MENY

Ny prodekan for forsking ved SV

Morten Tønnessen er frå og med 2. januar prodekan for forsking ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Han skal vera prodekan dei neste to åra.

Morten Tønnessen. Morten Tønnessen er ny prodekan for forskning ved SV.

Tønnessen tek over som prodekan for forsking etter at tidlegare prodekan for forsking, Håvard Hansen, gjekk over i stillinga som instituttleiar ved Norsk hotellhøgskole.

Startar med forskarskulane

Første saka Tønnessen får på bordet er omorganiseringa av phd-utdanninga ved fakultetet. Det er bestemt at det skal vera forskarskular, og no skal detaljane på plass og ordninga   setjast ut i praksis.

– Det er viktig at forskarutdanninga er solid og meiningsfull. Mitt inntrykk er at etablering av forskarskular er bra for fakultetet. Eg kjem til å ha samtalar med avtroppande prodekan, som tok initiativ til endringane, for å finne ut meir om kva han har tenkt og korleis prosessen har vore, seier Tønnessen.

Vidare vil han leggje enda betre til rette for meir tverrfagleg forskingssamarbeid for dei som ønsker det. Sjølv har han hatt stor nytte av andre fag. Nøkkelen er nettverksbygging, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, meiner han.

– I tillegg er det viktig at forskinga vår er synleg for omverda og at me finn relevante folk å samarbeide med.

Tønnessen er ein aktiv forskar, og var i om lag eit år representant for midlertidig tilsette i UiS-styret. Det gav innblikk i korleis UiS blir drive, og korleis forskinga blir organisert.

– I tillegg til å løfte dei beste, er eg opptatt av bredda. Eg er og opptatt av kva forsking gir til samfunnet og korleis forsking kan bidra positivt til samfunnsutviklinga, seier han.

Han meiner universitetet skal ha ei kritisk stemme, og delta i samfunnsdebatten.

– Da må forskarar ha fridom, både når det gjeld kva dei vil forske på og det at dei må få frie tøylar til å delta i samfunnsdebatten.

Tredelt fagfelt

Tønnessen er utdanna filosof, og har doktorgrad i semiotikk (teiknlære) og filosofi frå 2011 frå Universitetet i Tartu i Estland. I tillegg til filosofi og semiotikk, har han arbeida mykje innan feltet biologi. Han har arbeida ved SV-fakultetet sidan 2012, sidan 2016 i fast stilling. For tida er han hovudredaktør for Biosemiotics, eit tidsskrift utgitt av Springer Nature.

Stillinga som prodekan er 50 prosent, resten av tida skal Tønnessen bruke ved Institutt for sosialfag. Der held han fram med forsking og phd-rettleiing, men han skal ha pause frå undervisning medan han er prodekan.

Tekst og foto: Karoline Reilstad