MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum (ca. 650 sider) i samråd med fagleg ansvarleg.

Læringsutbytte

Språkleg del
Kunnskaper
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha skaffa seg kunnskapar om eit nærare avgrensa språkleg spørsmål på grunnlag av ei sjølvstendig undersøking
  • ha tileigna seg relevant teoristoff og kjenna sentrale delar av forskingshistorikken innom emnet for undersøkinga
  • kunna gjennomføra materialinnhenting til undersøking av eit språkleg spørsmål
  • kunna gjennomføra faglege resonnement, prøva ut hypotesar og meistra oppgåveskriving

Ferdigheiter
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna avgrensa eit språkleg emne for undersøking og oppgåveskriving
  • kunna formulera problemstilling(ar), forskingsspørsmål og hypotesar
  • kunna gjennomføra ei mindre undersøking av eit språkleg emne og presentera resultata i ei oppgåve
  • kunna setja seg inn i relevant faglitteratur og teoristoff som grunnlag for undersøkinga
  • kunna beherska det formelle apparatet i samband med oppgåveskriving, bl.a. fagterminologi, referansar til litteratur og materialpresentasjon
  • kunna skriva korrekt på den valde målforma

Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha evne til kritisk tenking og refleksjon over eiga tolking og skriving
  • ha evne til å dra fagleg grunngjevne slutningar basert på innhenta forskingsmateriale
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga

Litterær del
Kunnskaper
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna sjølvstendig analysera litterære tekstar i lys av teoretisk kunnskap. Emnet bygger på et utvida tekstomgrep så som det vert implementert i studiet.
  • ha djuptgåande kunnskap om teoridanninga innanfor eit spesialisert område

Ferdigheter
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • kunna formulera ei problemstilling
  • kunna planlegga og strukturera ei større vitskapleg oppgåve
  • kunna anvenda teoretisk tenking til praktiske ferdigheiter
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement i skrivinga av ein lengre vitskapleg tekst

Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:
  • ha samla røynsle i problemløysing av komplekse oppgåver
  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • ha innsikt i kva tekstuelle element kan ha å seia i definisjons- og maktspørsmål
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga

Innhald

Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum (ca. 650 sider) i samråd med fagleg ansvarleg. Framlegg til tittel og problemstilling for bacheloroppgåva og utkast til bacheloroppgåve skal leverast innan oppgjeven frist.
Sidan bacheloroppgåva står sentralt i dette emnet, kan studenten i større grad enn elles sjølv bestemme innhaldet i kurset. Studenten kan fordjupa seg i eit emne og byggja opp spesialkompetanse.

Forkunnskapskrav

Eit av dei følgjande kravalternativ:
  • UNOR270 Fordjuping i nordisk
  • NOR270 Fordjuping i nordisk
Studenten må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Bacheloroppgåve1/1 A - FAlle.
Bacheloroppgåva er ei sjølvstendig vitskapleg undersøking på 6000 ord, +/- 10 % frårekna referansar, tabellar og vedlegg.
Bacheloroppgåva skal skrivast på bokmål eller nynorsk.
I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Oppgaveseminar 75%, Innlevering av tittel, Innlevering av utkast
Oppgåveseminar med obligatorisk deltaking (75 %), Innlevering av tittel og problemstilling innan gitte fristar. Innlevering av utkast til oppgåve innan gitte fristar. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Andreas Benedikt Jager
Faglærar
Klaus Johan Myrvoll
Vegleiar
Finn Tveito , Jan Kristian Hognestad , Ingrid Nielsen
Studiekoordinator
Karen Marie Espeland

Arbeidsformer

Seminar, oppgåveseminar og individuell rettleiing.

Ope for

Emne med kode UNOR er nordisk-emne som ikkje stiller krav til eksamenssvar på ei bestemt målform. Dette vil seia at studentane kan velja mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Emne med UNOR-kode er tilgjengelege for internasjonale bachelorstudentar (utan generell studiekompetanse frå norsk vidaregåande skule), eller bachelorstudentar som har fått gyldig fritak frå sidemålsundervisning i vidaregåande skule. Studentar frå dei andre nordiske landa kan óg melda seg opp til UNOR-emne, og dei kan då levera eksamenssvara på dansk eller svensk.

Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil gå fram av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga i form av sluttevaluering av minst to emne innanfor kvart fag gjennom eit studieår.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert så snart det er klargjort av emneansvarleg/faglærar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 25.05.2020