MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha:
  • inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til fagleg progresjon gjennom det 13-årige skuleløpet
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget samt læremiddel i undervisninga
  • har avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheter:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • skrive om norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk fagskriving
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne:
  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar

Innhald

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både skriftleg gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene, og munnleg.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg heimeoppgåve1/1 A - FAlle.
Fagdidaktisk oppgåve:
  • Individuell oppgåve på 3000-4000 ord.
  • Studentane skal levere forslag til problemstilling innan gitte fristar
  • Problemstillinga må godkjennast av faglærar
  • Oppgåva skal ha rettleiing

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk krav
Godkjend problemstilling for fagdidaktisk oppgåve innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Studiekoordinator
Irene Husveg , Anne Marie Nygaard
Faglærar
Gunvald Dversnes
Emneansvarleg
Ingrid Nielsen
Praksiskoordinator
Benthe Lill Wian

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Ope for

Praktisk pedagogisk utdanning - heltid

Emneevaluering

Evalueringer utgjør en sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfatter studentevaluering av undervisningen.

Litteratur

Et selvvalgt pensum på 200 sider, brukt i forbindelse med den fagdidaktiske oppgaven, kommer i tillegg til den vedlagte kildelisten.

Eriksen, R. T. (2009). Frå faktakopiering til fagskriving: Informasjonskompetanse på veg inn i skulen. I R. T. Lorentzen & J. Smidt (Red.), Å skrive i alle fag (s. 136–146). Oslo: Universitetsforlaget.
Fjørtoft, H. (2014a). Planlegging i norskfaget. I LNUs skriftserie: Bd. 198. Norskdidaktikk (s. 299–316). Bergen: Fagbokforlaget.
Fjørtoft, H. (2014b). Skriving. I LNUs skriftserie: Bd. 198. Norskdidaktikk (s. 149–181). Bergen: Fagbokforlaget.
Fjørtoft, H. (2014c). Vurdering i norskfaget. I LNUs skriftserie: Bd. 198. Norskdidaktikk (s. 271–297). Bergen: Fagbokforlaget.
Hennig, Å. (2017a). Skriving som leseutvikling. I Litterær forståelse innføring i litteraturdidaktikk (s. 176–192). Oslo: Gyldendal akademisk.
Hennig, Å. (2017b). Vurdering. I Litterær forståelse innføring i litteraturdidaktikk (s. 213–226). Oslo: Gyldendal akademisk.
Hertzberg, F. (2008). Sjangerskriving i ungdomsskolen: Fortelling er ikke nok. I L. Bjar (Red.), Det er språket som bestemmer! Læring og språkutvikling i grunnskolen (s. 223–241). Bergen: Fagbokforlag.
Hertzberg, F. (2011). Skriving i fagene—Viktig, riktig og nødvendig. I K. H. Flyum & F. Hertzberg (Red.), Skriv i alle fag!: Argumentasjon og kildebruk i videregående skole (s. 9–20). Oslo: Universitetsforlaget.
Hoel, T. L., & Rokkones, K. L. (2012). Frå tommestokk til pc: Yrkesfaglærarstudentar og skriving. I S. Matre, D. K. Sjøhelle, & R. Solheim (Red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksis (s. 239–249). Oslo: Universitetsforlaget.
Igland, M.-A., & Sundby, H. (2012). Argumentasjon i skriveopplæringa: En praksisarena for meningsbryting og dialog. I S. Matre, D. K. Sjøhelle, & R. Solheim (Red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksis (s. 123–136). Oslo: Universitetsforlaget.
Kringstad, T., & Kvithyld, T. (2013). Skriving på ungdomstrinnet. Fem prinsipp for god skriveopplæring. Bedre skole, Nr. 2, 71–79.
Krogh, E., & Hobbel, P. (2012). Årets bedste opgave: En analyse af en elevtekst i dens kontekst. I S. Matre, D. K. Sjøhelle, & R. Solheim (Red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksis (s. 137–150). Oslo: Universitetsforlaget.
Kvithyld, T., & Aasen, A. J. (2011). Fem teser om funksjonell respons på elevtekster. I J. K. Smidt, R. Solheim, & A. J. Aasen (Red.), På sporet av god skriveopplæring ei bok for lærere i alle fag (s. 87–99). Trondheim: Tapir akademisk.
Lorentzen, R. T., & Smidt, J. (2009). Introduksjon og overgripende perspektiv. Å skrive i alle fag. I Å skrive i alle fag (s. 7–21). Oslo: Universitetsforlaget.
Løiten, T. M. (2011). Fant det på nettet. Kildebruk på veien til akademisk skriving. I K. H. Flyum & F. Hertzberg (Red.), Skriv i alle fag!: Argumentasjon og kildebruk i videregående skole (s. 179–199). Oslo: Universitetsforlaget.
Maagerø, E., & Skjelbred, D. (2012). Skrivehendelser i yrkesfaglige program i videregående skole: Martin og Jim gjør oppgåve i faget industriteknlogi. I S. Matre, D. K. Sjøhelle, & R. Solheim (Red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksis (s. 225–239). Oslo: Universitetsforlaget.
Utdanningsdirektoratet. (2013). Læreplan i norsk (NOR1-05). Hentet 30. september 2019, fra https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/finn-lareplan/lareplan/
Øgreid, A. K. (2008). Stjålen skriveferdighet? Om argumenterende skriving på ungdomstrinnet. I M. E. Nergård & I. Tonne (Red.), Språkdidaktik for norsklærere: Mangfold av språk og tekster i undervisningen (s. 67–82). Oslo: Universitetsforlaget.
Aase, L. (2012). Skriveprosesser som danning. I S. Matre, D. K. Sjøhelle, & R. Solheim (Red.), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksis (s. 48–58). Oslo: Universitetsforlaget.



Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 15.12.2019