MENY

Første workshop for Nettverk for velferdsforsking

Meir enn 30 forskarar frå fleire fagområde var samla for å meisle ut ein retning for Nettverk for velferdsforsking. No blir det søkt formelt om å opprette forskingsnettverket.

  • Dekan Gro Ellen Mathisen minna om at ein står sterkare som del av eit nettverk.
    Dekan Gro Ellen Mathisen minna om at ein står sterkare som del av eit nettverk.
  • Prodekan for forsking Morten Tønnessen.
    Prodekan for forsking Morten Tønnessen.
  • Workshop_7.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Hildegunn Fandrem og Ingunn Studsrød om velferd for barn og unge.
  • Workshop_9.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Jone Ravndal Bjørnestad og Randi Wågø Aas.
  • Workshop_20.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Paneldebatt om Siw-saka. Frå venstre Thomas Ergo, Morten Tønnessen, Sarah Hean og Sverre Nesvåg.

Velferd er eit forskingsområde som blir stadig viktigare, både i Noreg og i resten av verda. Ved UiS blir det alt gjort mye forsking innan velferd. For å samle desse kreftene har Det samfunnsvitskapelege fakultet tatt initiativ til å etablere eit forskingsnettverk for velferdsforsking. Målet er å legge til rette for samarbeid mellom ulike fagfelt, samt å bidra til meir ekstern finansiering.

Sist veke var meir enn 30 forskarar frå fleire fakultet, institutt og sentre ved UiS samla for å høyre om noko av forskinga som alt blir gjort på området, samt knyte kontaktar og bidra med å stake ut kursen for nettverket vidare. Det var òg paneldebatt om Siw-saken, som set søkjelys på fleire av velferdstenestene, og samarbeidet mellom desse.

Fleire fordelar

Nettverket er eit initiativ for å auke samarbeidet på tvers av institutt og fakultet ved UiS, og med eksterne.

–  Målet er å styrke forskingsinnsatsen på velferd, eit område som blir stadig viktigare i Noreg og internasjonalt, sa dekan Gro Ellen Mathisen om kvifor me treng eit nettverk i velferdsforsking.

I tillegg til at det å være med i eit nettverk kan vere  ein fordel i seg sjølv når ein søkjer forskingsmidlar, er det òg ei fin moglegheit til å profilere forskargrupper og prosjekt, minna ho om.

UiS har frå før tre forskingsnettverk: eit for miljøvennleg energi, eit for smartby-tematikk og eit for helse og teknologi. Felles er at nettverka har deltakarar på tvers av fagområde.

Prodekan for forsking ved SV, Morten Tønnessen, tok for seg velferdsutviklinga i dei nordiske landene og globalt. Han viste til at fleire av FNs berekraftsmål handlar om velferd, og at høg velferd krev fleire ressursar, noko som kan komme i konflikt med miljømål.

Mange døme på velferdsforsking ved UiS

Det blir allereie gjort mykje forsking innan velferdsområdet ved UiS. Fleire forskarar var invitert til samlinga for å kort presentere si forsking.

Hildegunn Fandrem og Ingunn Studsrød fortalde om forskinga si på barn og unge, relatert til barnevern, og mangfald og inkludering. Dei viste til at barn er framtida, og tar ein større plass i velferdssystemet.

Neste tema var ungdom, presentert av Randi Wågø Aas og Jone Ravndal Bjørnestad. Om lag 86.000 under 30 år står utan arbeid, utdanning eller trening. Denne gruppa, òg kalla NEET (Not in education, employment, or training), er målgruppa i CLApp-prosjektet, kor ein skal lage ein app for å hjelpe fleire til utdanning eller arbeid.

Siv Oltedal og Tore Tjora tok for seg vaksne i velferdsforsking. Her blei det vist til eit cubansk-norsk samarbeid med element av både utdanning og forsking. Deltakarane fekk og høyre om forsking innan psykisk helse. Mange med psykiske lidingardeltek ikkje i arbeidslivet i den grad dei kunne ha gjort, og sjølv om ein veit at trening verkar, er det utfordrande på individnivå.

Så var det klart for ei kort presentasjon av forsking på eldre ved Kai Victor Hansen og Elisabeth Lind Melbye. Dei fortalde mellom anna om forsking på måltid og måltidsoppleving, samt eit nytt prosjekt om oral helse. Ei aldrande befolkning betyr at fleire må klare seg heime lenger.

Den siste hurtigpresentasjonen var om innovasjon og velferd. Ann Karin Tennås Holmen fortalde om Nettverk for innovasjon i offentleg sektor, som samlar over 120 forskarar i landet. Nettverket skal etablere arenaer for å kople saman forskarar, og vera nyttig for offentlige institusjonar. Tatiana Iakolova fortalde om korleis Senter for innovasjonsforskning arbeidar og korleis innovasjon kan nyttast i prosjekt, og om innovasjon på ulike nivå.

Paneldebatt

Thomas Ergo frå Stavanger Aftenblad er ein av journalistane som arbeidar med saka om Siw. Han var med i paneldebatt om saka saman med Sarah Hean (Institutt for sosialfag) og Sverre Nesvåg (Korfor / UiS). Morten Tønnessen (prodekan for forsking ved SV) var ordstyrar både for paneldebatten og programmet elles.

– Som journalist prøver eg å sjå etter problem i samfunnet som er rett framfor oss, men som me ikkje ser eller er i stand til å gjere noko med, sa han i innleiinga til debatten.

Han og ein kollega las eit lass med journalar og snakka med Siws vener og kjente for å finne ut kva som førte til at ho fekk det livet ho fekk og korfor ho døyde.

– Det som er sjokkerende er alt som er nedskrive. Når me leste om vold og misbruk, tenkte me at her vil det bli gjort noko. Men papira blei lagt vekk. Spørsmålet er korleis samfunnet kan forsvare å vite så mykje, og gjere så lite, sa han.

Sverre Nesvåg stilte spørsmål om kva som er utfordringane med slik tenestene er organisert, og viste til at spesifikke problem er enklare å forhalde seg til enn komplekse. Hean spurde kven som hadde ansvar i saka, og peika på at ansvar ikkje berre er ein ting.

– Me kan diskutere kva som er universitetet, som utdannar, sitt ansvar. I Siw-saken er hun behandla med medkjensle. Det er viktig å lære studentane, sa ho.

Går vidare med søknad om etablering

Etter presentasjonane var det gruppearbeid for å diskutere kva forskingstema nettverket bør gå vidare med. Gruppene kom opp med fleire relevante tema, som blir utgangspunkt for vidare arbeid med nettverket sin profil. Det vil òg bli formelt søkt om å få opprette nettverket.

Målgruppa for denne første workshopen var tilsette ved UiS og NORCE. Den neste samlinga er planlagt med eksterne deltakarar i fokus.

Tekst og foto: Karoline Reilstad