MENY

50 år med sosionomutdanning i Stavanger

I 50 år har det blitt utdanna sosionomar i Stavanger. Mykje har endra seg, men framleis er behovet for sosionomar stort. Fredag 16. august blei jubileet feira med med eit seminar.

Bilete av arrangementskomiteen for sosionomjubileet. At kompetansen sosionomane erverva seg var nyttig for samfunnet, er arrangementskomiteen for dette jubileet i seg sjølv eit ypparleg prov på. Frå venstre: Kjell Ursin-Smith, Anne-Grethe Godal, Einar Engebretsen, Tora Aasland, Geir Sverre Braut og Astrid Lærdal Frøseth.

I 1969 blei det første kullet sosionomar uteksaminert frå Sosialskolen i Stavanger. Skulen fekk seinare namnet Sosialhøgskolen og er i dag Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger.

Fredag 16. august blei Jubileumsseminaret: Sosialt arbeid og samhandling i perspektiv arrangert med 23 frå det første kullet til stades. 

– Det var ei fantastisk tid, og vi var verkeleg pionerar, fortel Kjell Ursin-Smith, sosionomutdanna og tidlegare ONS-leiar, og med i arrangementskomiteen saman med Astrid Lærdal Frøseth, Anne-Grethe Godal, Tora Aasland, Geir Sverre Braut og Einar Engebretsen.

Frå sosialarbeidar til sosionom

Sosialskolen i Stavanger blei etablert i 1966, og hadde studentar frå heile landet. I Stavanger Aftenblad same året kunne ein lese om stor rift om plassane, og at om lag 100 søkarar fekk avslag.

Tre år seinare, i 1969, blei dei 33 første sosionomane uteksaminert, då yrkestittelen undervegs vart endra frå sosialarbeidar til sosionom.

Dei fleste frå oppstartskullet fekk arbeid innan helse-, sosial- og arbeidssektoren. Blant dei var Astrid Lærdal Frøseth som var den første sosionomen i eldreomsorga i Stavanger kommune. Seinare tok ho juristutdanning og blei dommar i Stavanger tingrett og Gulating lagmannsrett.

– Sosionomutdanninga var ei interessant utdanning som ga innsikt på mange mellommenneskelege fagfelt og det tiltrekte meg. Som dommar hadde eg og god nytte av sosionomerfaringa. Det handlar mykje om relasjonar og konfliktar, og om det som fungerer mindre godt  i samfunnet, seier ho.

Ønsker autorisasjon

I utdanninga lærer kommande sosionomar om individrolla, korleis individ fungerer i grupper, om institusjonelle og samfunnsmessige forhold. Sentralt er og opplæring i ei koordinerande rolle. Men å få omgjort kunnskapen i praksis har ofte vore vanskeleg.

– Med samhandlingsreforma i 2012 blei det spesifikt snakka om koordinering og samhandling. Men det har ein til dels enno ikkje klart å gjennomføre i praksis. Sosionomar kunne hatt ei viktig rolle, seier ho.

Ho ønsker at sosionomar, på linje med legar og sjukepleiarar, kan bli autoriserte. Då kan myndigheitene både stille krav og sette tydlegare normer for yrkesutøvinga.

– Sosionomen si rolle i samfunnet er underkommunisert og har dårleg standing i dag. Krav om autorisasjon kunne betra omdøme og gjere yrket meir anerkjent, seier ho.

Fortsatt stort behov

I dag er det Institutt for sosialfag ved UiS som utdannar sosionomar i Stavanger. Den treåring bachelorgrada i sosialt arbeid eit populært studie ved UiS, og i fleire år har studiet vore blant dei mest søkte.

Sjølv om samfunnet har endra seg på 50 år, er framleis behovet for sosionomar stort. Kunnskap om menneskelige relasjonar og innsikt om korleis samfunnet fungerer, er nyttig på fleire område.

– Både i offentleg og privat sektor finst det mange interessante jobbar som kan passe for sosionomar. Kanskje kunne ein til dømes og tenke seg at sosionomar kunne avlaste fastelegar som må handtere mykje meir enn pasientars  sjukdommar. Ein kunne kanskje tilsett ein sosionom til dei mange administrative oppgåvene, koordinering og liknande, avsluttar ho.

Det første kullet har halde kontakten sidan studietida. Dei har feira 20-, 30- og 40-årsjubileum, og dei fleste kjem til å samlast på Jubileumsseminaret: Sosialt arbeid og samhandling i perspektiv fredag 16. august.

Astrid Lærdal Frøseth er saman med  Anne-Grethe Godal, Tora Aasland, Geir Sverre Braut, Kjell Ursin-Smith og Einar Engebretsen  i arrangementskomiteen for seminaret. Alle med interesse for praksis og forsking innan sosialt arbeid er velkomne til seminaret kor tema er utvikling, status og framtid for sosialt arbeid i Noreg.

Tekst og foto: Karoline Reilstad

Gruppebilete med kvinner og menn.

23 frå det første sosionomkullet samla på 50års-jubileet.