
Utvikling av algoritmisk tenking gjennom programmering med Scratch i grunnskolen
Det finst fleire digitale ressursar og verktøy som lærarar bruker for å støtte opp om elevers læring og utvikling av algoritmisk tankegang. Eit digitalt verktøy som er mykje brukt er «Scratch», eit gratis tilgjengeleg, visuelt programmeringsspråk som kan brukast online eller lastast ned. Det systematiske kunnskapsoversynet som blir presentert i dette forskingsnotatet er ei oppsummering av internasjonal forsking på korleis Scratch kan lære elevar algoritmisk tenking. Resultata viser at Scratch både fremmer og gjer synleg elevane si evne til algoritmisk tenking. I tillegg gir verktøyet lærarane moglegheit til å evaluera korleis elevane løyser problem ved hjelp av algoritmisk tenking.