MENY

– Bru mellom utdanning og arbeidsliv

Dei første sosiologi- og statsvitskapstudentane har hatt praksis med gode erfaringar. Nå får nye studentar tilbodet.

Studentane Leonie Schiffgen og Ásdís Jóna Marteinsdóttir presenterer saman med Arild Michelsen og Ann-Karin Tennås Holmen. Studentane Leonie Schiffgen og Ásdís Jóna Marteinsdóttir (i midten) har gode erfaringar frå praksis. Her saman med Arild Michelsen og Ann-Karin Tennås Holmen.

I vår var det for første gong praksis på sosiologi og statsvitskap. Totalt åtte bachelorstudentar frå dei to studieretningane var 16 veker i praksis. 

- Arbeide, ikkje observere

Leonie Schiffgen og Ásdís Jóna Marteinsdóttir var begge i praksis hjå Fylkesmannen i Rogaland, høvesvis innan avdelingane for administrasjon og utdanning.

Dei meiner dei har hatt stor nytte av å bruke teorien dei lærer på universitetet i praksis.
– Mange studentane veit ikkje kva dei skal gjere når dei er ferdige på universitetet. Nå har me fått idear til kva me kan arbeida med etterpå, seier sosiologistudent Schiffgen.

Avdelingsdirektør Arild Michelsen i administrasjonen hjå Fylkesmannen angrar ikkje på at dei tok imot studentane.
– Dette er eit spanande initiativ frå UiS, som det var lett for oss å seie ja til. I starten var me litt usikre på kva arbeidsoppgåver som kunne passe for studentane. Nå ser me at me verkeleg har fått mykje igjen for å ha praksisstudent, seier han.

Michelsen understrekar at studentane har fungert som vanleg tilsette. Dei har vore der for å arbeide, ikkje for å observere.
– Oppgåvene dei har utført, er oppgåver som skulle bli gjort uansett og er ikkje dikta opp for studentane, seier han.

Relevant og nyttig erfaring

Førsteamanuensis Ann-Karin Tennås Holmen ved Institutt for medie- og samfunnsfag er ansvarleg for praksisemnet. Ho understrekar at tettare kopling mellom studentar og arbeidsliv er vinn-vinn.
– Praksisemnet byggjer bru mellom utdanning og arbeidsliv, seier Holmen.

Praksis på disiplinfag som sosiologi og statsvitskap er annleis enn til dømes på sjukepleie- og lærarutdanning. Mellom anna er ein avhengig av ein-til-ein-relasjon, noko som set grenser for kor mange studentar ei bedrift eller ein organisasjon kan ta imot. Difor er det maks ti studentar i praksis kvart år.

– Det er eit mettingspunkt, og difor gjer me ikkje dette i stor skala. Dette kostar verksemdene noko òg, og me skal ikkje ta for gitt at bedrifter tar imot studentane våre, seier Holmen.

Praksisen er i fjerde semester, når studentane er godt i gang med utdanninga. Erfaringa gir nyttig ballast til femte semester, når dei er tilbake på skulebenken igjen og skal skrive bachelroppgåve.
– Største vinning for studentane er at dei får knaggar frå arbeidslivet å henge pensum frå studiet på, seier Holmen.

Praksis i statsvitenskap og sosiologi er eit valemne med 20 studiepoeng. I tillegg til 16 veker praksis inneheld kurset seminar med medstudentar og rettleia praksis og rettleiing med emneansvarlig.

Studentane må sjølv skrive ein generell søknad samt CV og motivasjonsbrev til dei verksemdene dei ynskjer å arbeide hos.
– Her lærer dei om å søkje arbeid, og dei får relevant erfaring å vise til søke jobb. Dei får òg erfaring frå å være i en konkurransesituasjon, gå på jobbintervju og å kjenne på kjensla av å være ny på ein arbeidsplass, seier Holmen.

Ruben Eggebø er den tredje studenten som var i praksis hos Fylkesmannen. Han var i landbruksavdelinga, kor han har vore med å kartlegge utviklinga av mjølkeproduksjonen på Finnøy.
– Det er ei undersøking som var viktig for oss å få gjort, seier Arild Michelsen.

Studentar på sosiologi og statsvitskap kan nå søke praksisplass mellom anna hjå Fylkesmannen i Rogaland, KS Vest-Norge, Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Ungt Entreprenørskap Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune eller Petroleumstilsynet. Les meir om kor du kan søkje praksisplass. Frist for søkje er 1. november.