MENY

Juridisk påfyll for barneverntilsette

– Då eg såg utlysinga, viste eg at eg måtte søke. Nå føler eg meg heldig som har fått plass, seier Sissel Sjåfjell Kyllingmark om vidareutdanninga i juss for barneverntilsette.

Studenter på videreutdanning i juss barnevernfaglig arbeid Denne hausten starta vidareutdanning for barnevernetilsette. Sissel Sjåfjell Kyllingmark Kyllingmark er ein av dei som har fått plass.

Kyllingmark er ein av 32 barnevernstilsette frå heile landet som denne hausten starta på Juss i barnevernfagleg arbeid.

– Juss i barnevernet er utruleg viktig. Eg føler seg heldig som får denne vidareutdanninga, seier ho.

Juridisk påfyll

Den samlingsbaserte vidareutdanninga skal gi deltakarane solid kunnskap om juridisk metode, inkludert rettskjelder, rettsbruk og skjønnsmarginar i barnevernstenesta. Unn Malmin, frå Sandnes, gler seg og til å få juridisk påfyll.

– Juss er relevant for mykje av arbeidet vårt. Eg er her fordi eg ønskjer meir kompetanse, og å bli oppdatert på lovendringar, seier ho.

Vidareutdanninga er ein del av regjeringa si satsing på kompetanseheving i barnevernstenesta. Institutt for sosialfag ved UiS er ein av to utdanningsinstitusjonar i Noreg som tilbyr vidareutdanning i juss i barnevernfagleg arbeid. Målet med studiet er å bygge opp juridisk kunnskap, og slik bidra til å gjere barnevernstilsette tryggare.

Stort behov

Medan grunnutdanninga på bachelor i barnevern inneheld juss, er det mange som ønskjer meir kompetanse for å handtere krevjande og kompliserte saker betre.

– I tillegg blir lovar og krav endra, og for dei som har vore i arbeid lenge har det skjedd store endringar sidan dei ble utdanna. Me ser at denne utlysninga verkeleg har treft eit behov. Studentane ønskjer og fortel at dei verkeleg treng det me leverer, seier emneansvarleg Liv Jorunn Baggegård Skippervik ved Institutt for sosialfag.

Tal og kvalitet på søkarar viser at behovet ute i kommunane er stort. Totalt 100 søkte, og dei som er tatt opp er alle tilsett i kommunalt barnevernsteneste.

– Det er stor bredde i gruppa, og alle har erfaring frå sitt arbeid som dei bringer med seg, seier Baggegård Skippervik.

Får dekkja utgifter

Deltakarane kjem frå Troms i nord til Lista i sør. Deltakarar og arbeidsgivaren deira kan få dekka utgifter til reise, vikar og liknande gjennom Bufdir.

– Det skal ikkje vera eit tap for arbeidsgjevar å sende tilsette hit. Tvert imot har fleire av studentane fortalt at dei kjenner eit ansvar for å lære vidare til kollegaer når dei kjem heim. Slik blir det bra for heile kontoret, seier Baggegård Skippervik.

Studiet er 30 studiepoeng på masternivå. Søknadsfrist for oppstart neste haust vert truleg 15. mai som i år.

Tekst og foto: Karoline Reilstad