MENY

Øver på redningsteknikk i Sørmarka

Redningsteknisk dag blei arrangert 8. november for paramedisinstudentar ved UiS, i samarbeid med redningsmenn frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

  • 20191108_083505512_iOS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Gapahuken i Sørmarka ved Ullandhaugtårnet eigna seg godt som undervisningsrom denne solrike fredagen.
  • DSC_0626.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Studentane vart rettleia i rappelleringsteknikk av Håvard Mattingsdal, redningsmann i SNLA.
  • 20191110_180709000_iOS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Student Øyvind Grassdal på veg ned Ullandhaugtårnet.
  • 20191108_120055130_iOS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Studentane lærte sikring av pasient på båre og bæring i terreng.
  • DSC_0655.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Opptenning av bål og grilling av pølser til lunsj var alle nøgde med.

Studentane på bachelor i paramedisin fekk denne dagen øve på enkle prinsipp og redningsteknikkar som dei vil få bruk for ute i teneste. Dagen starta med ein innføring i hypotermi, det vil sei ein kroppstemperatur lågare enn 35 °C, og anbefalingar knytt til prehospital diagnostisering og behandling av hypoterme pasientar. 

Håvard Mattingsdal og Petter Thorbjørnsen Nielsen, redningsmenn i Stiftelsen Norsk Luftambulanse (SNLA), gav også studentane nokre tips om korleis ambulansepersonell på bakken best mogleg kan samarbeide med luftambulansen ved nedtak av helikopter, deriblant kva dei bør ver oppmerksam på ved val av landingsplass.

Ambulanseoperativt arbeid 

– Formålet med redningsteknisk dag er at studentane skal ha fokus på den redningstekniske delen av arbeidet i ambulansetenesta, forklarar Nina Vatland, studieprogramleiar ved bachelor i paramedisin.

Oppgåva til paramedisinarar (paramedic) er vurdering og igangsetting av livreddande behandling til akutt sjuke og skadde personar. Arbeidet medfører gjentekne fysiske belastningar i ulike vêrforhold, og i alle former for terreng. Øving på redningsteknikk, kunnskap om redningstenestene og samhandling med naudetatane er difor ein viktig del opplæringa i ambulanseoperativt arbeid.

Øving på redningsteknikk i terreng

I løpet av dagen var studentane innom ulike postar kor dei øvde på: 

  • Tauverk, knuter og enkel sikring i sele
  • Triagering (vurdering av skadeomfang) 
  • Sikring av pasient på båre og bæring i bratt lende 
  • Enkle redningsteknikkar 
  • Bruk av kasteline (viktig ved assistanse til pasientar i sjø og vann)

Sjå videooppsummering av aktivitetane under.

Både instruktørane og studentane opplevde dagen utelukkande positivt, og var svært nøgde med å få trening ute i terreng.

Rappelering ned Ullandhaugtårnet 

I tillegg fekk dei som ville tilbod om å rappellere ned frå fyrste platå i Ullandhaugtårnet. Dette for å få litt innsikt i ei av oppgåvene til brannvesen og luftambulansen, og for å oppleve meistringskjensle. Fleire av studentane var nervøse før start: 

– Det verste var å komme seg over kanten. Eg har litt høgdeskrekk, men det gjekk bra på veg ned, fortalte Emilie Røkaas til TV Vest som for anledninga hadde tatt turen opp til Ullandhaug. Sjå reportasje frå TV Vest 

Tekst og foto: Cathrine Sneberg 
Film: Siri J. Pedersen og Cathrine Sneberg