DDV - Didaktisk digitalt verksted

Framtidas klasserom

Nytt fra DDV

Framtidas klasserom handlar om å fremje lærarstudentenes profesjonsfaglege digitale kompetanse, ved å få studentane til å tenkje heilskapleg rundt pedagogikk, didaktikk og utforminga av undervisningsrom i samspel med teknologi.

Didaktisk digitalt verksted (DDV) er ein annleis læringsarena med soner for utforsking og eksperimentering og for deling i plenum. Verkstaden inneheld alt mogleg utstyr frå spillmaskiner, dronar og kodeutstyr, til VR-briller, tegnebrett og iPader med ei rekke nyttige apper. Det finst òg eit eige skaperrom med mellom anna 3D-printere, vinylkutter og laserkutter. Tanken er å gi lærarutdanningane ein smakebit på klasserommet i framtida.

DDV er laga spesielt med tanke på lærarutdanning, og alle dei digitale verktøya som er tilgjengeleg skal kunna brukast i undervisningssamanheng. Målet er å legga til rette for at studentane skal kunna reflektera over prosessar, læring, kompetansar, didaktikk og pedagogikk, og på den måten gjere det mogleg å utvikle eigen profesjonsfaglige didaktiske kompetanse.

Rommet er delt inn i tre ulike sonar, som kvar er veleigna til ulike aktivitetar:

  • Wild Child (utforsking, deling og kritisk tenkning)
  • Make it (makerspace, koding, 3D-print)
  • Game on (dataspel, VR, Adobe)

Studie-emne "Å være lærer i det teknologirike klasserommet" (MGL1700).

Emnet sikter mot å bidra til forståing av lærerprofesjonen og profesjonell utøving av lærararbeidet i det teknologirike klasserommet. I emnet inngår både praktisk arbeid med og utforsking av ulike teknologiske reiskap, samt diskusjon og drøfting av kva for endringar, moglegheiter og utfordringar det teknologirike klasserommet inneber for både lærar- og elevrollen. Kompleksitet og dilemmaer vektleggjast, og studiet siktar mot å bidra til ei utvida forståing av undervisning som ulike digitale kunnskaps -og læringsmøter.

Meir frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora

Lærerstudenter får fri tilgang til framtidens klasserom

Lærerstudentene ved Universitetet i Stavanger får nå et fortrinn mange vil misunne dem for. De får fri tilgang til Didak...

Skal utforske og lære å ta i bruk digital teknologi i læringssituasjoner

Flere studier påpeker at det er et stort gap mellom hva lærerstudenter tilegner seg av digital kompetanse og hva slags b...

Hvordan beholde engasjement?

Andrew Hargreaves, professor II ved UiS, og Dennis Shirley, professor ved Boston College, holdt seminar om sin nye bok f...

Tre nye meritterte undervisarar ved UH-fakultetet

Professor Finn Arne Jørgensen (IKS) har saman med førsteamanuensis Tuula Skarstein (IBU) og førsteamanuensis Janne Fausk...

Bli studentassistent ved DDV

Er du nysgjerrig på bruk av multimedial teknologi i barnehage og skole? Har du lyst å lære mer om dette og prøve deg som...

Bærekraftdidaktisk verksted (BDV)

BDV er en tverrfaglig læringslab for bærekraftstenkning og grønn omstilling ved UH-fakultetet. Som et møtested med fokus...

Ph.d.-kurs: Introduksjon til meta-analyse

Påmeldingsfrist er 29. april. Kurset er for doktorgradsstudenter. Arrangør er Kunnskapssenter for utdanning, ved Univers...