MENY

Presentasjon og debatt kring nye tiltaka for kjønnsbalanse og –perspektiv

Forskingsrådets nye policy er kontroversiell på nokre punkt, men fleksibilitet er nøkkelordet, understreka Lise Christensen då ho presenterte policyen på UiS.

Frå klasserom kor ei kvinne står framfor ei gruppe som sit ved bord.

I sommar lanserte Noregs Forskingsrådet sin nye policy for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv. Den skildrar ulike tiltak for korleis Forskingsrådet skal arbeida for å fremje kjønnsbalanse og kunnskap om kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon. 

Torsdag førre veke presenterte spesialrådgjevar Lise Christensen frå Forskingsrådet den nye policyen på eitt ope seminar ved UiS. Ho fekk med seg mange innspel og spørsmål frå dei frammøtte. 

Fem innsatsområde 

Policyen viser til to hovudutfordringar når det gjeld kjønnsbalanse
i norsk forsking. Den første gjeld rekruttering til toppnivå, som framleis er mannsdominert og kor utjamninga går seint. Den andre utfordringa er fag, profesjonar og spesialiseringar som i stor grad er kjønnsdelte. 

Policyen har fem innsatsområde. Christensen presenterte dei ulike områda og nokre av tiltaka som høyrer til. Det første er «Eksellenssatsingar» som handlar som støtte og utvikling av spissmiljø med høg forskingskvalitet. 

Temaet var med i førre policy, men er no gjort meir konkret. Eit grep er å krevje at institusjonar som sender inn fem eller fleire søknadar om nye senter skal ha minst 40 prosent kvinnelege senterleiarar blant søkjarane. Årsaka er at det står spesielt dårleg til i leiargruppene på sentra. 

Innsatsområde 2 og 3 handlar og om kjønnsbalanse, høvesvis kvinneandelen i næringslivet, og livsfasetilpassa karrierepolitikk. Det siste er eit nytt punkt i policyen. 

- Det er høge forventningar til forskingsproduksjon i ein sårbar periode av livet, sa Christensen og visste til at den perioden ofte fell saman med åra ein stiftar familie og har omsorgsansvar. Noko som mellom anna gjer lange utanlandsopphald vanskeleg for mange. 

- Mykje er opp til institusjonane, men Forskingsrådet bidrar til å peike og pushe i rett retning, sa ho. 

Innsatsområde 4 handlar om kjønnsperspektiv. Nokre av tilhøyrarane etterlyste meir om dette. 

- Vår ambisjon er at kjønn skal integrerast som perspektiv i all forsking som Forskingsrådet finansierer der det er relevant, heiter det i policyen. 

Innsatsområde 5 er ”handlar om læring og sampel” og handlar om korleis Forskingsrådet skal arbeide for å sikre at kompetanse blant tilsette. 

Uendeleg

Den førre policyen gjaldt ein avgrensa periode, er den nye utan sluttdato. Det betyr at den vil bli evaluert at den heller enn å bli avslutta skal bli løpande evaluert. 

- Vi skal evaluere jamleg for å sjå om vi oppnår det vi vil og om policyen fungerer etter hensikta. Og vi vil ha innspel, sa Christensen. 

Ris og ros 

Policyen har blitt mottatt med både ris og ros, og etter presentasjonen på UiS var det mange spørsmål og innspel frå dei frammøtte. Eit gjennomgåande tema var at sjølv om spørsmål om – og tiltak for - kjønnsbalanse no har blitt konkretisert, er det framleis lite handfast korleis kjønnsperspektiv kan nyttast i forskingsprosjekt så vel som i organisasjon- og leiingsstrukturar for å fremje kunnskap om kjønn. 

Seminaret var i samband med at Nettverk for kjønnsforskning ved UiS var vertskap for det nasjonale kontaktmøtet for kvinne- og kjønnsforsking og for det årlige møtet i nasjonalt fagorgan for kjønnsforsking.