Skip to main content

KÅKÅnomics-konferansen for økonomisk politikk 2021

Thursday 28 October 2021 09:00-14:30,
Odeon Kino i Stavanger,
Kinosal 1.

Årets konferansetema: Politikk for ein post-pandemisk petroleumsøkonomi

Publisert: Endret:

KÅKÅnomics 2021

Mens koronakrisa tapar terreng for intens vaksinering og gryande flokkimmunitet, er norsk økonomi på veg ut av det største økonomiske tilbakeslaget sidan finanskrisa i 2008. Krisepakkane frå regjeringa har hjelpt på, og aktivitet og sysselsetting er no i ferd med å ta seg opp både i oljeverksemda og i resten av økonomien.

Eit spørsmål som treng opplysing er om den økonomiske politikken er godt tilpassa på kort til mellomlang sikt. Vidare skal me drøfte om Noreg er klar for omstillinga som melder seg når lufta går ut av olje-ballongen, og kva rolle næringspolitikken kan spele i denne samanhengen. Sist, men ikkje minst kjem me innom klassikaren «Kva skal me leve av i framtida?».

Ein særs sterk kohort av økonomar frå akademia, næringsliv og organisasjonslivet set søkelys på samspelet mellom økonomi og politikk i det koronakrisa forsvinn i bakspegelen og oljeøkonomien går mot omstilling.

Denne konferansen vil du ikkje gå glipp av i 2021!

Program

09.00 – 09.10: Åpning

Møteleiar Kjetil Alstadheim, politisk redaktør, Aftenposten

09.10 – 10.00: Perspektiv for norsk økonomi

Hovudtalar frå politikk eller embetsverk, Finansdepartementet  Førebudde kommentarar (á 8 minutt) – Karen Helene Ulltveit Moe, professor, Universitetet i Oslo – Roger Bjørnstad, sjeføkonom LO – Øystein Dørum, sjeføkonom Næringslivets hovedorganisasjon Spørsmål og kommentarar (10 minutt)

10:00 – 10:15 Kaffipause

10.15 – 11.30 Kor går vegen ut av Korona-krisa?

– Utsikter og utfordringar: Kjersti Haugland, sjeføkonom, DNB – Staten som støttekontakt: Gisle James Natvig, professor, Handelshøyskolen BI – Arbeidsmarknaden: Knut Røed, seniorforskar, Frischsenteret – Finans- og pengepolitikk: Steinar Holden, professor, Universitetet i Oslo Fire korte innlegg á 15 minutt + 15 minutt samtale

11:30 – 12.15 Lunsj

12.15 – 13.30 Når ressursboomen går i revers: Er Noreg klar?

– Knut Anton Mork, professor, NTNU – Hilde C. Bjørnland, professor, Handelshøyskolen BI – Ellen Bakken, sjeføkonom, Norsk olje og gass – Torfinn Harding, professor, Handelshøyskolen ved UiS Fire korte innleiingar + paneldebatt og interaksjon med salen

13.30 – 14.30 Kva skal me leve av?

– Innovasjon, produktivitet og økonomisk vekst, Jørn Rattså, professor, NTNU – Forsking, kompetanse og kunnskap, Ann Kjersti Fahlvik, Områdedirektør, NFR – Eit hav av høve, Ragnar Tveterås, professor, Handelshøgskolen ved UiS Tre innlegg á 20 minutt + spørsmål og kommentarar frå publikum

14.30 Slutt

Billetter og festivalprogram

Kjøp billetter til konferansen på KÅKÅnomics nettsider.

Festivalprogrammet slippes fortløpende på www.kknomics.no

Handelshøgskolen ved UiS er partner og medarrangør av økonomifestivalen KÅKÅnomics 2021.

Fleire arrangement under KÅKÅnomics 2021:

KÅKÅnomics 2021

Nordens første, beste og morsomste økonomifestival

Viktig informasjon i samband med Covid-19

  • KÅKÅnomics følgjer til ein kvar tid retningslinjene til Helsedirektoratet og kommunen for gjennomføring av kulturarrangement.
  • Pga. behovet for smittesporing må du kjøpe billett på førehand. Billettene må vera registrert med fullt namn og kontaktinfo til den som skal bruka billetten. Dette registrerer du i Linticket ved billettkjøp.
  • Pga. Covid-19 og gjeldande smittevernreglar må du med festivalpass likevel reservere plass til det enkelte arrangementet som du planlegg å delta på. Sjå etter billettkategorien «Med festivalpass» på nettsida til det enkelte arrangementet.
  • Festivalpasset er personleg og kan ikkje brukast til å kjøpe fleire enn éin billett i kategori «Med festivalpass».
  • 1-meterregelen gjer at KÅKÅnomics 2021 førebels opererer med noko redusert publikumskapasitet. Vis omsyn, hold avstand, og vask hendene hyppig og grundig.
  • Det kan førekomme enkelte endringar i programmet pga. Covid-19 som ikkje vil bli kompensert for. Ved avlysning vil billettkjøparar få tilbod om refusjon.