MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekstar og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei.

Læringsutbytte

Kunnskap
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • Ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre
  • Vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep
  • Ha kjennskap til det retorikken seier om tekstane sine evner til å skape og formidle meining
  • Kunne gjere nytte av denne kunnskapen i arbeid med praktisk tekstanalyse

Ferdigheit
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • Kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori om den enkelte sjangeren, og med grunnlag i retorikk, semiotikk, litteraturvitskapleg terminologi og metode
  • Kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling
  • Kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte

Generell kompetanse
  • Kunne forholde seg til tekstar og sjangrar på ein fagleg måte
  • Bruke teoretisk innsikt i tilnærminga til dagens mediesituasjon

Innhald

Sjanger er ein måte å gruppere tekstar på som liknar på kvarandre. I nokre tilfelle er det enkelt å sjangerplassere teksten ein les, i andre tilfelle er det nettopp sjangerbrotet eller sjangerblandingane som gjer teksten interessant, og; kva gjer mediet teksten er formidla gjennom med vår forståing av han? Korleis kan vi lese og analysere tekstar av forskjellig art? Korleis har sjangrane utvikla seg over tid?
Sjanger og medium har mykje å seie for korleis vi les og forstår tekstar. For å bli gode tekstlesarar treng ein analytiske verkty og metodar. Vi les ikkje eit dikt og ein roman på same måten. Eit drama krev at ein nyttar andre tilnærmingsmåtar. God sjanger- og analysekunnskap er naudsynte kompetansar i ein globalisert, moderne mediekvardag.
Utover det er alle tekstar retoriske. Den retoriske utforminga av tekstane skal ikkje oppfattast som ein utvendig kategori som pregar utsjånaden til teksten. Kva er retorikkens meiningsdannande funksjon? Grunnleggjande kunnskapar om - og i - litterær analyse, retorikk og retorisk analyse skal lærast i løpet av semesteret.
Emnet er delt inn i to delar:
  1. Analyse av skjønnlitteratur
  2. Retorikk og retorisk analyse av ulike typar tekstar

Pensum er sett saman av skjønnlitterære tekstar, innføring i litterær analyse og sjangerteori, litteraturteori og retorikkteori. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Heimeeksamen
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1 A - FAlle.
Heimeeksamen 2 A - FAlle.
Utfyllande presisering av eksamensoppgåvene:
Heimeeksamen 1
  • omfang på 1500 ord (+/- 10%)
  • skal skrivast på nynorsk
  • tel 50 % av samla karakter

Heimeeksamen 2
  • omfang på 2000 ord (+/- 10%)
  • skal skrivast på bokmål
  • tel 50 % av samla karakter
  • kandidaten får velje mellom tre oppgåver som er knytt til emnets ulike hovudområde (prosa, lyrikk, drama, retorikk)

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

75% obligatorisk oppmøte skriveseminar, To innleveringsoppgåver
Presisering av innleveringsoppgåva:
- omfang på 1000 ord (+/- 10 %).
- målform: valfri
- blir vurdert med greidd/ikkje greidd
Begge vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.
Studentar som får éi eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levera éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Ingrid Nielsen
Faglærar
Andreas Benedikt Jager , Michael Evans, Finn Tveito
Studiekoordinator
Karen Marie Espeland , Anne Marie Nygaard

Arbeidsformer

Det faglege arbeidet føregår gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid, rettleiing, sjølvstendige studiar, tekstanalysar og skriveprosessar, og dessutan munnlege og skriftlege øvingar. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Ope for

Emne med kode UNOR er nordisk-emne som ikkje stiller krav til eksamenssvar på ei bestemt målform. Dette vil seia at studentane kan velja mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Emne med UNOR-kode er tilgjengelege for internasjonale bachelorstudentar (utan generell studiekompetanse frå norsk vidaregåande skule), eller bachelorstudentar som har fått gyldig fritak frå sidemålsundervisning i vidaregåande skule. Studentar frå dei andre nordiske landa kan óg melda seg opp til UNOR-emne, og dei kan då levera eksamenssvara på dansk eller svensk.

Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil gå fram av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert så snart det er klargjort av emneansvarleg/faglærar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 25.05.2020