Skip to main content

Språk og litteratur i tid og rom - med vekt på ungdomstrinnet MGL2122

Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 5-10 med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir bakgrunn for og omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne. Det gir også djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål om norskundervisninga på mellomtrinnet og ungdomstrinnet, i tillegg til betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med å situere språk og tekstar i tid og rom, får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. 


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Course code

MGL2122

Version

1

Credits (ECTS)

15

Semester tution start

Vår

Number of semesters

1

Exam semester

Vår

Language of instruction

Norsk

Offered by

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora , Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
  • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
  • har omfattande kunnskap om norsk som første- og andrespråk.

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med fiksjons- og sakprega tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur-, identitets- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
Innhald

Samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid står er eit omdreiingspunkt for emnet "Språk og litteratur i tid og rom med vekt på ungdomstrinnet". Gjennom emnet arbeider studentane med norskfagets plass og eigenart som skulefag og studiefag. Emnet vil tydeleggjere for studenten korleis  språk, kultur, litteratur, identitet og danning står sentralt for elevane si utvikling gjennom heile skuleløpet, men med vekt på ungdomstrinnet.  

Språk og tekst er nøye samanvevd med og i tid og rom. Desse forholda blir bretta ut gjennom kontekstualisering og aktualisering. Det gjeld arbeid med tekst, litteratur og kultur, og arbeid med munnleg og skriftleg kommunikasjon og interaksjon - både i samanhengar i og utanfor skulen. Tekstarbeid omfattar også multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium. 

Identitetsutvikling og daning står sentralt i norskfaget, både norskfaget som studiefag og norskfaget som undervisningsfag i skulen. Det inneber at skapande aktivitetar og kritiske tilnærmingar og refleksjonar både handlar om studenten si eigenutvikling og studenten sin didaktiske refleksjon i og etter møtet med praksis. Slik blir kunnskapsmåla og ferdigheitsmåla i emnet knytte saman.   

Forkunnskapkrav
MGL2120 Litteratur, lesing, samtale - med vekt på mellomtrinnet, MGL2121 Norsk 1, emne 2: Språkstrukturar og tekstskaping - med vekt på mellomtrinnet
MGL2120 Litteratur, lesing, samtale - med særleg vekt på mellomtrinnet, MGL2121 Norsk 1, emne 2; Språkstrukturar og skriving - med særleg vekt på mellomtrinnet 
Exam
Form of assessment Weight Duration Marks Aid
Munnleg presentasjon 1/1 30 Minuttar A - F

Førebudd munnleg, individuell presentasjon på 15 minutt ut frå oppgitt tema, med etterfølgande spørsmål og samtale på 10 minutt. Temaet blir tildelt 1 døgn før presentasjon. Det er ikkje fritak for målform på norsk 2. 

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatoriske øvingar, Obligatoriske frammøte

Det er 70% obligatorisk frammøte i dette emnet.
Arbeidskrav: Praksisprosjekt i gruppe der studentane ut frå avtalt tema, innlevert prosjektskisse og tilbakemelding frå faglærar og praksislærar, utviklar eit norskdidaktisk undervisningsopplegg på om lag tre timar. Opplegget skal byggje på norskfagleg relatert teori og metode. Studentane skal i etterkant gje ein 20 min. munnleg presentasjon der dei reflekterer over erfaringane. Arbeidskravet må vere godkjent for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.

Studentar som får arbeidskravet vurdert til ikkje-godkjent, får mogelegheit for éi ny innlevering i omarbeidd form.

Fagperson(er)
Faglærar: Hanne Egenæs Staurseth
Emneansvarleg: Gølin Christine Kaurin Nilsen
Faglærar: Sofija Christensen
Faglærar: Åsmund Hennig
Studiekoordinator: Ivar Bjørnsen
Studiekoordinator: Kjersti Gjedrem
Arbeidsformer
Førelesingar med seminar og gruppearbeid
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med det gjeldande kvalitetssystemet for UiS.
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto