MENY

Anbefaler alle praksis

Statsvitskapsstudent Eira Aas Eide (21) valde praksis som valfag eit semester. Det har ho ikkje angra på.

Eira Aas Eide  på benk utanfor Statens hus i Stavanger. Eira Aas Eide var i praksis hos KS Rogaland. Foto: KS

Eide går på bachelor i statsvitskap, og denne våren har ho vore i praksis hos KS (Kommunenes Sentralforbund). Der  arbeide ho saman med flinke folk, såg korleis ting fungerer i praksis og skreiv rapport om eit sjølvvalt tema. Ho valde å fordjupe seg i varsling, eit tema ho på forhand ikkje visste så mykje om.

– Det er mykje vanskeligare enn ein skulle tru. Definisjonen er jo grei, det handlar jo om å melde frå om kritikkverdige forhold til nokon som kan gjere noko med det. Men så kjem spørsmålet om kva som er eit kritikkverdig forhold, og det kan oppfattast forskjellig frå person til person, fortell ho.

Ho anbefaler alle andre studnetar å velje praksis.

– Det er en fin mulighet til å oppleve hvordan det vi har lært virker i daglig praksis, seier ho.

Les heile saken hos KS.

Les meir om praksis i statsvitskap og sosiologi.