MENY

Ingunn T. Ellingsen er blitt professor i sosialt arbeid

Ingunn T. Ellingsen er frå og med 1. desember tilsett som professor i sosialt arbeid ved Institutt for sosialfag.

Ingunn T. Ellingsen. Ingunn T. Ellingsen er tilsett som professor i sosialt arbeid ved Institutt for sosialfag.

Forskingsfeltet hennar er barnevern, og familierelasjonar for barn og unge i fosterheim. Ho har og vore opptatt av foreldre som mister omsorg for barn, og har forska på kva det gjer med dei, deira behov for oppfølging og erfaring frå møte med det offentlege hjelpeapparatet.

– Sosialt arbeid er eit viktig fag, kor ein møter med menneske i utsette posisjonar i samfunnet vårt. Drivkrafta er å bidra til betre livsvilkår for menneske som har det vanskelig og blir stilt framfor sosiale utfordringar i samfunnet, seier ho.

Sjølv om feltet endrar seg og stadig blir meir kunnskapsbasert, er ho opptatt av å ikkje miste nærleiken til dei ein arbeider med.
– Grunnpremissane i sosialt arbeid er relasjonen til dei du arbeider med, kor medverking og deltaking og etikk er viktig, samstundes som du må ha ei god samfunnsforståing.

Breitt internasjonalt nettverk

I vår avslutta ho ei postdoktor-stilling i FACSK (Family Complexity and Social Work), eit stort prosjekt med deltakarar frå åtte land som representerer ulike velferdssystem. No skriv forskarane for fullt på funn om barnevern, migrasjon, mental helse og rus. Dei skal i løpet av neste år utgje ei bok på Policy Press forlag. I tillegg er det allereie publisert ei rekke vitskaplege artiklar frå prosjektet

Tidlegare har ho blant anna gjort datainnsamling i Chile og Mexico, vore på forskaropphald i Kent (England), samarbeidt med Groningen i Nederland og er i ferd med å få på plass eit forskingsopphald ved Sussex University i England.
– Som fagfelt er det viktig at vi ser til andre land og følger med på kva som skjer der. Når ein ser eige velferdssystem med andre briller, oppdagar ein styrkar og utfordringar ein elles ikkje ser, seier ho.

Med i nasjonalt utval

Her til lands har ho vore med å stake ut kursen for sosionomutdanninga, som medlem i eit utval nedsett av Kunnskapsdepartementet. Nyleg leverte dei forslaget til nye nasjonale retningslinjer for sosionomutdanninga. Både UH-tilsette og praktikarar, samt ein studentrepresentant var med i utvalet.

– Det har vore gode diskusjonar om kva utdanninga skal vere, og kva kompetanse sosionomstudentane skal ha etter tre år i utdanninga. Vi har også gjennom høringa i haust fått bekrefta at vi var på rett veg med arbeidet, seier ho.

Ellingsen er og ein av redaktørane for boka «Sosialt arbeid. En grunnbok», som blir brukt på nær sagt alle grunnutdanningane i Noreg, og ho brenn for at studentane får ei god grunnutdanning på universitetet.

– Dei som går ut med bachelor skal ha god fagleg tyngde. Då har dei godt grunnlag for å lære seg ulike metodar og verktøy når dei kjem i arbeid, seier ho.

Ellingsen har og skrive ei rekke vitskaplege publikasjonar, både i nasjonale og internasjonale tidsskrift.

God støtte i balanse-prosjektet

Ellingsen er ei av 21 kvinner som var med i prosjektet «Kvinner til topps – UiS i bevegelse og balanse», kor målet var å auke andelen kvinnelege professorar ved universitetet. For Ellingsen var prosjektet først og fremst ei viktig støtte og pådrivar.
– Det har vore nyttig å møte og diskutere med andre i same situasjon, seier ho.  

Den ferske professoren starta ved institusjonen som høgskulelærar i 2003, så blei det mastergrad i sosialt arbeid i Bodø og i 2011 disputerte ho ved UiS med avhandlinga «Adolescents in foster care and their families».

Tekst og foto: Karoline Reilstad