MENY

NFR presenterer ny policy

Norges forskingsråd har nyleg lansert sin nye policy på kjønnsperspektiv og kjønnsbalanse i forsking og innovasjon. Torsdag 19. september presenterer spesialrådgjevar Lise Christensen policyen på UiS.

Ope seminar

Nettverk for kjønnsforskning er vertskap og inviterer til ope seminar frå 14.00 til 15.00 torsdag 19. september. Møtet er eit samarbeid med Forening for kjønnsforsking (FoK) og Kilden (kjønnsforskning.no), nasjonalt kunnskapssenter for kjønnsperspektiv og kjønnsbalanse i forsking.

– Policyen angår alle som arbeider med forsking, forskingsleiing eller er interessert i arbeidet med kjønnsbalanse i forsking og innovasjon. Arrangementet er soleis eit særleg viktig tilbod til alle som skriv – og skal skrive – søknadar om forskingsprosjekt frå Forskingsrådet. Det er også viktig for organisasjonen som heilheit å være oppdatert på nye krav og føringar frå forskingsrådet. , seier Ingvil Hellstrand i Nettverk for kjønnsforsking.

Den nye policyen slår fast at Forskingsrådet skal vera ein pådrivar nasjonalt og internasjonalt for å fremje kjønnsbalanse og kunnskap om kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon, systematisk vurdere kjønnsdimensjonen i Forskingsrådets investeringar i forsking og innovasjon samt styrke og utvikle kunnskapsgrunnlaget om kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv for forskings­ og innovasjonspolitikken


Les meir om policyen

 

Sentral aktør i nasjonalt fagmiljø

Det opne seminaret med Forskingsrådet er i samband med at Nettverk for kjønnsforskning og UiS i år er vertskap for det nasjonale kontaktmøtet for kjønnsforskingsfeltet og for det nasjonale fagorgansmøtet. Det er Forening for kjønnsforsking og Kilden som inviterer til kontaktmøte kvart år, men vertskapet går på rundgang blant kjønnsforskingsinstitusjonane. Til samlinga kjem representantar frå kjønnsforskingsmiljø i heile landet for å diskutere sentrale spørsmål og sakar av felles interesse. I tillegg til møte med NFR og kontaktmøtet tek dei for seg tema som studentaktiv læring, og nytt frå fagmiljøa.

– At møtet i år er lagt til Stavanger og UiS er ei fjør i hatten, både for oss i nettverket og for universitetet. Det betyr at vi nasjonalt er ein jevnbyrdig aktør innan kjønnsforskingsfeltet, seier Hellstrand.