MENY

Undervisning på tvers

Profesjonsutøvarar arbeider sjeldan aleine. Dei fleste som har ei helse- og sosialfagleg utdanning vil i arbeidslivet samarbeide med andre på tvers av profesjonar. Nyleg samla studentar på sjukepleie og sosionomutdanninga seg difor til felles undervisning om tverrprofesjonelt samarbeid.

Undervisning på tvers

Forsking viser at samhandling mellom ulike profesjonar førebygger uønska hendingar og er avgjerande for å sikre at pasientar og brukarar får gode og likeverdige tenestetilbod. Det er difor viktig at studentar allereie under utdanninga lærer seg å samarbeide og kommunisere godt med andre profesjonar.

Rutt Bengtson, førstelektor ved Institutt for sosialfag og Ingunn Aase, førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultet er initiativtakarar til undervisninga. 

– Gjennom tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) vil studenten få betre forståing for eigen og andre si  profesjonsrolle undervegs i utdanninga, men det vil og styrke studentens evne til tverrfagleg samarbeid når dei kommer ut i yrkesfeltet, seier Ingunn Aase. Ho forskar på tverrprofesjonelt samarbeid, pasienttryggleik og simulering, og har skreve doktorgradsavhandling om samtrening mellom sjukepleie- og medisinstudentar. 

Program for undervisninga

I løpet av to dagar fekk studentane ei kort introduksjon om tverrprofesjonell samhandling i utdanning ved Ingunn Aase, før dei vart vist film om pasienten «Anne» som skal i eit tverrprofesjonelt møte med lege, sjukepleiar, fysioterapeut og barnevernet i forkant av utskriving frå sjukehuset.

Vidare gjekk Ane Bendixen, jurist ved Det helsevitskaplege fakultet inn på korleis ein kan ivareta teieplikten i det tverrprofesjonelle møtet og i samarbeidet med bruker/pasient. Elisabeth Willumsen, professor ved Det helsevitskaplege fakultet, hadde førelesning og diskusjon om omgrepsavklaring angåande tverrprofesjonelt samarbeid, samt ulike modeller ein kan nytte i møte med klientar og pasientgrupper.

Det vart også satt av god tid til at studentane i grupper skulle diskutere «Anne» sitt møte med TPS og hennar opplevingar av møtet.

Bakgrunn for initiativet

– Rutt Bengtsson og eg er med i eit felles forskingsprosjekt i regi av Universitets- og høgskolenettet på Vestlandet (UH-nett Vest) kor me har laga eit webbasert undervisningsopplegg. Denne ideen med felles undervisning innad på UiS og på tvers av profesjonar kom både frå dette forskingsprosjektet, men ikkje minst frå førande dokument som Stortingsmelding nr. 13 og nyforskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar frå 2017, forklarar Aase.

I Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd kjem det fram at helse- og sosialfagutdanningane treng ei kraftig fornying for å kunne tilby den kompetansen samfunnet vil trenge i framtida. Den visar mellom anna til behov for auka kompetanse om tverrprofesjonell samarbeidslæring på tvers av profesjonsutdanningane. Dette er også synleggjort i Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar med eit felles læringsutbytte som seier at kandidaten kan samhandle både tverrfaglig, tverrprofesjonelt, tverrsektorielt og på tvers av virksomheter og nivåer, og initiere slik samhandling.

– Det er veldig viktig at me har inkludert tverrfagleg samarbeid i utdanningane i tråd med nye retningslinjer for profesjonsutdanningane, seier Aase. 

Tekst: Cathrine Sneberg