MENY

Forsking ved IMS

Organisasjon og leiing, feministisk teori, korleis vi kan gjere samfunnet vårt tryggare? Dette er berre noko av det forskarane ved Institutt for medie- og samfunnsfag arbeider med.

Forskinga ved IMS er i hovudsak retta mot dei samfunnssektorane instituttet utdannar personell til.

Nettverk for kjønnsforsking (NFK) er ei eiga økonomisk eining som er tilslutta IMS. Nettverket har tatt ei sentral rolle både lokalt og nasjonalt innan kjønnsforsking og samfunnsdebatt knytt til kjønn og kultur. At deler av forskinga ved IMS er organisert i NFK, gjer det lettare å orientera instituttet si verksemd mot større forskingsprosjekt, og det gjer instituttet slagkraft i den nasjonale og internasjonale samfunnsdebatten.

Instituttet har ei gruppe forskarar innan organisasjon og leiing med tilknyting til ulike studieprogram. Desse har ei rekkje anerkjende publikasjonar bak seg, og fagmiljøet vil om kort tid etablera ei forskargruppe slik UiS organiserer forskargrupper til ulike programområde for forsking.

Tilsette ved instituttet utfører medieforsking og kompetansegivande praktisk lyd- og fjernsynsproduksjon.

IMS har ekspertise på internasjonalt nivå på svært ulike felt:
Beredskap og kriser, digitale medium, energi- og miljøpolitikk, fenomenologi, filmhistorie, forteljarteknikk og dramaturgi, grounded theory, kinesisk historie og kultur, kjønnsroller i medium, kulturvern, kvalitative forskingsmetodar, kvantitative forskingsmetodar, landbrukspolitikk, misjonsfilm, organisasjon og leiing, sosiologen og antropologen Pierre Bordieu, redaktørrolla, regulering og tryggleik, samfunnstryggleik, urbanisering og verksemder sitt samfunnsansvar.

Avisforsider

Tilsette ved instituttet utfører medieforsking.