MENY

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet

Fakultetet utdannar kandidatar innafor realfag og ingeniørfag og utfører verdiskapande forsking og innovasjon. TN-fakultetet tilbyr teknisk-naturvitskaplege utdanningar på både bachelor-, master og doktorgradsnivå, i tillegg til årsstudium.

Illustrasjonsbilde fra laboratorium.

Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet har om lag 2880 studentar og 370 tilsette fordelt på syv institutt:

Data- og elektroteknologi
Energi- og petroleumsteknologi
Energiressursar
Kjemi, biovitskap og miljøteknologi
Maskin, bygg og materialteknologi
Matematikk og fysikk
Sikkerheit, økonomi og planlegging

Utdanning

Fakultetet tilbyr teknisk-naturvitskapelige utdanninger på både bachelor- master- og doktorgradsnivå, i tillegg til årsstudier. Følg lenkene for å lære meir om våre studietilbod i ingeniørfag og realfag.

Forsking ved fakultetet

Forskinga, som til dels er i verdsklasse, er delt inn i desse tematiske satsingsområda for perioden 2017-2020:  

  • Olje og energi  
  • Hav  
  • Helse  
  • IKT og infrastruktur  
  • Sikkerheit 

I tillegg kjem satsingar på særs framifrå forskingsmiljø. 

Satsingsområda er strategisk valde for å følge opp endringar i samfunnet og behov for ny kunnskap innanfor våre kjerneområde: naturvitskap og teknologi. Dei representerer område i samfunnet der behovet for ny kompetanse og ny teknologi er stort. Innanfor dei tematiske satsingane har fakultetet både fagleg tyngde og føresetnadar for å utfordre det velkjende og utforske det ukjende.  

Olje og energi: effektiv og miljøvennleg utvinning av olje og gass, fornybar energi, energieffektivisering, smarte energisystem og karbonfangst- og lagring.  

Hav: teknologi for drift og design av marine konstruksjonar, havbruk og biologiske og kjemiske prosessar i havet.  

Helse: medisinsk teknologi, biomedisin og e-helse/velferdsteknologi.  

IKT og infrastruktur: digitalisering, datavitskap, IKT-sikkerheit og infrastruktur for smarte byar.  

Sikkerheit: risikostyring og samfunnssikkerheit 

Ei målsetting for dei tematiske satsingsområda er å bygge opp og utvikle fleire faggrupper med høg internasjonalt anerkjend kvalitet. Meir samarbeid på tvers av fagdisiplinar, institutt og med andre fakultet er viktig for å lukkast.