MENY

35 millionar til helseforsking

Det helsevitskaplege fakultet har nyleg fått tildelt 35 millionar kroner frå Forskingsrådet til tre forskingsprosjekt som skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar innan helsesektoren.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock Korleis nytta helseteknologi utan etiske implikasjonar? Det er ei av utfordringane forskarar ved UiS ønsker å forske på. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

 Dette er til stor inspirasjon for alle som dag etter dag legger ned stort arbeid på forskingsfronten ved Det helsevitskaplege fakultet, seier Henriette Thune, prodekan for forsking.

Av fem innsendte prosjekt frå Det helsevitskaplege fakultet, er det heile tre som no har fått tildelt midlar frå Forskingsrådet i programmet HELSEVEL – Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester.

Fellesnemnaren for dei tre prosjekta er at dei har som mål å bidra med kunnskap samfunnet trenger for å løyse dei store utfordringane innan helse-, velferd- og omsorgssektoren.

– Dette er resultat av fantastisk innsats frå våre tilsette, og så inderleg vel fortent. Her ligger det mange års utretteleg, målretta arbeid bak, fortel Thune stolt.

Utvikling av samhandlingsapp

Projektet «Nurse Assisted eHealth Service From Hospital to Home: Ameliorating Burden of Treatment among Patients With Non-Communicable Diseases» har som mål å utvikla ein sjukepleierassistert e-helseteneste som kan redusera behandlingsbyrde og sjukehusinnleggingar, og dessutan auke livskvaliteten hos pasientar med tarmkreft og pasientar med hjartesvikt, etter utskriving frå sjukehus.

E-helsetenesten vil nytta ein samhandlingsapp med funksjonar som overvaking av helsetilstand, registrering av helserelaterte data, informasjon og undervisning, og elektronisk kommunikasjon med spesialsjukepleier.

Anne Marie Lunde Husebø leiar prosjektet som er utvikla i samarbeid mellom forskargruppa HEVHELSE og forskarar frå USA, Storbritannia, Nederland og Sverige. Dei har nasjonale samarbeidspartnarar ved Stavanger Universitetssjukehus, Stavanger Medisinske Senter, St Olavs Hospital (Trondheim), Høgskulen i Østfold og Universitetet i Oslo.

Oppfølging ved langtidssjukemelding

Prosjektet «The Now What2 Project: Rethinking return to work services for long term sick listed employees» vil sjå på korleis tenester som skal bidra til å få langtidssjukemeldte tilbake i arbeid er utforma, organisert og levert. Prosjektet vil kombinere helsetenesteforsking og helseforsking for å avdekka ny innsikt i effekten betre tenester har på helse og arbeidsdeltaking, men òg samfunnsøkonomiske innsparingar.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har finansiert forprosjektet til forskargruppa Samfunnsdeltaking i skole og arbeidsliv. Gjennom forskingsbasert tenesteinnovasjon er det utvikla ein ny modell for oppfølging som er kalla «Kva nå?». Dette består av eit gruppetiltak som blir tilbode av NAV arbeidslivssenter og NAV-kontor i samarbeid, eit skreddarsydd e-helsetilbod for å møta den enkelte sitt helseproblem, og ekspertvurdering av deltakingsproblemet på arbeidsplassen. «Kva nå?» programmet brukar både teknologi og ei innovativ tilnærming, og gjer mogleg integrering av tverrfagleg kompetanse mellom tre viktige arenaer i sjukefråværsoppfølging: NAV, helsetenestene og arbeidsplassen.

Ein liten prosentdel av tilsette utgjer meir enn 80% av sjukefråværet. Trass fleire forsøk for å bringa arbeidstakarar med langvarig sjukemelding tilbake i arbeid, blir nokre verande utanfor arbeidslivet i lange periodar, ofte meir enn eit år. Langstidssjukemelding er ein av dei store utfordringane vi treng å løysa betre enn vi gjer i dag. På grunn av dei høge kostnadene ved langvarig sjukefråvær, vil sjølv små effektar frå dette nye programmet gi store fordeler for samfunnet.

Prosjektleiar er Randi Wågø Aas. Prosjektet er tverrfagleg og tverrvitskapleg, og involverer både nasjonale og internasjonale forskarar og samarbeidspartnarar.

Etiske spenningar i teknologi-mediert omsorg

Ellen Ramvi leiar prosjektet «Caring Futures: Developing New Care Ethics for Technology-Mediated Care Practices (QUALITECH)» som er initiert og utvikla i samarbeid mellom forskargruppa Profesjonelle relasjonar i velferdsyrke og Senter for kjønnsstudiar ved UiS.

For å møta utfordringar i helse- og omsorgssektoren er innføring av ny teknologi ein del av løysinga. Dette skjer likevel ikkje utan etiske implikasjonar. Prosjektet QUALITECH har som mål å adressera eit teoretisk tomrom i omsorgsetikken ved å utvikla empirisk kunnskap om etiske spenningar i teknologi-mediert omsorg på tvers av sektorar og brukarar innan helse, omsorg og velferd.

Forskingsprosjektet skal legga til rette for samarbeid, kunnskapsutveksling og dialog på tvers av fagområde, institusjonar, teknologileverandørar, tenesteytarar og brukarar (både profesjonelle og klientar/pasientar).

Det tverrfaglege prosjektet har ein tydeleg regional forankring med forskarar frå UiS, Stavanger Universitetssjukehus og NORCE, og er understøtta av ei rekke internasjonale og nasjonale samarbeidspartnarar.

106 millionar til UiS

De tre prosjekta har fått finansiering frå programmet HELSEVEL - eit tenesteforskingsprogram som har til hensikt å gi eit meir heilskapleg tenestetilbod og integrerte pasient- og brukarforløp. Forsking og innovasjon i dette programmet skal auka kvaliteten, kompetansen og effektiviteten i helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester, barne- og familievernet

Totalt fikk Universitetet i Stavanger tilslag på heile 10 forskingsprosjekt og 106 millionar kroner då Forskingsrådet fordelte pengar frå tidenes største pott til forsking. I tillegg til helse fikk både arkeologi og klimarisiko tildelt midlar.

Tekst: Cathrine Sneberg