneansvarleg
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Praksiskoordinator
Benthe Lill Wian

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Ope for

Praktisk pedagogisk utdanning - heltid

Emneevaluering

Evalueringer utgjør en sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfatter studentevaluering av undervisningen.

Litteratur

Læreplanane i norsk http://www.udir.no/Lareplaner/Finn-lareplan/#norskhttp://www.udir.no/Lareplaner/Finn-lareplan/#norsk
Eriksen, Randi Tye 2008: «Frå faktakopiering til fagskriving: informasjonskompetanse på veg inn iskulen» i Lorentzen og Smith Op cit. s. 136-146 (10 s.)Hennig, Åsmund 2010: «Skriving som leseutvikling», i Hennig: Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk, Oslo: Gyldendal, s. 198-223 (25 s.)
Fjørtoft, Henning 2014: «Skriving», = kap. 6 i Fjørtoft: Norskdidaktikk, Bergen: Fagbokforlaget, s. 149-181 (32 s.)
Otnes, Hildegunn: «Skriveoppgaver under lupen», i Hildegunn Otnes (red.): Å invitere elever til skriving. Ulike perspektiver på skriveoppgaver, Bergen: Fagbokforlaget 2015, s. 11-28 (17 s.)
Fjørtoft, Henning 2014: «Vurdering i norskfaget», = kap. 10 i Fjørtof: Fjørtoft: Norskdidaktikk, Bergen: Fagbokforlaget, s. 271-297 (27 s.)
Hertzberg, Frøydis 2008: «Sjangerskriving i ungdomsskolen: fortelling er ikke nok.» i Bjor (red.): Deter språket som bestemmer. Læring og språkutvikling i grunnskolen. LNU/Fagbokforlaget 2008 s. 223-241 (18 s.)
Hertzberg, Frøydis 2010: "Nadderud-prosjektet. Et eksempel på lærersamarbeid om fagskriving i videregående skole" I Norsklæreren nr .4 s. 25-28 (4 s.).
Hertzberg, Frøydis 2011: «Skriving i fagene-viktig, riktig og nødvendig» i Flyum, Karl Henrik og Frøydis Hertzberg (red.): Skriv i alle fag! Argumentasjon og kildebruk i videregående skole. Universitetsforlaget 2011 s. 9-20 (10 s.)
Hoel, Torlaug Løkensgaard og Klara Lillevik Rokkones 2012: «Frå tommestokk til pc: yrkesfaglærarstudentar og skriving» i Matre, Sjøhelle og Solheim: Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser s. 239-249 (10 s.)
Igland, Mari-Ann og Hilchen Sundby 2012: «Argumentasjon i skriveopplæringa: en praksisarena for meningsbrytning og dialog» i Matre, Sjøhelle og Solheim Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. s. 123-136 (14 s.)
Krogh, Ellen og Peter Hobel 2012: «Årets bedste opgave: en analyse af en elevtekst i dens kontekst» i Matre, Sjøhelle og Solheim: Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. s. 137-150 (13 s.)
Lorentzen, Rutt Trøite 2008: "Introduksjon og overgripende perspektiv. Å skrive i alle fag" i Rutt Trøite Lorentzen og Jon Smidt (red.): Å skrive i alle fag, Universitetsforlaget s. 7-21 (14 s.)
Løiten, Tore Marius 2011: «Fant det på nettet. Kildebruk på veien til akademisk skriving» i Flyum og Hertzberg: Skriv i alle fag! Argumentasjon og kildebruk i videregående skole. s. 179-199 (20 s.)
Maagerø, Eva og Dagrun Skjelbred 2012: «Skrivehendelser i yrkesfaglig program i videregåendeskole: Martin og Jim gjør oppgåve i faget industriteknologi» i Matre, Sjøhelle og Solheim Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. s. 225-239 (12 s.)
Øgreid, Anne Kristine 2008: «Stjålen skriveferdighet? Om argumenterende skriving på ungdomstrinnet» i Nergård/Tonne: Språkdidaktikk for norsklærere. s. 67-82 (15 s.)
Aase, Laila 2012: «Skriveprosesser som danning» i Matre, Synnøve, Dagrun Kibsgaard Sjøhelle og Randi Solheim (red.): Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser. Universitetsforlaget 2012 s. 48-58 (10 s.)
I tillegg kjem eit sjølvvalt pensum på 200 sider i samband med den fagdidaktiske oppgåva.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 19.08.2019