MENY

Call for abstract til konferanse innan familiefokusert sjukepleie

Kunngjering av Call for Abstracts til 6th Nordic conference on Family Focused Nursing. Konferansen skal haldast 2.-4. juni 2020 på Universitetet i Stavanger.

Call for abstract til konferanse innan familiefokusert sjukepleie

Det helsevitskapelege fakultet inviterer forskarar, doktorgradskandidatar og fagpersonar til å presentere og diskutere si forsking på 6th Nordic conference on Family Focused Nursing. Frist for innsending av abstract er 25. november 2019.

Konferansen arrangerast for fyrste gong i Noreg ved Universitetet i Stavanger.  

Fremje livslang helse for familiar

Tema for konferansen er familiefokusert sjukepleie og fremjing av livslang helse for familiar i utsette situasjonar. Familiar er unike med varierande strukturer og forhold. Familiefokusert sjukepleie inkluderer alle livsfasar og sjukepleie, inkludert helsefremmande og førebygging. Pasientane eller klientane definerer sin eigen familie i familiefokusert sjukepleie. Heile familien kan trenge støtte for å fremje helse og lindre liding når eit familiemedlem er sjuk eller det er endringar i livet. Konferansen vil belyse utfordringar innan tematikken.

Retningslinjer for innlevering av abstract

  • Innlevering gjerast i vårt digitale system.
  • Abstract skal ikkje være meir enn 300 ord, og skal illustrere bakgrunn, mål, metode, funn og konklusjon
  • Innlevering skal gjerast innan 25. november 2019

Konferanseprogrammet vil bestå av ekspertforelesingar, ulike sesjonar og posterutstilling for å presentere ny forsking innan familiefokusert sjukepleie. Det vil også bli organisert fleire pre-konferanse seminar for forskarar og doktorgradskandidatar.

Program publiserast fortløpande. Følg med på www.uis.no/nordicfamiliy2020