MENY

To frå UiS i Akademiet for yngre forskarar

Marte C. W. Solheim og Jørgen Bølstad frå UiS er valde ut som medlemmar i det prestisjefylte Akademiet for yngre forskarar.

Marte C.W.Solheim og Jørgen Bølstad Marte C.W.Solheim og Jørgen Bølstad er nye medlemmar i det prestisjefylte Akademiet for yngre forskarer.

Akademiet for yngre forskarar (AYF) vart oppretta etter initiativ frå Det Norske Videnskaps-Akademi og er ein tverrfagleg møteplass og forskingspolitisk plattform for yngre forskarar.

Akademiet skal vera ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena.

Eksklusivt akademi

Marte C. W. Solheim er førsteamanuensis og leiar for Senter for innovasjonsforsking, medan Jørgen Bølstad er førsteamanuensis ved Institutt for medie- og samfunnsfag. Dei er begge stolte og glade for å ha kome seg gjennom nålauget og no vera medlemmar av det eksklusive akademiet.

– Det er ei stor ære å få vera med. Eg ser fram til å bidra i diskusjonar med yngre forskarar på tvers av institusjonar og fagfelt. Innovasjon skjer i krysningsfeltet mellom ulike typar kunnskap, og det er stas å få vera med og forma akademia framover, seier Solheim.

Det er Bølstad heilt samd i:

– Det er veldig gjevt å få delta. Eg har vore i utlandet i 10 år, så for meg er dette ei moglegheit til å bli betre integrert i det norske forskingsmiljøet, seier Bølstad.

AYF tar opp 12 nye medlemmar i haust.

Mangfald og publiseringspress

Han ser fram til å ha gode diskusjonar om forskingspolitikk, særleg om arbeidsvilkåra til yngre forskarar, og om tema som open publisering og effektane av publiseringspresset forskarar i dag møter.

Solheim trekkjer fram særleg fire interessante tema som ho ser fram til å engasjera seg i: Arbeidskvardagen til yngre forskarar med høg grad av midlertidigheit, mangfald i akademia, utvikling av doktorgradsarbeidet der nytteverdien må gjerast meir relevant for næringsliv og resten av samfunnet, og ikkje minst forskingsformidling som er viktig for å synleggjera relevansen forskinga har.

Aktive forskarar

Marte C. W Solheim forskar på innovasjon, spesielt knytt til mangfald. Ho studerer korleis ulike former for mangfald påverkar ulike former for innovasjon. Ho har sett på mangfald gjennom arbeidserfaring, utdanning, utanlandskfødt arbeidskraft, internasjonale partnarar og samlokalisering i olje- og gassnæringa.

Solheim er ein aktiv føredragshaldar og deltakar i paneldebattar i offentleg og privat sektor. Ho er òg ein del av Sikt-nettverket, initiert av kronprins Haakon, saman med 200 unge talentar og leiarar i Noreg.

Jørgen Bølstad sine forskingsinteresser ligg i skjeringsfeltet mellom politisk psykologi, europeisk politikk og kvantitativ metodologi. Bølstad er den einaste norske forskaren som har publisert ein eineforfatta artikkel i det fremste metodetidsskriftet innan statsvitskap. Undervisningsansvaret hans  ligg hovudsakleg i områda politisk åtferd og komparativ politikk, og dessutan kvantitativ metode og datavitskap.

Han starta ved Universitetet i Stavanger i 2019 etter tidlegare å ha vore knytt til Universitetet i Oslo, Swiss Federal Institute of Technology (ETH Zurich), Harvard University, European University Institute (EUI) og London School of Economics (LSE).

– Gode føredøme

Rektor Klaus Mohn ved UiS er strålande fornøgd når han får nyheita.

– Dette er ei fin fjør i hatten for to av våre unge forskarar – og for UiS. Marte Solheim og Jørgen Bølstad har begge vist at dei har det som trengst for å slå gjennom, på den akademiske forskingsfronten og i allmenta. Med stort pågangsmot har dei markert seg, kvar på sitt fagfelt, nasjonalt som internasjonalt, seier Mohn.

Han meiner engasjementet deira for formidling og samfunnskontakt gjer dei til gode føredøme for ungdom og studentar som vurderer å velja ei karriere innan forsking og høgare utdanning.

– Akkurat slike forskarar treng me fleire av i tida som kjem, seier Mohn.

Gjer yngre forskarar ein viktig arena

Akademiet for yngre forskarar er ope for forskarar frå alle fagområde i heile Noreg. Deltakarane må ha betydeleg og sjølvstendig vitskapleg eller kunstnarisk utviklingsarbeid å visa til, og dessutan ha markert seg aktivt og fagleg innanfor eige fagfelt, vera interessert i og ha moglegheit til aktivt å delta i virket til akademiet og ikkje fylje meir enn 38 år i opptaksåret. Medlemskapet varer i fire år.

Akademiet vart stifta i 2015. Det inkluderer 34 yngre forskarar som arbeider i Noreg og inntil 10 internasjonale medlemmar som arbeider i utlandet, men som tilhøyrer eit norsk forskingsmiljø. Akademiet skal vera tverrfagleg samansett, ha brei geografisk representasjon og jamn kjønnsfordeling. 

Tekst: Benedicte Pentz
Foto: Mari Hult