MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår tekstlingvistikk, der ein studerer samanbindinga av ord, frasar og setningar til større meiningsfylte tekstdelar og tekster. I tillegg inngår pragmatisk analyse og innføring i semantikk. I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosesser i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilde og tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dermed forståast som et multimodalt fenomen.

Læringsutbytte

Språkleg del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kjenna relevant teori og terminologi i tekstlingvistikk og pragmatikk
  • ha innsyn i korleis tyding blir bygd og har utvikla seg både på ord- og setningsnivået
  • ha kunnskap om tilhøvet mellom system og bruk i beskriving av språk

Ferdigheite:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna analysera og vurdera tekster i tekstlingvistisk perspektiv
  • kunna relatera verbalspråklege tekster til ulike brukssituasjonar og visa korleis kontekstuelle tilhøve påverkar språk og tekst
  • kunna gjera greie for innhaldssida i språket og visa korleis semantiske tilhøve bidrar til å skapa tekstlege heilskapar

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha utvikla evna til kritisk vurdering av språkbruk og tekster i ulike brukssituasjonar.

Litterær del
Kunnskap:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • Ha omfattande kunnskap om tekst-bilde relasjonar (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar)
  • Ha omfattande kunnskap om tekst-lyd relasjonar (song- og songtekstar; adaptasjon av litterære tekstar til lydbok)
  • Ha brei forståing av teoridanninga innanfor de to feltane
  • Ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valte områda
  • Ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane

Ferdigheite:
  • Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • Kunna fortolka og analysera tekster i samspel med andre mediale utformingar
  • Kunna applikera teoretisk tenking til praktiske ferdigheiter
  • Kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
  • Kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
  • Kunna arbeide med multimodale tekstformer
  • Kunna granska komplekse saksforhold

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • Ha evne til kritisk tenking
  • Kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • Kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
  • Ha innsikt i tydinga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål

Innhald

Språkleg del: Emnet omfattar tekstlingvistikk, der ein studerer samanbindinga av ord, frasar og setningar til større meiningsfylte tekstdelar og tekster. I emnet inngår pragmatisk analyse, der ein studerer språk og tekster i ulike brukssituasjonar (kontekstar) og tilhøvet mellom språk og språkbrukarar. Emnet gjev også innføring i semantikk, dvs. innhaldssida til språket.
Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosessar som oppstår i overgang frå ein medieform til ein annan. Kvardagen vår er preget av mange tekstuelle blandingsformar og den 'reine' teksten har i stor grad mista sin dominante posisjon. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: de filmatiserast, satt opp på scenen, omarbeidast til teikneserie eller lest inn som lydbok. Bruken av litterære tekster har forandra seg betraktelig kvar gang mediale innovasjonar har fått gjennomslag. I løpet av kurset skal de ulike mediale særeigenheiter beskrivast og analyserast. Alle disse diskusjonar skal relaterast til en diskusjon av kva et mulitmodalt tekstbegreip i dag kan være.

Forkunnskapskrav

Studenten må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starte på fordjupinga.

Eksamen/vurdering

Skriftleg prøve og mappeinnlevering
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg prøve1/24 timerA - F
Mappeinnlevering1/2 A - F
Mappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10%). Kvar av desse tel 50 %. Innleveringane og skriftleg prøve skal skrivast på bokmål eller nynorsk.
Begge eksamensdeler må vera bestått for å få samla resultat i emnet
Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Andreas Benedikt Jager
Studiekoordinator
Anne Siri Norland , Karen Marie Espeland

Arbeidsformer

Førelesningar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppfordra til kollokvieverksemd ut over den ordinære undervisninga.

Ope for

Emne med kode UNOR er nordisk-emne som ikkje stiller krav til eksamenssvar på ei bestemt målform. Dette vil seia at studentane kan velja mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Emne med UNOR-kode er tilgjengelege for internasjonale bachelorstudentar (utan generell studiekompetanse frå norsk vidaregåande skule), eller bachelorstudentar som har fått gyldig fritak frå sidemålsundervisning i vidaregåande skule. Studentar frå dei andre nordiske landa kan óg melda seg opp til UNOR-emne, og dei kan då levera eksamenssvara på dansk eller svensk.

Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil gå fram av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litterær del
Bøker:
  • Stein Riverton (1909) Jernvognen
  • Jason (2001) Jernvognen
  • Lene Ask (2006) Hitler, Jesus og Farfar. Oslo: Jippi forlag
  • Arne Engelstad (2013) Fra bok til film. Bergen: Fagbokforlaget

Kompendium:
  • Songtekstar av Alf Prøysen, De Lillos, Gatas parlament, Tønes etc. (40 sider)
  • Ingvar Ambjørnsen (1997) «Natt til mørk morgen»
  • Tore Renberg (2013) Vi ses i morgen (50 sider utdrag)
  • Matthew Rubbery (2016) The untold story of the Talking Book. Cambridge: Havard University Press. [ca. 40 sider]
  • D. E. Wittkower: A preliminary Phenomenology of the Audiobook. I: Matthew Rubery (2011:216-231) Audiobook, Literature and Sound Studies. London: Routledge
  • Jørgen Warvik (2017:) Lydjournalistikk. Innføring I Radio og Podkasting. Oslo: Samlaget
  • Anders Bonde (2015:22-) Emergens som teoretisk rammeværk i analysen af multimodale udtryksformer. I: Bjarne Markussen (red.) Lydspor. Når musikk møter tekst og bilder. Kristiansand: Portal forlag
  • Bjarne Markussen (2010) Skrift / Bilde / Lyd
  • Elisabeth Oxfeldt (2013:104-116) Postfeministisk revisjonisme i Lene Asks tegneserieroman Hitler, Jesus og farfar. I: Edda 2/2013

Lingvistikk del
Bøker:
Austin, J.L. 1976 (Second Edition). How to do things with words. Oxford / New York: Oxford University Press. 176 s.
Vagle, Wenche m. fl. .1993. Tekst og kontekst. Oslo: LNU/Cappelen 291 s.
Kompendium:
Blakar, Rolf Mikkel. 2006. «Kapittel 4. Språkleg undertrykking eller undertrykking av språk.» I: Blakar, Rolf Mikkel. 2006. Språk er makt. 7. reviderte utgåve. Oslo: Pax s. 115 - 130
Eco, Umberto. 2000. «Den evige fascismen». I: Eco, Umberto. 2000. Fire moralske betraktninger. Oslo: Tiden s. 29 - 50.
Fossestøl, Bernt. 1983. «Tekstlingvistikk - en ny synsvinkel.» I: Fossestøl, Bernt. 1983. Bindingsverket i tekster. Oslo: Universitetsforlaget s. 100 - 146.
Greimas, A. J. 1974. Strukturel semantik. (Oversat fra fransk af Gudrun Hartvigson.) Odense: Borgen s. 13 - 85.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 23.08.2019