MENY

Lars Nyre er ny professor || i medievitskap

Droner, ansiktsgjenkjenning, kunstig tale og kunstig intelligens står på menyen for studentane på journalistikk og fjernsyns- og multimedieproduksjon til hausten, når Lars Nyre starter opp i stillinga som professor || ved Institutt for medie- og samfunnsfag.

Lars Nyre er ny professor || i medievitskap Lars Nyre skal undervise på journalistikk og fjernsyns- og multimedieproduksjon frå hausten.

Nyre kjem til å leggje særleg vekt på teknologiar sin rolle for medium og kommunikasjon. Han skal blant anna forelesa om konsekvensane av ny teknologi for det norske demokratiet, kjeldebruk og objektivitet i journalistikken, og autentisitet i dokumentaren.

I forelesingane sine tek han for seg både dronar, ansiktsgjenkjenning, kunstig tale og kunstig intelligens. Våren 2020 skal han bidra til utviklinga av eit nytt kurs i redaksjonelt entreprenørskap.


Brei forskings- og undervisningserfaring

Med Nyre er det ein erfaren vitskapsmann som kjem til UiS. Han har forska på medieteknologiar i heile sin karriere. Han skreiv doktorgraden i 2003 om den historiske utviklinga av lyd- og musikkmedium. No arbeider han mest med teknologiutvikling i samtida så vel som spekulasjonar om framtida.

Her kan du lese om korleis Nyre meiner at kunstig intelligens vil ta over mediebransjen.

Også subjektivitet, innovasjonspedagogikk og medieinnovasjon er områder Nyre forskar på og underviser i. Nyleg har han også gjeve ut ei lærebok i lydjournalistikk saman med radiolærar Jørgen Warvik Lyngvær og NRK-journalist Linda Eide.
 

Leiar nettverk for teknologiutvikling innan medium og kommunikasjon

Nyre si nye rolle ved UiS er tett knytt saman med aktivitetar i TekLab, korr han er leiar.

TekLab er eit vestlandsk nettverk for teknologiutvikling innan medium og kommunikasjon. Nettverket inviterer til samarbeid i universitets- og høgskulesektoren på Vestlandet, og dyrkar fram både studentprosjekt, bedriftssamarbeid og akademisk grunnforsking. Fellestrekket er å utforska moglegheitene for god kommunikasjon med ny teknologi.

– Eg gler meg til å jobbe på IMS, og eg ser fram til interessante og lærerike stunder med både kollegaer og studentar, seier Nyre.


Vil du vite meir?

Du kan lesa meir om Nyre sin akademiske profil på nettsidene til UiB.

Nyre har to nettsider som inneheld alle hans kronikkar, bokmeldingar, artiklar og bøker. Her finn du Nyre sine norskspråklege tekstar, og her finn du dei engelskspråklege tekstane hans.