MENY
Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.


Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande begrep i matematikk og fysikk for bruk i ingeniørfag. Kurset er retta mot studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og vil, saman med Realfag 2 (YMF110_1), gi studentane det naudsynte grunnlaget for studiar i elektroteknikk på universitetsnivå.

Læringsutbytte

Kunnskap: Kunne dei tema som emnet inneheld. Ha eit nødvendig grunnlag etterfølgande emne i ingeniørstudiet som bygg på matematikk og fysikk. Dugleik: Kunne strukturera, løysa, dokumentera og presentera oppgåver i matematikk og fysikk innan dei tema som emnet inneheld. Kunne tolka rekneresultat. . Generell kompetanse: Innsjå nytteverdien av matematikk som eit verktøy for å handtera oppgåver matematikk og fysikk. Sjå koblingar mellom fysikken og matematikken i bevegelseslikningane.

Innhald

Tal og talrekning. Algebra. Formlar, likningar og ulikskap. Funksjonar og andregradsuttrykk. Logaritmer og eksponentialfunksjoner. Grenseverdi og asymptotar. Derivasjon. Funksjonsdrøfting. Følgjer og rekker. Bevegelse og kraft.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg prøve1/14 timerA - FSpesifiserte trykte og handskrivne hjelpemiddel tillaten. Bestemt, enkel kalkulator tillate.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar
Obligatoriske arbeidskrav, dvs. rekneøvingar, skal vera godkjende av faglærar innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Sven Ole Aase , Tom Ryen
Instituttleiar
Tom Ryen
Faglærar
Sven Ole Aase

Arbeidsformer

5 timar forelesing, 2 timar øvingsarbeid med rettleiing samt 1 time øvingsgjennomgang pr.veke.

Ope for

Automatisering og elektronikkdesign, yrkesveg, bachelor i ingeniørfag

Emneevaluering

Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert omlag 14 dagar før påmelding til emnet opnar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 24.02.2020