MENY

Kick-off for PhD-programmet i helse og medisin ved Det helsevitskapelege fakultet!

Fredag 21. september feira Det helsevitskapelege fakultet oppstart av doktorgradsutdanninga innan helse og medisin ved fakultetet.

Prodekan for forsking Henriette Thune ønska velkommen til kick-off! Prodekan for forsking Henriette Thune ønska velkommen til kick-off!

Det helsevitskapelege fakultet overtok den 15. mai 2018 spesialiseringa innan helse og medisin frå doktorgradsutdanninga ved Det samfunnsvitskapelege fakultet. Spesialiseringa har nå vakse seg stor og blitt eit eige doktorgradsprogram. Dette måtte feirast! Både doktorgradskandidatar, rettleiarar frå UiS og eksterne, og andre tilsette ved fakultetet deltok i feiringa.

Feiringa starta med stands og presentasjonar av forskarskolane PROFRES og EPINOR, det tverrfakultære forskingsnettverk for helse og teknologi, og stipendiatorganisasjonen UiSDC (UiS Doctoral Community). Innovasjons- og kommersialiseringsaktøren Validé la også fram korleis dei kan bidra til kommersialisering av fleire forskingsidéar frå PhD-kandidatar ved fakultetet. 

Prodekan for forsking Henriette Thune ønska velkommen og fortalte kvifor ho, doktorgradskandidatrepresentant i doktorgradsutvalet Oda Karin Nordfonn og PhD-koordinator Knut Sommerseth Lie tok initiativ til kick-off og feiring:

- Doktorgradsprogrammet i helse og medisin har omkring 70 kandidatar og ein masse rettleiarar som har sitt daglege virke både ved og utanfor UiS. Som eit ungt fakultet og med nyleg overtatt PhD-program er det viktig for oss å skapa samhald og eigarskap til programmet for alle som er knytt til det – interne som eksterne. Me vil at folk skal veta kven som sitt i doktorgradsutvalet og kva me held på med, me vil at alle på programmet skal veta at dersom det er noko som ikkje går heilt på skinner, så tar dei kontakt med nokon i teamet som arbeider med forsking og forskarutdanning ved fakultetet. Det skal vera lav terskel for å snakka med nokon om det buttar i mot.

Medlemmane av doktorgradsutvalet ved fakultetet (DUHV) presenterte seg, og det vart fortalt kva utvalet driv med. Deretter følgde ein presentasjon av nye og nyreviderte PhD-emne ved fakultetet, før det nærma seg dagens to hovedforedrag. 

Silje Bringsrud Fekjær, Professor ved Senter for profesjonsstudiar ved OsloMet – Storbyuniversitetet og forfattar av boken «Ph.d. – en veiviser» var først ut. Silje tok for seg temaet "Hvordan overleve som stipendiat?" og delte både gode råd og eigne erfaringar knytt til kvardagen som stipendiat og utfordringar som kan hindre framdrift i avhandlingsarbeidet. Avslutningsvis snakka fakultetets eigen professor i medisinsk statistikk Jo Røislien om "Det vanvittig viktige metodekapittelet", kor han fokuserte på korleis metoden er avgjerande for at resultatet i eit forskingsprosjekt skal vera verd noko som helst.

Doktorgradsprogrammet i helse og medisin

Me står i dag overfor betydelege helseutfordringar knytt til blant anna kroniske sjukdommar, psykiske lidingar, rus, kreft, diabetes, fedme, kols, astma og demens. Det er derfor behov for å integrere forsking innan helse og medisin med element frå fleire fagområder for å skaffe kunnskap om samanhengar om individuelle, strukturelle og samfunnsmessige forhold.

Doktorgradsprogrammet i helse og medisin vil på et bredt metodegrunnlag leggje til rette for multi­disiplinære vitskapelege tilnærmingar til forsking, der fleire fagområder som klinisk og translasjonell medisin, sjukepleie, kiropraktikk, pasientsikkerhet og psykologi har sin naturlege plass. Programmet skal bidra til å utvikle kunnskap som set pasientane og helsepersonell betre i stand til å møte morgondagens utfordringar. Det vil ha som mål å utvikle kandidatane si kompetanse til å gjennomføre forsking som aukar forståinga for korleis faktorar på ulike nivå og områder påverkar menneskets helse.

Opplæringsdelen av programmet består av både obligatoriske emne i vitskapsteori og metode spesielt retta mot helse og medisin, samt valfrie tematiske substansemne innanfor fakultetet sine kjerneområde.